Hopp til innhold

Idrettskrinsen når akkurat 100-årsfeiringa si, så er det truleg over

100-årsfeiringa i 2019 vert truleg noko av det siste Sogn og Fjordane idrettskrins gjer. Arbeidet med å slå saman idrettskrinsane i Sogn og Fjordane og Hordaland er starta.

Turnstemne på Nordfjordeid 2013
Foto: Arne Stubhaug, NRK

Dei to fylka vert slått saman frå 2020, til det mykje omdiskuterte Vestlandet. Det får konsekvensar for organiseringa til stadig fleire organisasjonar.

– Eg har vel aldri lagt skjul på at eg har vore skeptisk til regionreforma, men vi må vere pragmatiske og innrette oss etter det som vert vedteke, seier styreleiar Nils R. Sandal i Sogn og Fjordane idrettskrins.

Nyleg møttest leiarane i dei to idrettskrinsane, og tema var samanslåing i 2020. Rådet frå Idrettsstyret sentralt er krystallklart. Idrettskrinsane skal følgje grensene til fylkeskommunane.

Nils R. Sandal

HAR STARTA PROSESSEN: Over nyttår skal styreleiar Nils R. Sandal og resten av styret i Sogn og Fjordane idrettskrins møte sine kollegaer i Hordaland til felles møte om vegen vidare.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Fordelar og ulemper

Ved ei samanslåing gjer idrettskrinsane det handballen gjorde allereie i 2004. Ruth Sølvi Helland som er engasjert i handballen i Florø Sportsklubb, ser både fordelar og ulemper ved større organisasjonar.

– Organisasjonen er større og har meir ressursar, ulempene kan vere at det vert for lang avstand mellom kontora og utøvarane, seier Helland.

Samstundes peikar ho på at Sogn og Fjordane berre har éin representant i styret i Norges Håndballforbund Region Vest-Norge.

– Eg gler meg til prosessen, men vi må vere vakne og på alerten, slik at vi sikrar oss stillingar i Sogn og Fjordane på krinsnivå, seier Helland.

Ei omorganisering av idrettskrinsane føyer seg inn i rekkja av liknande endringar hos fleire etatar og organisasjonar, som følgje av regionreforma.

Tidleg i prosessen

I fylkessamanslåinga er ansvaret for idretten lagt til noverande Hordaland. Organisasjonssjef Knut Songve i Hordaland idrettskrins vil ikkje ha noko meining om kvar leiinga bør sitje etter ei eventuell samanslåing.

– Vi har hatt eitt møte, så det er altfor tidleg å seie noko som helst om innhaldet og forskottere kva som vert resultatet, seier Songve.

– Det som vert viktig er at forholda for idrettslaga våre vert så gode som mogleg. Det er aktiviteten i idrettslaga vi er til for, det er den vi skal støtte på best mogleg måte, seier Sognve.

For styreleiaren i Sogn og Fjordane er nettopp oppbygginga av ein ny krins viktig.

– Vi må ikkje sentralisere organisasjonen for mykje, men halde fast på den nærleiken og den daglege kontakten vi har med idrettsmiljøa rundt om i fylket i dag, seier Sandal.

Idretten i dei to fylka skal vere med i diskusjonen om framtidig organisering.

I 2019 rundar Sogn og Fjordane idrettskrins 100 år.

– Det er ei viktig markering, og den får vi med oss som eigen idrettskrins uansett, så får vi sjå korleis det vidare organisasjonsbildet vert framover, seier Sandal.