Hopp til innhold

Vil laga spektakulær sykkelveg av nedlagd togtrasé: – Dette blir Instagram-staden

Ei nedlagd jernbanelinje i spektakulært fjord­landskap kan bli turistmagnet, meiner eldsjel. Reiselivet jublar og fylkeskommunen opnar døra for å støtta prosjektet økonomisk.

Slik ser det ut no på det som kan bli turist-sykkelveg mellom Trengereid og Stanghelle.

NY TURISTMAGNET? Slik ser det ut no på det som kan bli turist-sykkelveg mellom Trengereid og Stanghelle.

– Draumen min her er å ta veterantog til Trengereid, byta til sykkel og sykla heile vegen til Stanghelle. Dette er ei turistperle og ein kulturhistorisk skatt som er heilt unik i norsk samanheng.

Robert Bergersen Skaar står og gestikulerer i ein av dei forseggjorde gamle togtunnelopningane ved Staveneset i Vaksdal, der det ikkje har vore togtrafikk på over 50 år.

Han meiner at den tidlegare jernbanestrekninga på 25 kilometer mellom Trengereid i Bergen og Stanghelle i Vaksdal kan gjerast om til «Noregs flottaste sommarsykkelveg», for både turistar og fastbuande.

Robert Bergersen Skaar ved gammal togtunnel ved Stavenes på den nedlagde Vossabanen gjennom Vaksdal.

På vinterglatt veg oppmodar Robert B. Skaar reiselivet og styremaktene til å sjå turistpotensialet i ein sommarsykkelveg på den nedlagde jernbanelinja langs fjorden innanfor Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Paddeflatt heile vegen

Denne delen av gamle Vossebanen, som var del av Bergensbanen, vart nedlagd rundt 1970, då mellom anna Hananipatunnelen stod ferdig.

Rasfaren på staden var for stor.

No er jernbaneskjenene fjerna for lengst. Delar av traséen har blitt bygdeveg, nokre strekningar brukar lokalkjende til turveg, andre stadar er attgrodde.

Ein og annan kampestein har rasa ned på traseen.

Men kor mange stadar på Vestlandet finst eigentleg ein fullstendig flat sykkelveg heilt nede ved fjorden under bratte lier?

Skaar trur den motbakkelause jernbanetraséen i spektakulært fjordlandskap kan sikrast og bli ein internasjonal turistmagnet for syklistar.

– Det er heilt paddeflatt heile vegen. Det er så vakkert å sykla og gå her. Her har Vaksdal og Vestlandet ein turistmagnet som ein må visa fram.

No har han fått laga ein dronevideo av heile den potensielle sykkelstrekninga for å få reiselivet, stat og kommunar til å tenna på ideen.

Forslag om sykkelveg på nedlagd jernbane linje mellom Trengereid og Stanghelle

Traséen ligg nokre stadar under fjelloverheng og på høge tørrmurar. «Veldig Insta-venleg», meiner Skaar.

Foto: Rune Langeland

Les også Brukar 60 millionar kroner på to rasteplassar langs turistveg

Tyrvefjøra rasteplass og Espenes rasteplass

Nesten 90 millionar kroner

Skaar reknar opp kva som kan bli «ein heil pakke»:

– Kombiner dette med veteranbåtar på fjorden, kajakkutleige og eit fantastisk badeområde på Stanghelle med kritkvit strand. Det er krigshistorie med kampar og sabotasjeaksjonar akkurat her ved Staveneset. Forsiktig bruk er det beste vernet.

Han meiner ideen kan bli realisert i samband med at det skal byggast ny E16 og ny jernbane på strekninga Arna-Stanghelle mellom Bergen og Voss.

I samband med desse planane krev lova at det må lagast gang- og sykkeltilbod.

På dagens europaveg er fleire strekningar er lange tunnelar stengde for mjuke trafikantar.

I 2020 laga konsulentselskapa Sweco og Rambøll ein rapport for Statens vegvesen. Dei tilrådde at den hundre år gamle togtraséen blir sikra, rydda og lagd til rette for sommarsykling.

Rapporten anslo at dette vil kosta opp mot 90 millionar kroner, men meinte at dagens europaveg uansett må bli tilrettelagd for lokaltrafikk og heilårs sykkelveg.

Gammal steinblokk på den nedlagde togtraséen mellom Trengereid og Stanghelle.

Kampesteinen minner om årsaka til at jernbanetraséen vart lagd ned. Sikring og tilrettelegging for sykkelsommarveg er kostnadsrekna til opp mot 90 millionar kroner.

Foto: Robert Bergersen Skaar

Nei frå Vegvesenet

Statens vegvesen avviste rådet om sommarsykkelveg.

– Det hadde vore eit kjempeprosjekt, med ein veldig flott trasé for tursykling. Men den største uvissa er jo rasfare, seier Idar Reistad.

Han er Vegvesenet sin ytre-miljøkonsulent i arbeidet med å planlegga ny europaveg og jernbane Arna-Stanghelle.

– Konklusjonen er at me vil laga gong- og sykkelveg ved å bruka dagens E16.

Men Skaar gir seg ikkje.

