Hopp til innhold

Brukar legoklossar, podkast og quiz for å feire årets påske

Når dei tradisjonelle gudstenestene er sett på vent, må kyrkja finne andre måtar å markere høgtida på. – Det har tatt av med flotte bidrag frå kreative og leikne familiar, seier kyrkjelydspedagog.

Palmesøndag-tema bygd med legoklossar

KREATIV PÅSKE: Palmesøndag-tema bygd med legoklossar (Foto: Simon Kjenes).

Simon Kjenes (17) frå Alver er ein av mange som saknar påskegudstenestene. Men heldigvis finst det alternative måtar å markera påskehøgtida på.

Saman med kusina Olina (9) og broren David (10) gjenskapte Simon palmesøndag – med legoklossar.

– Det var palmesøndag vi bygde det, så då var det enkelt å finna eit tema. Det er Olina og David som har mesteparten av æra for prosjektet. Eg har mest vore fotograf, understrekar han.

17-åringen seier det har vore vanleg for familien å delta på påskegudsteneste før koronaen, og at det er veldig annleis no.

– Eg saknar det. Men heldigvis finst det digitale gudstenester, eller gudstenester på radio.

Det var først etter at byggverket var ferdig familien oppdaga at dei kunne senda bidraget inn til ein påskekonkurranse i Bergen.

Simon Kjenes

SAKNAR PÅSKEGUDSTENESTER: Simon Kjenes (17) saknar gudstenestene i påska. Han har i staden bidrege til eit legobyggverk om påskeevangeliet.

Foto: Privat

«Legopåske»

– Vi ønskjer oss påskeevangeliet framstilt i lego, seier Kristine Osberg.

Ho er kyrkjelydspedagog i kyrkjelydane Årstad, Fridalen og Sælen i Bergen.

Der er «lego-påske» ein av måtane dei markerer påske på i år.

I kyrkjer over heile landet har koronapandemien for andre år på rad sett ein stoggar for den tradisjonelle påskefeiringa. Derfor har kyrkjene har funne alternative og kreative måtar å markere høgtida på.

I Bergen blir fargerike klossar og figurar tatt i bruk for å markere og tolke palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag og påskedag.

«Legopåske» går ut på at familiar lagar kreasjonane heime, og sender inn bilete av bidraga. Til og med langfredag har det kome inn bilete av 38 byggverk.

– Konkurransen drog vi i gang i fjor. Vi måtte gjere alt vi kunne for å nå både barn og familiar. Så langt verkar det som interessa er endå større i år enn i fjor, seier Osberg.

Ho opplyser at siste frist for å delta er 2. påskedag klokka 12. Konkurransen er open for alle, og på nettsida deira ligg det meir informasjon.

Det blir kåra ein vinnar i kvar av dei tre kyrkjelydane. Vinnarane får, ikkje uventa, kvar sitt legosett.

Legopåske i Årstad menighet

SISTE MÅLTID: Jesus sitt siste måltid med disiplane framstilt i lego.

Foto: Privat

Følgjer råd og reglar

– Det er forferdeleg trist å måtte avlyse. Det er kyrkjene si store høgtid, og betyr mykje for mange. Eg er ikkje glad for dette, sa Halvor Nordhaug som er biskop i Bjørgvin i eit intervju med NRK før påske.

Han seier at dei er lojale mot nasjonale råd og reglar.

– I Bergen har vi opplevd korleis eit møte på bedehus førte til smitteutbrot. Det betyr i praksis at slike arrangement kan føre til utbrot i kommunar som i utgangspunktet er smittefrie.

Biskopen rosar initiativ og kreativitet som erstattar dei vanlege gudstenestene.

  • Høyr intervjuet med Halvor Nordhaug:

Påskequiz og strøyming

Alternativa er mange for dei som saknar gudstenesta.

På nettsida til Den norske kyrkja kan ein mellom anna ta ein påskequiz. Kyrkja har dessutan laga ei oversikt over arrangement i kyrkjer over heile landet.

Johanneskirken og Bergen domkirke er mellom kyrkjene som arrangerer open kyrkje. Fjell kyrkje strøymer gudstenesta første påskedag.

Det er ein del av den digitale påskefesten til kyrkjene i Bergen.

I Fridalen kyrkjelyd skal gute- og jentekor samarbeide med rapparen Selim om to påskesalmar.

Johanneskirken i Bergen

ALTERNATIV PÅSKE: Johanneskirken i Bergen er ein av mange som har eit alternativt opplegg når dei ikkje får ha vanlege påskegudstenester.

Foto: Kirkesøk.no

Speler inn påskepodkast

I Kinn kommune har sokneprest Mari Saltkjel og artist Line Dybedal spelt inn ein påskepodkast for barn, fortel Fjordenes Tidende.

For kvar høgtidsdag skal kyrkjene i Kinn strøyme gudstenester, og sende påskepodkastane. Tilsette med god digital kompetanse og frivillig innsats gjer det mogleg å få til alternative markeringar, fortel Saltkjel.

– Når vi ikkje kan feire på vanleg måte, er det imponerande kva ein får til, seier ho til NRK.

Også i fjor laga soknepresten og artisten påskepodkast.

– Vi var naive og trudde det skulle bli annleis i år.

Kva betyr det å ha alternative markeringar?

– Eg trur at det for nokre betyr mykje at gudstenester blir strøymde og at dei får ta del i liturgien og høyre evangeliet. For andre kan det nok forsterke kjensla av einsemd. Det må vi òg ha forståing for, seier Saltkjel.

Kinn-kyrkjene har også direktesende digitale føredrag på Zoom der folk også kan be saman med andre, fortel soknepresten.

Menighetspedagog Kristine Osberg

NYE LØYSINGAR: Kristine Osberg er kyrkjelydspedagog i kyrkjelydane Årstad, Fridalen og Sælen i Bergen. Også år må ho tenke annleis i påskehøgtida.

Foto: Privat

Mange bidrag

Tilbake på Årstad kan det verke som at alternative markeringar fenger.

– Det var skikkeleg kjekt med konkurransen i fjor, men i år har det tatt av med flotte bidrag frå kreative og leikne familiar, seier Osberg, og legg til:

– Håpet er jo så klart at fleire får eit innblikk i kva påska handlar om.