Hopp til innhold

Jernbanedirektøren vil utsetta bygging av nye Bergensbanen i 13 år

Staten har kjøpt 35 hus som må rivast. Bygginga av rassikker jernbane aust for Bergen skulle starta neste år. Men no vil Jernbanedirektoratet utsetta det til etter 2036.

Tog på Bergensbanen treft av jordras i Vaksdal

RASFARLEG: Det har opp gjennom åra gått eit utal ras over europavegen og jernbanelinja mellom Bergen og Voss. Dette raset i 2015 trefte toget.

Foto: Hans-Erik Ringkjøb

Å utsetta prosjektet i 13 år er ikkje eit alternativ og kan ikkje bli ståande.

Det seier ordførar Hege Eide Vik (Sp) i Vaksdal.

I mange år har både lokale, regionale og nasjonale politikarar kjempa for to store utbyggingar som vil gjera Bergensbanen raskare og tryggare:

  • Ringeriksbanen, med ny tunnel mellom Oslo og Hønefoss, vil kutta reisetida på Bergensbanen med om lag éin time.
  • Ny jernbanetrasé mellom Arna og Stanghelle aust for Bergen er nødvendig for å gi rassikker togtransport på ei strekning som er svært utsett for ras. Viss det seinare også blir bygd ny trasé Stanghelle-Voss, blir reisetida Bergen-Voss redusert frå 63 til 24 minutt.

– Tidenes skuffelse

Utbygginga Arna-Stanghelle har heile tida vore planlagd som ei felles utbygging av ny E16 og ny jernbane parallelt, der tunnelane skal fungera som rømmingsvegar for kvarandre.

31. mars – siste dag før palmehelga – vart det politisk storm mot at Statens vegvesen ikkje ville prioritera ny E16 på den strekninga.

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) kalla det «tidenes skuffelse – så sjokkerande at eg har problem med å finna ord på sinnet mitt.»

Han meiner det same om at også Jernbanedirektoratet nedprioriterer Arna-Stanghelle i sitt innspel til oppdatert Nasjonal transportplan (NTP) for åra 2025-2036.

Med dei økonomiske rammene frå regjeringa meiner direktoratet at begge storutbyggingane på Bergensbanen må utsettast.

  • Arna-Stanghelle aust for Bergen får ikkje byggestart før etter 2036.
  • Ringeriksbanen Oslo-Hønefoss får tidlegast byggestart etter 2030.

– Store prosjekt må skuvast noko ut i tid, seier jernbanedirektør Knut Sletta.

20230303_130445_KNUT_SLETTA

Jernbanedirektør Knut Sletta prioriterer vedlikehald framfor nye utbyggingar på Bergensbanen eller andre stader.

Foto: Jon P Petrusson / NRK / Jon Petrusson

Vedlikehaldsetterslep

Dei store prosjekta på Bergensbanen blir sett på vent for å skaffa penger til drift og vedlikehold og få bukt med alle innstillingane og forseinkingane som skuldast gamle anlegg.

At dei store prosjekta på Bergensbanen er skovne ut i det uvisse, skuldast eit klart val frå Jernbanedirektoratet og Bane Nor.

Dei vil heller ta vare på det dei har enn å setta i gang nye prestisjeprosjekt.

– Me proriterer å gjennomføra det som er sett i gang av tilbodsforbetringar. Samtidig prioriterer me driftsstabilitet gjennom fornying og vedlikehald, seier Sletta.

NRK har tidlegare fortald at jernbanen forfell raskare enn Bane Nor rekk å fornya gamle anlegg. Særleg i og rundt Oslo blir tusenvis av reisande ramma når toget står fordi slitne køyreleidningar ramlar ned og gamle signalanlegg sviktar.

– Me må jobba for å få ned vedlikehaldsetterslepet for å auka regulariteten for toga, seier Sletta.

Håp og vonbrot

Kampane for utbetring av Bergensbanen har vore ein fleire tiår lang berg-og-dal-bane av politiske lovnader og løftebrot.

Særleg den 150 år gamle visjonen om Ringeriksbanen, som framleis ikkje er i mål.

I fjor vår låg det likevel an til at byggearbeida på Arna-Stanghelle kunne starta i 2023-2024. To månadar seinare plasserte Jernbanedirektoratet strekninga Arna-Stanghelle heilt øvst på ønskelista si.

Og nesten alt grunnervervet er ferdig:

Staten er nesten ferdig med å kjøpa ut 38 bustadar som må rivast. Eksproprieringa vil kosta staten rundt 200 millionar kroner.

Men utpå hausten i fjor varsla regjeringa at ho ikkje ville setta av midlar til byggestart verken i 2023 eller 2024.

Les også Ringeriksbanen utsatt igjen: – Det er helt uakseptabelt

Ringeriksbanen

13 år til

Og no finn altså Jernbanedirektoratet ikkje rom for Arna-Stanghelle dei neste 13 åra.