– Ein må sjå dette opp imot turistpotensialet for heile Vestlandet, nasjonalt og internasjonalt.

Forslag om sykkelveg på nedlagd jernbanelinje Trengereid-Stanghelle

Mellom Trengereid og Stanghelle ligg den nedlagde traséen nedanfor jernbanen og utanfor tunnelane som dagens tog brukar.

Foto: Robert Bergersen Skaar

«Preikestol»-kvalitet

Skaar trur det største trekkplaster blir ein stupbratt stad like sør for Stanghelle.

– Der er togtraséen hoggen inn i fjellet, med overheng, og med ein «syltynn» tunnelvegg og nokre flotte tørrmurar ut mot fjorden. Det er så dramatisk. Eit fantastisk stykke ingeniørkunst.

– Men bør du reklamera for det? Det er jo nærast med livet som innsats å bevega seg der?

– Ja, det er ikkje trygt slik det er i dag. Det trengst tilrettelegging. Men dette blir Instagram-staden. Kronjuvel på heile turen. Det blir vår «Preikestolen».

Forslag om sykkelveg på nedlagd jernbane linje mellom Trengereid og Stanghelle

Den gamle toglinja klamrar seg til fjellsida nede ved fjorden.

Foto: Rune Langeland

– Kjempespennande

Reiselivstoppar i Bergen og regionen er positive til ideen.

– Dette er jo kjempespennande planar. Eg trur det kan bli eit tilbod til alle, både turistar og lokalfolk, seier leiar Gry Bystøl i Visit Voss.

– Det er godt tenkt å gjera spektakulære fjordopplevingar som er så tett på Bergen, lett tilgjengeleg for folk som ikkje er topptrente, seier direktør Stein Ove Rolland i Fjord Noreg.

Men ingen av dei trur det er realistisk at reiselivsnæringa tar rekninga med å sikra traséen.

– Her vest vil jo eit så flatt sykkeltilbod heilt nede ved fjorden vera noko nytt, med stort potensial. Men eg skjønar jo at det vil kosta å få sett i stand dette til eit fullverdig sykkeltilbod, seier Bystøl.

– Dette kan ha ein ganske brei appell, men eg kjenner ikkje realismen eller økonomien i planane, seier Rolland.

Kan få offentleg støtte

I Vestland fylkeskommune er ein opne for å kunna støtta ideen, både gjennom eigne støtteordningar og med midlar frå Innovasjon Noreg.

Men leiar i næringsutvalet, Oddmund Klakegg (Sp) set nokre vilkår:

– Det må jo komma fram kva nytteverdi det har for reiselivet, både lokalt og regionalt, og korleis kan det skapa verdiar for lokalsamfunnet og region. Det må vere eit lokalt engasjement.

Han viser til at gamle jernbanetrasear fleire stader har blitt laga om til turvegar og gong- og sykkelvegar, og til Rallarvegen Haugastøl-Finse-Myrdal-Flåm.

– Det er jo ein stor nasjonal attraksjon, vidkjend også utanfor landet.

Lunkne bedrifter

Lokale bedrifter langs Vossabanen er delt i synet på om prosjektet er verdt å støtta økonomisk.

Pressetalsmann Vidar Haugsdal i Norgesmøllene AS, som eig Vaksdal Mølle, seier det ikkje er aktuelt å spytta inn pengar for ein sykkelveg. Ny ras- og trafikksikker E16 er viktigare.

Også Agenda Vestland, som er Sparebanken Vest si stifting for grøn omstilling, er skeptisk. Dagleg leiar Frode Nergaard Fjeldstad seier at ein turistsykkelveg på gamle Vossabanen kunne vore eigna for økonomisk støtte, men at kostbar rassikring gjer prosjektet for usikkert.

Dagleg leiar i Evanger Kjøtt, Andre Brunborg, er litt opnare for å bidra.

– Me kan vurdera det når me ser eventuelle planar og finansieringsmoglegheiter. Men eg er kritisk når det gjeld ras og flaum. Det kan gå steinras også om sommaren, og ein er endå meir usikra på sykkel enn i bil.

SJÅ BERGENSBANEN MINUTT FOR MINUTT:

Norsk dokumentar. 
Opplev heile togturen frå Bergen til Oslo frå orkesterplass, på dagen hundre år etter banen vart opna. Ikkje eit minutt går vi glipp av, programmet varer like lenge som heile togturen tar, altså sju timar og seksten minutt akkurat denne gongen. Slik har du aldri sett Bergensbanen, med mindre du er lokomotivførar. Fire kamera er med på toget, og i tillegg blir kvart eit svart hol i form av ein tunnel, utnytta til å ta fram arkivskattar frå Bergensbanen. Undervegs opplever du "Bergenstoget plyndret i natt", radiointervju med rallaren Martin Gjerde, som sjølv var med og bygde banen for meir enn hundre år sidan, og mykje anna frå denne vidgjetne togstrekninga over høgfjellet.

Opplev heile togturen frå Bergen til Oslo frå orkesterplass, på dagen hundre år etter banen vart opna. Ikkje eitt minutt går vi glipp av, programmet varer like lenge som heile togturen tar, altså sju timar og seksten minutt akkurat denne gongen.