Hopp til innhold

Ingeniørar går arbeidsledige – kommunar får ikkje nok

BERGEN (NRK): Nesten halvparten av norske kommunar slit med å rekruttera ingeniørar. – Det er noko som ikkje stemmer, seier NITO.

Stian Nyhus, regionsjef NITO

UFORSTÅELEG MØNSTER: – I Hordaland går fem prosent av NITO-ingeniørane arbeidsledige og kommunane slit med å få tak i ingeniørar. Det er noko som ikkje stemmer, seier regionsjef Stian Nyhus i NITO.

Foto: Ingvild Nave / NRK

Kommunane slit med å rekruttera ingeniørar, trass i masseoppseiingar og aukande arbeidsløyse blant ingeniørar.

Ei undersøking gjort av Kommunenes Sentralforbund (KS) viser at ingeniørar ikkje ønskjer å jobba i kommunen. Heile 43 prosent av norske kommunar synest det er utfordrande å rekruttera ingeniørar.

– Framleis er ingeniørar blant dei utdanningsgruppene det er vanskelegast for kommunane å få tak i, seier avdelingsdirektør i KS, Anne-Cathrine Hjertaas.

– Kommunejobb har ikkje lågare prioritet

Men ingeniørane som snart skal ta over er meir positive.

– Eg er veldig open for å jobba i ein kommune. Med mi utdanning som kjemiingeniør har eg eit veldig breitt spekter for kva eg kan jobba med, seier Rosmari Valdersnes, ingeniørstudent ved Høgskulen i Bergen.

Ingeniørstudenter HiB

POSITIVE: Leiar for NITO-studentane ved HIB Rosmari Valdersnes, ingeniørstudent Vegard Sæbø og ingeniørstudent Irene Koløen er alle opne for ein jobb innanfor kommuneforvaltinga.

Foto: Siri Løken / NRK

Ho er studentleiar i Norges ingeniør- og teknologiorganisasjon (NITO) ved høgskulen. Mange av studentane her kan tenke seg å jobba i ein kommune etter enda studie.

– Eg ser ikkje vekk frå det. Det har ikkje noko lågare prioritet for meg enn andre jobbar, seier ingeniørstudent Vegard Sæbø.

– Det er noko som ikkje stemmer

Men nedgangstidene for dei teknisk utdanna, spesielt innanfor petroleumsnæringa, har ikkje ført til noko folkevandring frå dei etablerte i bransjen.

At meir enn fire av ti kommunar slit med å skaffa ingeniørar, overraskar Stian Nyhus, regionsjef i NITO.

– Eg tenkjer det er overraskande tal, spesielt i den situasjonen på arbeidsmarknaden der ganske mange ingeniørar går arbeidsledige i dag, seier

Med den auka arbeidsløysa i bakhovudet stussar regionsjefen på at så få ingeniørar vendar nasen mot Kommune-Noreg i ein stadig vanskelegare arbeidsmarknad.

– I Hordaland går fem prosent av NITO-ingeniørane arbeidsledige og kommunane slit med å få tak i ingeniørar. Det er noko som ikkje stemmer.

Stian Nyhus

PEIKAR PÅ LØN: – Det er ikkje mykje som skal til for å omskolera ein ingeniør frå oljesektoren og inn i vassektoren i ein kommune, seier Stian Nyhus. Han trur løn kan vera ein faktor.

Foto: Siri Løken / NRK

Meiner løn er ei utfordring

Nyhus meiner norske kommunar burde ha nytta sjansen til å rekruttera fagfolk når oljenæringa ligg nede for teljing.

Han trur ikkje den svake migrasjonen frå oljenæring til kommune skuldast ei svak omstillingsevne blant oljeingeniørar, men peikar på lønsvilkår som ei mogleg årsak til at oppsagde og permitterte oljeingeniørar går arbeidslause framfor å ta jobb i kommunen.

– Det er klart det kanskje er ei utfordring med betaling og lønn, men med tanke på det samfunnsansvaret du har som kommuneingeniør så er det eit interessant yrke for mange.

Anne-Cathrine Hjertaas

UTFORDRING: – Framleis er ingeniørar blant dei utdanningsgruppene det er vanskelegast for kommunane å få tak, seier avdelingsdirektør i KS, Anne-Cathrine Hjertaas.

Foto: Terje Lien/Kommunal Rapport

Mot lysare tider

Men situasjonen har blitt betre. For berre fire år sidan oppgav 85 prosent av kommunane at det var utfordrande å rekruttera ingeniørar.

Særleg i vestlandsfylka har det no blitt lettare, seier Hjertaas.

– Om ein har vore god nok, er alltid eit spørsmål ein kan stilla, men mange kommunar har sett den moglegheita som har vore no, og har fått rekruttert kompetanse, seier Hjertaas.