– Den vil krevja ei høgare økonomisk ramme for å kunna bli realisert i andre seksårsperiode av NTP, seier Sletta.

At Arna-Stanghelle har gått frå høgste prioritet i fjor til å falla ut av lista no, forklarer han slik:

– I porteføljeprioriteringa i fjor la me vekt på at Arna-Stanghelle var prosjektet som var kome lengst i planlegginga. I NTP-prioriteringa er samfunnsøkonomisk nytte eit viktig kriterium, og der er Arna-Stanghelle vurdert lågare enn andre prosjekt

Skisse som viser E16 og Bergensbanen i fremtiden, vei og bane ved siden av hverandre

Ny E16 og dobbelspora jernbane er planlagd mellom Arna og Stanghelle aust for Bergen, stort sett i tunnel heile vegen.

Foto: Red Ant/Statens vegvesen

Vegvesenet: – Eg er spent

Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen forklarer slik kvifor dei ikkje prioriterer Arna-Stanghelle sjølv om prosjektet er så godt som «gryteklart»:

– Me har gitt innspel til NTP ut frå svært stramme rammer frå Samferdselsdepartementet, seier

– Kor alvorleg er det at de ikkje prioriterer prosjektet?

– Det er ikkje meir alvorleg enn at me har svart på ei oppgåve frå departementet. Kva det endelege svaret blir om Arna-Stanghelle, avgjer Stortinget om eitt år.

Han understrekar at vegvesenet blir styrt av dei årlege statsbudsjetta og andre politiske signal.

– Regjeringa startar ingen nye prosjekt i 2023, rett og slett fordi statsøkonomien er utfordrande.

Kjell Inge Davik, Statens vegvesen

Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen ønskar utbygginga Arna-Stanghelle, men har ikkje prioritert den i sitt innspel til ny Nasjonal transportplan.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Davik er likevel optimist, og viser til at ny veg og jernbane Arna-Stanghelle var det einaste prosjektet som fekk ekstraløyvingar i regjeringa sitt forlik med SV om statsbudsjettet for 2023.

– Det er me veldig glade for. Då kan me halda fram førebuingane fram mot anleggsstart. Eg er spent på kva som står om dette prosjektet i 2024-budsjettet som regjeringa legg fram i oktober.

Han kan ikkje svara på kva som skjer viss Arna-Stanghelle blir stoppa, etter at 38 bustadhus er eksproprierte.

– Det blir eit hypotetisk spørsmål. Det er heilt vanleg av me eksproprierer eigedommar sjølv om det ikkje er tatt politisk investeringsavgjerd. Det må til for å kunna starta eit prosjekt.

Prosjektleiaren: – Jobbar vidare

Katrine Erstad er prosjektleiar for fellesprosjektet for ny veg og jernbane Arna-Stanghelle.

– Me jobbar vidare som planlagd fram til situasjonen er avklart politisk. I og med at me har fått 200 millionar kroner for 2023.

Når det gjeld ekspropriering, seier ho at av dei 38 huseigarane gjenstår berre tre som staten ikkje har inngått avtale eller er i dialog med.

– Men ingen av husa er rivne enno. Mange huseigarar bur der framleis, med ein dato for fråflytting.

Erstad syns ikkje planleggingsarbeidet har vore forgjeves når rammene frå departementet gjer at verken Jernbanedirektoratet eller Statens vegvesen prioriterer Arna-Stanghelle i sine NTP-innspel.

– Me er politisk styrte og er vane med det.

Hege Eide Vik

– Å utsetta ny jernbane og E16 Arna-Stanghelle i 13 år er ikkje eit alternativ, seier Vaksdal-ordførar Hege Eide Vik.

Foto: Mette Anthun

Liv, helse og nytte

Vaksdal-ordføraren godtar ikkje utsettingsforslaga frå verken Statens vegvesen eller Jernbanedirektoratet.

– Det er brei politisk semje om dette prosjektet. Dagens veg og bane kan ikkje rassikrast. Då må ny trasé komma snarast for å sikra liv og helse og føreseielege reisevilkår for menneske og varetransport, seier Vik.

Ho meiner kriteriet om samfunnsøkonomisk nytte som Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet brukar, gir feil utslag.

– Me må prioritera liv og helse når me skal bruka avgrensa midlar på samferdsel, og rundt dei store byane og mellom Norges to største byar må me satsa på tog. Det er stor verdiskaping på Vestlandet, og det vil vera vel anvende pengar å investera i føreseieleg veg og bane for å sikra transport mellom Bergen og Oslo.

Vik meiner dei økonomiske rammene regjeringa har gitt for samferdsleutbygging er for tronge.

– Skal me få til ei slik satsing, må det løyvast meir pengar til jernbane i første seksårsperiode.

Då meiner ho prosjekt som Intercity Bergen-Voss og Ringeriksbanen kan bli prioriterte.

– Til saman halvannan time nedkorta reisetid vil gjera Bergensbanen framtidsretta, klimavenleg og rassikker, seier Vik.