Fylket blir plukka frå kvarandre, bit for bit

Uansett om Stortinget seier ja eller nei til samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland, så er regionaliseringa og sentraliseringa i gang, og har vore det ei stund.

Sogn og Fjordane

FYLKE I ENDRING: Sogn og Fjordane som fylke kan snart vere ein saga blott.

Foto: Gettyimages/iStock

Urovekkande, meiner leiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag.

– Eg er veldig redd for at vi svekkjer Sogn og Fjordane både næringsmessig og befolkningsmessig dersom alle organisasjonane legg sjefsmyndet til Bergen. Eg håpar mange vel å ikkje gjere det eller vel å sitte stille i båten.

Han syner til Innovasjon Norge, som frå 1. november skal ha felles leiing for Hordaland og Sogn og Fjordane, med sjef i Bergen.

Anders Felde med Byrkjelo i bakgrunnen

HAR VORE DISKUTERT: Leiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det same har skjedd med NHO. Det er ein veldig dårleg start. Eg håpar at andre organisasjonar legg hovudkontoret sitt til Sogn og Fjordane dersom vi skal greie å utvikle det til eit fantastisk fylke i framtida.

Men også bondelaget er i gang med å tenke samanslåing.

– På årsmøtet i Norges Bondelag i neste veke er det framlegg til endring i lovene, slik at ein kan ha to fylkeslag i ein ny region. Men vi kjem til å vente til det offentlege er på plass med si organisering. Uansett kjem vi til å vere representert i begge fylka, seier Felde.

«Eige fylke ei god tid framover»

For fire år sidan feira Sogn og Fjordane 250 år som eige fylke. Då sa dåverande fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap):

– Eg trur at Sogn og Fjordane vil bestå som eige fylke ei god tid framover. Det er etter mi meining ein føresetnad for at det som i dag er det geografiske området Sogn og Fjordane i framtida skal halde fram med å vere ein attraktiv og verdiskapande del av landet.

Men berre fire år etter tyder det meste på at historia som eige fylke blir berre vel 256 år gamal. Og effektane av regionaliseringa ser vi alt på fleire felt.

  • Forbrukarrådet var tidleg ute. Forbrukarkontoret i Sogn og Fjordane vart midt på 2000-talet sentralisert til Bergen. (No er også Bergens-kontoret sentralisert - til Stavanger).

– Må vere budde

Forgjengaren til Kjelsnes som fylkesordførar, Nils R. Sandal (Sp) er i dag leiar i Sogn og Fjordane idrettskrins. Der er samanslåing med Hordaland idrettskrets eit tema, seier han.

Nils R. Sandal

BUDD PÅ SAMANSLÅING: Leiar Nils R. Sandal i Sogn og Fjordane Idrettskrins.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Dette har vore diskutert med Norges Idrettsforbund, som har sagt at vi må vere budd på å ta ein slik diskusjon. Så det er viktig for oss å ha ein beredskap på det. Vi ynskjer ikkje å vere pådrivar, men vi ser at det kan kome, og då er det viktig for oss å syte for at vi framleis har ei organisering som tek vare på nærleiken til idrettslaga.

Innan idretten har det alt vore regionalisering.

  • Norges Håndballforbund vedtok alt i 2003 å slå saman handballkrinsane på Vestlandet til Region Vest.

Også innan landbrukssamvirket har det vore samanslåingar:

  • I 2002 gjekk Sogn og Fjordane Meieri inn i Tine Vest, med hovudkontor i Bergen.
  • I 2008 vedtok Sogn og Fjordane Skogeigarlag å slå seg saman med Vestskog, styrt frå Bergen.

Etter fylkesjubileet i 2013 har utviklinga skote fart. Her er nokre døme:

  • Same året, altså 2013, vart BoiVest, det tidlegare Sogn og Fjordane Bustadbyggelag, innlemma i Bergen og omegn Boligbyggelag, no med namnet BOB, styrt frå Bergen, men med kontor i Førde.
  • Høgskulen i Sogn og Fjordane er historie som sjølvstendig institusjon. No er høgskuleutdanninga i vårt fylke ein del av Høgskulen på Vestlandet, med hovudsete i Bergen.
  • Sogn og Fjordane politidistrikt er ein del av Vest politidistrikt, styrt frå Bergen. Truleg skjer det same med Alarmsetnralen.
  • Innovasjon Norge skal frå 1. november i år få felles leiing for Hordaland og Sogn og Fjordane, styrt frå Bergen.
  • NHO Sogn og Fjordane skal frå 1. august i år styrast frå Bergen.
  • NRK har tilsett ein regionredaktør med sete i Bergen for å styre distriktskontora i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
  • Statens vegvesen er regionalisert, men der har Leikanger status som hovudkontor.
  • Fjord1 har planar om å opprette ei avdeling i Bergen med 15 tilsette, 31 år etter at hovudkontoret vart flytta frå Bergen til Florø.

Har hatt møte med Hordaland Ap

Hilmar Høl på talarstolen i fylkestinget

KAN BLI SISTE FYLKESLEIAREN: Hilmar Høl i Ap.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Kva så med dei politiske partia dersom Sogn og Fjordane og Hordaland blir ein region? Leiar Hilmar Høl i Sogn og Fjordane Arbeidarparti seier dei alt har hatt møte med søsterpartiet i Hordaland om framtidig organisering. Han vedgår at det ikkje skjer med stor entusiasme.

– Vi gjer det for å reie grunnen for at vi faktisk kan kome i ein slik situasjon. Men målet vårt er at vi skal ha to kontor, eitt i Bergen og eitt i Førde.

Høl er uansett redd for ei utvikling der alle samanslåingar resulterer i sentralisering av både avgjerdsmakt og arbeidsplassar til Bergen.

– Eg ser på det som ein uting, fordi det er lett å trekke konklusjonen om at alt må til storbyen. Det er eit problem at ingen kan tenke nytt, at eit hovudkontor også kan ligge andre stader.