Ein lekter har grunnstøytt i Høgefjellet naturreservat på Stadlandet, men korleis kategorisere betongkolossen?
Det er den juridiske nøtta som har ført til strid og uvennskap mellom Kystverket og Stad kommune sidan grunnstøytinga 21. august.
Kapteinen på slepebåten er sidan sikta for å ha vore påverka av alkohol.
Tysdag morgon sende kommunen ut pressemelding der dei kritiserer den statlege etaten langs to spor.
Dels handlar det om tidsbruken til Kystverket, og dels handlar det om korleis dei tolkar lovverket.
Rundt 10.000 liter diesel har runne i sjøen etter at ein fôrflåte grunnstøytte mellom Høgefjellet naturreservat.
Foto: Jon FrognerBetongkolossen veg 2100 tonn, og ein av metodane som blir vurderte er å la dønningane herje med konstruksjonen til han er splintra opp i meir handterlege delar.
Foto: Jon FrognerEtter fram og tilbake er det avklart at det er Stad kommune – og ikkje Kystverket – som skal sjå til at eigaren av den havarerte fôrflåten ryddar opp etter seg.
Foto: Jon Frogner
– Flåten vert malt opp mot berget
9. september – altså 20 dagar etter grunnstøytinga – konkluderte Kystverket med at det juridiske ansvaret med å følge opp saka skal ligge hos Stad kommune.
Forklaringa er at Kystverket ikkje reknar betongkolossen som ein del av slepebåten som gjekk på grunn, og at fôrflåten derfor er for ekstraavfall å rekne.
Om den grunnstøytte lekteren blei definert som ein del av den forulykka eininga, ville det falle på Kystverket å følge opp saka vidare.
Om lekteren i staden blir definert som avfall eller søppel, seier Forureiningslova (sjå under) at kommunen har ansvaret.
Juristane hos Kystverket konkluderte med det siste.
Den tolkinga stiller kommunen seg «uforståande» til.
– Sjølv om flåten no kan sjåast som avfall, er det framleis ei ureiningssak, som kan føre til miljøskade. Slik flåten no ligg vert han malt opp mot berget og representerer ureining i eit verna område, skriv dei.
Les heile klaga under.
– Sjølv om Stad kommune er usamd i Kystverket sine vurderingar, vil vi straks gå i gang med å varsle pålegg om fjerning og tvangsmulkt, seier fungerande ordførar i Stad kommune, Judith Kvåle.
Foto: Stad kommune– Uforståeleg at det skal ta tre veker å bestemme
Til sist ironiserer kommunen over at det tok «ein stor statleg aktør som Kystverket fleire veker å konkludere i ei så alvorleg sak som dette.»
– Etter vårt syn burde varsel om pålegg om fjerning vore sendt ut like etter hendinga.
Blant naturvernorganisasjonar er reaksjonane om noko enda krassare.
– Det er uforståeleg at det skal ta Kystverket tre veker å bestemme kven som har det juridiske ansvaret. Spesielt når dei endar opp med peike på nokre andre, seier Greenpeace-leiar Frode Pleym.
– Dette er 20 tapte dagar!
Generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet, Karoline Andaur, meiner den grunnstøytte lekteren bør reknast som eit skipsvrak på linje med «vanlege» båtar.
Sjå fleire reaksjonar under.
- Marit Kolberg
Erik Røsæg, professor i havrett, Universitetet i Oslo
Det er ganske vanleg at skipsvrak blir rekna som «avfall», men i alle fall i dette tilfellet passar det dårleg med definisjonen i lova «lausøyregjenstandar eller stoff som nokon har kassert». Hadde det vore ein oljelekter, hadde nok Kystverket tatt ansvar. Det heile verkar som eit forsøk på ansvarsfråskriving frå Kystverket. Reglane bør etter mitt syn strammast opp her.
