Hopp til innhold

Storfylke har spart inn samanslåinga. Ingen veit kva ei «skilsmisse» vil koste

Éitt av dei nye storfylka reknar med å spare 100 millionar årleg på samanslåinga. No vil SV og Sp oppløysa storfylka, men ingen veit kva dét vil koste.

Jon Askeland og Jenny Følling i Håkonshallen under konstitueringa av Vestland fylke.

VIL DU HA...? Senterpartipolitikarane Jon Askeland frå Hordaland og Jenny Følling frå Sogn og Fjordane inngjekk «politisk ekteskap» under konstitueringa av Vestland fylke i Håkonshallen oktober 2019.

Foto: Bjarte Brask Eriksen / Vestland Fylkeskommune

– Nei, det har vi ikkje rekna på. Vi fokuserer på å utvikle Vestland fylkeskommune for å gje best mogleg tenester.

Det seier fylkeskommunedirektør Rune Haugsdal.

Det same svaret får NRK frå alle dei sju nye, store fylkeskommunane som vart oppretta 1. januar 2020.

– Vårt fokus er Agder 2030, og har ikkje brukt ressursar på slike utrekningar, svarar Knut Lindland, fylkesdirektør for innovasjon og organisasjonsutvikling.

Uvisse skilsmisseutgifter

Noreg har no sju «nye» fylke: Viken, Troms/Finnmark, Vestland, Innlandet, Vestfold/Telemark, Agder og Trøndelag.

Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti ønsker på ulikt vis og i ulik grad å splitte opp dei nyetablerte storfylka. Men ingen veit kva ei slik omgjering vil koste, eller kva innsparingar eller auka kostnadar det vil medføre på sikt.

Fylkestinget i Innlandet har bestilt ei sak til desembertinget om konsekvenser av ei eventuell oppdeling av fylkeskommunen.

Heller ikkje KS, kommunesektorens interesseorganisasjon har rekna ut prislappen på eventuelle «skilsmisser». Det same seier Statistisk sentralbyrå. NRK har heller ikkje funne økonomiske eller organisatoriske fagmiljø som kan svare.

Statssekretær Paal Pedersen i KMD (H) meiner det er gal bruk av offentlege ressursar å skulle reversere fylkesinndelinga no.

– Kostnaden ved å reversere reform er betydelig større enn å fortsette. Ein gjeninnfører dobbel offentleg administrasjon. Samtidig er det kostnadar ved å gjennomføre den type vedtak, seier han til Kommunal Rapport.

– Kva utrekningar bygger du det på?

– Me veit ikkje kva økonomiske og administrative konsekvensar ei deling av samanslåtte fylke vil kunne ha. Det er mange usikre faktorar, vedgår han på spørsmål frå NRK.

Pedersen legg til at fylkeskommunane også vil ha handlingsrom til å sjølv bestemme kor store ressursar dei legg inn i ein delingsprosess.

Samanslåinga kosta over 700 millionar

Dei samanslåtte fylkeskommunane har i august rapportert til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om sine kostnadar i samband med samanslåingane.

Viken fylkeskommune var den dyraste samanslåinga. Den har kosta 335,6 millionar kroner, inkludert forventa kostnadar på 72,5 millionar i 2021.

Tal for Vestfold/Telemark manglar. Dei seks andre har meldt inn direkte kostnadar på totalt 714 millionar kroner. Ikkje alle har inkludert 2021-kostnadar.

I tillegg kom mange arbeidstimar som har blitt brukt til samanslåingsprosessen, men i liten grad er blitt talde med i rekneskapen.

Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland samla på Gulating 27.oktober 2017

Å, VESTLAND! VESTLAND? Framtida til fylkestinget i dette og andre storfylke er uviss når samanslåingane blir tema i regjeringsforhandlingane.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Troms og Finnmark fylkeskommune anslår til dømes at den faktiske kostnaden er minst dobbelt så stor som dei registrerte, direkte utgiftene deira.

Forklaringa er at dei ikkje har kartlagt tidsbruken til tilsette eller «pukkelkostnader» ved doble system og generell ineffektivitet i innføring av nye system.

Det opplyser Ole Stian Søyseth, avdelingsleiar økonomi og strategisk planlegging, til NRK.

I tillegg reknar Troms og Finnmark med å bruke minst 10 millionar kroner i 2021 knytta til samanslåinga, og at ei eventuell oppdeling i to fylke vil koste 10 millionar kroner berre på IT-sida, pluss personellkostnadar.

– Dei direkte kostnadane ved å halde fram med samanslåinga ser ut til å vere om lag like store som delingskostnadar innan IKT, opplyser Søyseth.

Innsparingar allereie

Parallelt med samanslåingane har fylkeskommunane fått nye og fleire oppgåver innan mellom anna næring, intergrering, samferdsel og kulturminne.

Fleire av storfylka melder likevel at dei har gjennomført store innsparingar sidan januar 2020.

Til dømes melder både Agder og Vestland at dei sparte inn meir enn samanslåingskostnadane sine allereie.

(Sjå detaljar i faktaboks, nederst.)

Opprettinga av Agder fylkeskommune kosta 50,1 millionar kroner. Total varig innsparing for 2021 er summert til over 53 millionar kroner.

– Krafta i eitt samla Agder gir betre fart i regional utvikling enn det me opplevde med to fylkeskommunar og 30 kommunar, ifølge fylkesdirektør Lindland.

I Vestland fylkeskommune kosta samanslåinga 88,7 millionar kroner.

– Så langt har me spart 100 millionar kroner knytt til administrasjon, seier fylkeskommunedirektør Haugsdal.

Mindre reising

Før samanslåinga og før koronapandemien spådde mange ein kraftig auke i reiseutgifter i storfylka. Det har ikkje slått til.

– Me har på grunn av korona hatt betydelege innsparingar på reisekostnadar. I framtida blir det ein kombinasjon av fysiske og digitale møte, seier fylkeskommunedirektør Haugsdal i Vestland.

I budsjettframlegget for 2022 foreslår han mellom anna ei innsparing i reisekostnadene på 30 prosent.

Haugsdal meiner effektiviseringa ikkje svekkar tilbodet, heller tvert om.

– TIlbakemeldingane frå kommunar og næringsaktørar er at dei har betre og sterkare kontakt med fylkeskommunen no enn tidlegare. Så eg opplever at me er «på» og leverer ein meirverdi til dei me er der for, seier han.