Hopp til innhold

Kaptein sikta etter ulykka på Stad

Fem personar vart plukka opp frå ein taubåt med lekter på slep som hadde køyrt på eit skjær utanfor Stad. No er kapteinen sikta.

Slepebåten blir slept til kai i Måløy av redningsskøyta Idar Ulstein

Ein slepebåten blir slept til Måløy av redningsskøyta «Idar Ulstein».

Foto: Ivar Strømmen

Ifølge politioverbetjent i Vest politidistrikt, Roger Grundersen, blei mannskapen testa for ruspåverknad. Ein av dei fekk påvist promille etter blåsetest.

BT skriv i dag at kapteinen er sikta etter ulykka. Politiadvokat Kjetil Linge Tomren seier til avisa at det er mistanke om navigering av båten i ruspåverka tilstand.

Politiet har også sikra seg blodprøve av vedkomande, ein mann i 30-åra.

– Mannskapet er ikkje avhøyrt enno, men vi tek sikte på å få gjort det, seier Helge Blindheim, operasjonsleiar i Vest Politidistrikt.

Redningsaksjon ved Hoddevika

Redningsskøytene «Idar Ulstein» og «Simrad Buholmen» rykte ut til havaristen utanfor Hoddevika.

Foto: Redningsselskapet

Kystradioen fekk den dramatiske meldinga frå slepebåten like over klokka 23 tysdag kveld. Meldinga gjekk då også på at slepebåten var byrja å ta inn vatn.

Ein taubåt frå eit reiarlag i Møre og Romsdal gjekk på skjæret utanfor Hoddevika i Stad kommune.

– Dei hadde mista maskinkrafta og gjorde seg klare til å gå i ei flåte, fortel redningsleiar Erik Willassen ved Hovudredningssentralen i Sør-Noreg.

Det vart sendt ut mayday relay via kystradioen, og både båtar og luftressursar vart sende til staden.

Ein halvtime seinare var personen om bord i lekteren og dei fire om bord i slepebåten «Waterlord» berga med helikopter.

Redningsaksjon utanfor Hoddevika.

Det var ikkje dårleg vêr då taubåten grunnstøytte.

Foto: Redningsselskapet

– Slepebåten sleppte anker, så den heldt seg frå land, men det var ikkje store avstandar. Den var ganske nærme land då dei vart evakuerte, seier Willassen.

Mannskapet om bord vart floge til land, der dei vart tekne imot av politi og folk frå ambulansetenesta.

Stadhavet og området rundt Stadhalvøya er kjent for å vere vêrhardt. Det er ikkje klart kvifor taubåten gjekk på grunn.

– Det var noko vind og noko sjø, men ikkje uvêr, seier Willassen.

Slepebåten fekk hjelp av redningsskøyta «Idar Ulstein» med å koma seg til Måløy.

Slepebåten fekk hjelp av redningsskøyta «Idar Ulstein» med å koma seg til Måløy.

Foto: Erling Waage

Taubåten er no slept til Måløy, medan lekteren har sokke. Politiet har tatt beslag i båten for å undersøke nærmare.

Reiarlaget har ikkje hatt høve til å svare på spørsmål frå NRK.