- Elin Eike Worren
Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet
Nå må ikkje offentlege instansar berre peike på kvarandre. Vi meiner at slike slep som kjem på avvegar burde bli sett på som skipsvrak og handtert på tilsvarande måte av Kystverket. Samtidig er det viktig at eigaren av ein slik lekter tar sin del av ansvaret. Det viktigaste her er å finne løysingar som raskast mogleg fjernar vraket frå naturreservatet.
- Richard Aune
Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet
Eit slep er eit fartøy, og ein havarert del av eit fartøy er jo sjølvsagt framleis eitt fartøy, ikkje kommunalt avfall, og da sjølvsagt innanfor Kystverkets ansvarsområde. Viss dette er uklart for Kystverket, må regjeringa snarast klargjere reglane.
- Johanna Hanno / NRK
Frode Pleym, leiar i Greenpeace Noreg
La oss seie at det skjer ei større, pågåande miljøulykke i eit sårbart naturreservat på land. Vil det da ta like lang tid å bestemme kven som har juridisk ansvar for å følge opp? Det tviler eg på. Vi behandlar naturen på land skikkeleg dårleg, og kysten og havet vårt enda verre.
- Leif Rune Løland
Kenneth Bruvik, styreleiar i Framtidshavet
Denne kolossen må vekk, og det nå! Den skaper berre enda større problem om den går i oppløysing. Vidare handlar dette om presedens og tilliten til myndigheitene. Den blir utvatna om ikkje dette får konsekvensar. Få den vekk!
- Elias Engevik
Bjarte Engevik, dagleg leiar i Fjordane Friluftsråd
På generelt grunnlag er det uheldig at ein i slike saker ikkje raskt kan ta naudsynte avgjerder og tiltak av omsyn til det marine miljøet.
- Wilhelm Sverdvik
Helge Eide, direktør i KS
Eg tar kommunen si vurdering til etterretning. Eg har stor forståing for påpeikinga til kommunen av tida som gjekk med før Kystverkets avklaring låg føre.
- NRK
Berit Flåmo, leiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Måsøval
Vi jobbar med alle som er involverte her, uavhengig av kven som formelt har ansvaret. Alle ønsker å få fjerna denne flåten så raskt som mogleg. Vi og forsikringsselskapet henta etter grunnstøytinga raskt inn uavhengige ekspertar for å vurdere korleis det blir gjort best. Deira vurdering er at det ikkje er trygt å jobbe med flåten, slik han ligg. Det er det som er utfordringa nå.
Kystverket: – Vi skal sjølvsagt hjelpe til
NRK har vore i kontakt med Kystverket, som uttrykker «stor forståing for at dette er ei krevjande sak for Stad kommune».
Direktør for miljøberedskap, Hans Petter Mortensholm, forklarer at Kystverket ikkje har andre val enn å legge forureiningslova til grunn, «og det er gjort i denne saka».
Han legg til:
– Vi skal sjølvsagt hjelpe til med kompetanse frå saker vi har hatt ansvaret for tidlegare. Først og fremst er det eigar som har ansvaret for å rydde opp.
Eigar av det havarerte vraket er oppdrettsselskapet Måsøval, som ikkje var ansvarleg for slepet som gjekk gale.
– Vi jobbar med alle involverte, uavhengig av kven som formelt har ansvaret. Alle ønsker å få fjerna denne flåten så raskt som mogleg, seier samfunnskontakt i selskapet, Berit Flåmo.
Ho presiserer at det berre er spørsmål knytt til sikkerheit – og ikkje juridiske eller økonomiske avklaringar – som gjer at oppryddinga har late vente på seg.
Vraket av den gamle taubåten «Lomax» lå i fleire år midt i innseilinga til Bergen.
Den russiske trålaren «Petrozavodsk» grunnstøytte ved Bjørnøya 2009. Der blei han liggande fordi det var for farleg å sette i verk vrakberging. Men det blei brukt store ressursar på å fjerne dei mest forureinande komponentane.
Vraket etter trålaren «Northguider» som grunnstøytte 2018 ved Nordaustlandet på Svalbard blei fjerna i fleire mindre stykke i ein krevjande operasjon.