Hopp til innhold

Prestar meiner regjeringa snakkar for mykje om hytta

Norske prestar meiner det er rart at det blir snakka mykje meir om hytta enn om kyrkja når påska står for tur.

Leiligheter og hytter ved Skarsnuten i Hemsedal

FEIL FOKUS: – Det for lite fokus på åndelege behov, og på det som kan skape håp og fellesskap, seier Silje Sørebø, som er prest Jølster.

Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

– Eg trur regjeringa hadde stått seg godt på å seie noko om kyrkja, seier Vidar Bjotveit, sokneprest i Gloppen.

Tysdag kveld la regjeringa fram nye, skjerpa koronatiltak.

«Eg har forståing for bodskapen. Men eg undrar meg over kor mykje hytte og kor lite kyrkje som var i fokus», skreiv Bjotveit på facebooksida si i etterkant av pressekonferansen.

Få dagar før den viktigaste høgtida i kyrkja, sakna han at det vart sett ord på.

– Det hadde vore naturleg at ein statsråd sa: Vi veit at mange hadde gledd seg til å feire påskas innhald i kyrkje og bedehus. Det hadde vore med å bekrefte eit tap.

Hyttefelt i Trysil.

MYKJE HYTTE: – Eg undrar meg over kor mykje hytte og kor lite kyrkje som var i fokus, seier Vidar Bjotveit, sokneprest i Gloppen.

Foto: Ola Matsson/Skistar Trysil

– Berre slalåmbakken og skjenkeforbodet som diskuterast

Etter at dei nye retningslinjene vart lagt fram denne veka har Kyrkjerådet, Bispemøtet og dei andre styrande organisasjonane i kyrkja tilrådd å avlyse påskegudstenesta.

Sidan svartedauden har det berre skjedd ein gong tidlegare. Det var i fjor.

I Danmark og Skottland har dei prioritert opne kyrkjer til påske, medan samfunnet elles er stengt ned.

– I Noreg er det berre slalåmbakken og skjenkeforbodet som diskuterast, og kor mange gjester du kan ha på hytta, sukkar Marius Timmann Mjaaland, professor i religionsfilosofi ved Universitetet i Oslo.

– Det er som om spørsmålet om religionsfridom, som kvar ein kulturnasjon og rettsstat må stille seg, er ikkje-eksisterande.

Han får støtte frå biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, som i det minste er glad for at NRK ringer.

– Eg er glad for at NRK ikkje berre er opptekne av at det er blitt skjenkestopp, seier han.

– Verkar som om alle har hytte

Hilde Marie Øgreid Movafagh er rektor ved Metodistkirkens teologiske seminar. Ho kallar det «eit tankekors» kor stor plass hytta har fått i den norske korona-samtalen.

– Det verkar som om alle har hytte, og at hytte er det viktigaste i verda. Kor er fokuset på store familiar i små leilegheiter som skal ha påskeferie heime? spør ho.

Politisk redaktør i Nidaros, Snorre Valen, har også peika på klassedimensjonen:

– Mens middelklassen i påska får trekke pusten i ein anna kommune enn sin eigen, kan barna i blokka rasjonere besøka til kvarandre, skriv han i kommentaren Men Hytten skånes.

Det er rundt ein halv million hytter her i landet. Og det aukar stadig.

Fjellhytte. Hytte og stølsområde i Valdres. Nordfjellstølen nord i Etnedal kommune. Bjørgovarden i midten bak. Dronefoto tatt i blåtimen rett før soloppgang. Vinter i fjellet.

IKKJE ALT HER I VERDA: – Det verkar som om alle har hytte, og at hytte er det viktigaste i verda. Kor er fokuset på store familiar i små leilegheiter, spør Hilde Marie Øgreid Movafagh, som er rektor ved Metodistkirkens teologiske seminar.

Foto: Øystein Søbye / Samfoto

Treng ikkje vere ein motsetnad

Prost i Nordfjord, Stian Heggedal understrekar at kyrkja aldri må forsone seg med at folk er «meir opptatt av påskefjellet enn oppstandelsen», men legg til at det ikkje alltid er ein motsetnad:

– Eg trur at mange som drar på påskefjellet også er opptekne av oppstoda, seier han.

Det same seier preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit.

– Menneske treng relasjonsbygging og rekreasjon, som fjellet kan gi, seier han.

Han legg til:

– Det er ei utfordring for kyrkja å få fram den eksistensielle utfordringa i å feire påske. Store tema i liv og død vert utfalda her, og vi vert ein del av noko større.

Olav Fykse Tveit

UTFORDRING: – Det er ei utfordring for kyrkja å få fram den eksistensielle utfordringa i å feire påske. Dei store tema i liv og død vert utfalda her, og vi vert ein del av noko større, seier preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit.

Foto: Sander Vittring Vindal / NRK

– Vi må leite etter trygge måtar å bygge fellesskap på

«Det har vore frustrerande at vi fekk stå i kø i skiheisen eller framfor polet, men ikkje samlast med avstand til gudsteneste på kyrkjebakken», stod det i eit «påskeopprop» i Vårt Land 15. mars.

Der etterlyste Sunniva Gylver, sokneprest i Fagerborg, og fleire med henne at det burde leggast til rette for utandørs gudstenester med tydeleg regi og god avstand.

– Vi er inne i tredje smittebølge, og må alle ta omsyn til det og til stadig strengare tiltak. Men nettopp derfor må vi også leite etter kva som kan vere trygge måtar å bygge fellesskap, tru og håp på i denne tida. For å halde ut.

Illustrasjonsbilde: Hytter i Kvitfjell
Foto: Arne Sørenes / NRK