Hopp til innhold

Glad for at bloggaren blei pågripen

Trugslar mot politiet er eit aukande problem. Leiaren i Politiets Fellesforbund er glad for at Eivind Berge er blitt pågripen.

Arne Johannessen

Leiar Arne Johannessen er glad for at trugslar mot polititjenestefolk blir tatt på alvor.

Foto: Stig Jarvik / NRK

Bloggar Eivind Berge blei onsdag pågripen av politiet i Bergen. Fredag blei han varetektsfengsla i to veker .

På bloggen sin har Berge blant anna oppmoda til drap på politifolk. Desse ytringane er den siste tida blitt meir og meir ekstreme og konkrete, og politiet i Bergen valde difor å pågripa han.

– Eg er veldig glad for at dei tar det så alvorleg at dei pågrip han. Det er veldig viktig å ta slike trugslar på alvor. Det er diverre ikkje første gong ein ser at det blir fremma trugslar mot politiet, og det er viktig å ta det på alvor, seier leiar Arne Johannessen i Politiets Fellesforbund (PF) til NRK.

Meir trugslar og vald mot politiet

Johannessen er for tida på ferie og kjenner ikkje detaljane i saka i Bergen, men trugslar mot politiet er blitt eit kjent problem for PF.

– Trugslar mot politiet har diverre auka. Vald mot politiet har også auka, difor er det viktig å ta slike ting på alvor, seier Johannessen.

Pågripinga av bloggaren i Bergen er ei politisak som må etterforskast på vanleg måte, men PF vil følgja utviklinga i saka.

Usikre på om andre er involvert

– Me som forbund følgjer nøye utviklinga når det gjeld trugslar mot politifolk, og har eit godt samarbeid med arbeidsgivar i forhold til desse sakene. Det viktigaste for oss er at sakene blir tatt på alvor og følgd opp på ein god måte, seier Arne Johannessen.

Politiadvokat Rudolf Christoffersen sa fredag til NRK at politiet er usikre på kor mange sympatisørar Eivind Berge har, og om andre er involvert.

Under pågripinga av Berge beslagla politiet fleire harddiskar og andre gjenstandar som vil bli undersøkt i den vidare etterforskinga.