Kenneth Bruvik er på veg ut til «plastvika» på Lisle Lyngøy.
– Eg har vore der sikkert 50 gonger. Staden vekker sterke kjensler.
I 2018 vart han gjort merksam på enorme mengder plastsøppel i den sørvestvende vika. Den ligg utanfor Øygarden, nordvest for Bergen, med storhavet rett utanfor.
– Eg hadde sett mange stygt forsøpla strender før, men fekk heilt sjokk første gong eg såg denne vika. Det var så massivt.
Sidan har han laga TV-serien «Plasthavet», som har premiere på NRK1 i dag.
– Apokalyptisk oppdaging
No har han tatt oss med til øya for å visa oss noko han oppdaga under arbeidet med TV-serien.
– Det eg såg tok pusten frå meg totalt. Det er apokalyptisk, seier han i det båten til Bergen og omland friluftsråd set oss i land.
«Plastkvalen» som i 2017 vart funne utsvelta på Sotra, med magesekken stappfull av søppel, vart ein nasjonal augeopnar. I åra både før og etter har Bruvik vore ein pådrivar for strandrydding i kampen mot plastsøppel langs norskekysten.
Symptomet
Lisle Lyngøy har no blitt ein viktig stad for forsking på korleis plast påverkar økosystem.
Mykje av den synlege forsøplinga er blitt fjerna, men ny kjem stadig til. Flasker, tau, posar og andre ting. Avskrekkande mykje har likevel ikkje samla seg opp sidan den førre ryddeaksjonen i august.
Men i myr, torv og dammar ligg det fullt av synleg og usynleg mikroplast. Det er berre å stikka fingeren i jorda, så finn ein små plastbitar i alle fargar.
Plasthuset
Bruvik tar med seg ein håv bort til ein liten dam rett innanfor vika. Det han finn der, er symptom på at plastforsøplinga har endra livsvilkåra under overflata.
– Her ser du ein, seier han og vippar håven forsiktig opp.
Ein liten klump med tilsynelatande kvite målingsflak klistra saman til ei to centimeter lang pølse.
– Det er eit vårfluge-hus. Desse insekta lagar eigentleg hus av sandkorn, bitte små trebitar, strå. Men i denne vika er det så mykje mikroplast at dei heller har byrja å bruka plast som byggematerialar.
Ferskvassbiolog Gaute Velle ved Norce måpar når han i TV-serien snakkar om dette.
– Det er heilt sprøtt. Eg har aldri sett noko liknande. Nesten heile huset består utelukkande av små plastbitar, limt saman med spytt. Utruleg spesielt.
Kunstig kamuflasje
Han meiner det er to grunnar.
- Dei enorme mengdene plast i vatnet her. For vårfluga er det lett å finna mikroplast i dette forsøpla miljøet.
- Huset er vårfluga sin skjulestad. Den beste kamuflasjen på ein stad som denne er eit hus av plast, for alt anna er plast her.
– Det er ei bisarr oppleving å sjå korleis insekta tilpassar seg desse enorme plastmengdene. Dei som kamuflerer seg med plast, får ein fordel.
– Vil naturleg seleksjon då gjera at vårfluger med plasthus klarer seg best og overlever lettare?
– Me veit førebels ikkje. Heller ikkje korleis dette påverkar næringskjeda, reproduksjonen, artssamansetninga. Me må prøva å finna det ut, seier Velle.
Insekta et plast
Han forklarer at både vårflugene og mange andre insekt og dyr et botnsediment frå slike dammar.
– Dette organiske materialet blir del av kroppen til larvar og andre, som i sin tur blir spist av fisk og fuglar. Spørsmålet er om dei alle får plast i heile kroppen.
På Lisle Lyngøy forskar Norce og Universitetet i Bergen mellom anna på miljøgifter og andelen plast i jorda.
Mellom anna har forskinga på Lisle Lyngøy vist jordanalysar som tyder på veldig mykje bly i plastjorda.
– Dette kan stamma frå fargestoff i plasten.
Det seier seniorforskar og økotoksikolog Marte Haave ved Norce.
– Dersom dette er typisk langs heile norskekysten, har me endå eit vektig argument for å rydda opp: både stoppa forsøplinga og fjerna plast langs strendene.
- Les om forskinga på miljøgifter i plast og plast-etande bakteriar.
Jord med 90 prosent plast
Forskarane ser også på korleis plasten faktisk formar landskapet her. Opp gjennom åra er det blitt bygd opp ein voll med plast og jord lagvis, slik at tjernet rett innanfor har blitt demt opp og blitt større.
Mange øyar langs norskekysten har naturleg berre eit tynt jordlag. Haave forklarer at plast blir som eit nettverk som held på tang og jord. Dermed samlar det seg eit djupt jordsmonn.
– Me ser at plastforsøpling gir tjukk, blaut og fuktig jord. Lisle Lyngøy har eit tjukkare jordsmonn der plasten samlar seg, over éin meter. Under det er det ti centimeter med opphavleg jordsmonn.
Nokre stader utgjer plasten 70-90 prosent av volumet og nesten halvparten av vekta av jorda.
Flytande plast-øyer
Det har også blitt danna små øyar i tjernet ved at flytande plastflak har blitt dekka av organisk materiale.
– Slike «plast-øyer» har nesten blitt eigne, små økosystem.
Forskaren brukar same ordet som Kenneth Bruvik.
– Det er nesten apokalyptisk å sjå, seier Velle.
– Skal ein grava vekk all jorda, heilt ned til berget, i denne vika og resten av verda?
– Nei, men eg håpar verda finn metodar for å fjerna meir av mikroplasten. Menneska finn løysingar, meiner Bruvik.
– Plastrydding langs norskekysten hindrar ikkje tilførsel av ny plast på alle verdshav?
– Nei, me er nøydde til å stoppa tilførselen. Og me håpar befolkninga skal vakna når me viser denne TV-serien om problema, forskinga og løysingane. Håpet er å få vekk søppelet, slik at vårfluga ikkje lenger vel å bygga i plast.
- Fleire artiklar om Plast i havet