Hopp til innhold

Systrene fekk smaken på tang og tare

Snart kan kanskje tang og tare erstatte pistasie i favorittiskremen din.

Systrene Solgunn og Evy Lofnes likar sjøgras

GLADE MED TANG: – Vi hadde miso-feberen på 1980-talet, so dette er eit minneglimt frå den gongen, men dette er mykje, mykje betre på smak, seier Solgunn Lofnes (t.v.).

Foto: Snorre Sandemose / NRK

– Eg har ete tang og paprika, og so åt eg tang, ramslauk, sitron og eple saman med kokt kveite. Alt var veldig godt, seier Solgunn Lofnes, som ikkje på eit par tiår har ete so mykje sjøgras på éin gong.

– Det heile går opp i ei høgare eining, det smakar kjempegodt, seier Evy Lofnes, og ho legg til:

– Dette vert min mat for resten av livet.

Solgunn Lofnes bur midt blant havet på Batalden-øyene, som til liks med den norske kystlina elles, kan vise til store mengder tang og tare ut i sjøen, og gode vekstvilkår for endå meir sjøgras. Men trass i denne lett tilgjengelege naturrikdomen, hadde ho ikkje ete norsk tang før no.

– Ein saltvass-grønsaksrevolusjon i emning

Tang- og tareentusiastar på Fanøy på Batalden

SJØGRAS-ENTUSIASME: Forskarar og håpefulle sjøgrasbønder samlar seg ikring kokken etter middagsmåltidet på Batalden.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

Grunnen til at meisterkokk Hanne Frosta hadde kome heilt til Batalden og laga i stand middagen med tang- og taretema, var at det vart skipa til eit symposium der som omhandla utsiktene for kommersiell odling av tang og tare langs norskekysten. Lokale øybuar, forretningsfolk og vitskapsfolk var med.

Tang og tare kan bli innbringande næringsveg

FOTOSYNTESEN OG HAVET: Som på land, kan vi også på havet ale fram uhorvelege mengder mat, berre ved hjelp av solljoset.

Al av sjøgras langs den norske kystlina kan verte ei milliardnæring, og ikkje berre av di japanarane vil kjøpe tangen. Vi skandinavar og europearar kjem også snart til å ynskje meir av havets flora velkomen i kvardagskosten vår, trur forskar ved NIVA (det norske instituttet for vassforsking), Kasper Hancke. Han ser for seg at norsk sjøgras vil vere ettertrakta i daglegvarebutikkane våre om få år.

Grøn tare, sunt for folk og fe

SUPERMAT: Det er mange sunne næringsemne i tare. Den knall grøne fargen på denne taren vitnar om stor rikdom på folsyre, som vi treng mellom anna for å kunne produsere raude blodlekamar i kroppen.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Maritim Foreining Sogn og Fjordane, som arrangerte symposiet, meiner at den berekraftige sjøgrasrevolusjonen alt er i gong. Sjøgrasbøndene skal dyrke sjøgras, og so syter sola og fotosyntesen for at det vert mat av det.

– Spennande kulinarisk framtid

Då deltakarane braut brød kunne dei sjå at kokken til og med hadde hatt sjøgras i deigen, som gav brødet ein spanande, krydra sjøsmak:

– Vi elskar jo sjø, so det er den beste smaken. Det er ingenting som er harskt eller rart eller uvant, det er berre nydeleg godt, seier Evy Lofnes om tang- og tareinnslaga på alle rettane.

Systera Solgunn seier at smaken av sjøgras får henne til å tenkje på bylgjeskvulp og måseskrik medan ho et.

– Vi vert i godt humør av tang og tare, skyt Evy inn.

Deretter slengde ho ut ein storarta forretningside:

– Eg ynskjer meg iskrem med tang og tare i.

​Det er ein spennande idé, for alt no finst det fleire grøne iskremar enn pistasieiskrem. I ein del eksotiske land får ein kjøpt avokadoiskrem. Den vidgjetne kokken Jamie Oliver har også servert slik iskrem. So dersom avling av tang- og tare kan verte den nye olja, so kanskje tareiskrem kan verte ei finfin binæring.