Allsong på bedehuset kan vere årsak til smitteutbrot

Felles song med mindre enn to meters avstand blir peika på som ei av årsakene til smitteutbrot i bedehusmiljø i bergensområdet. – Song er høgrisikosport, seier smittevernoverlege.

Bedehus på Askøy

BEDEHUS: Over 70 personar har fått påvist det britiske koronaviruset etter eit utbrot i ulike bedehusmiljø på Askøy.

Foto: Mette Anthun / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Smitteutbrotet blant studentar i Bergen denne veka er knytt til utbrotet i bedehusmiljøet i nabokommunane Askøy og Øygarden, ifølgje Bergen kommune.

Allsong med for kort avstand folk imellom kan ha bidrege til å spreie smitten, seier både kyrkjelydsleiarar og kommunale helsetoppar til NRK.

– Vi har vore alt for lite obs på det med song, seier Agnar Våge i leiargruppa til Saron Pinsemenighet på Straume i Øygarden kommune.

Bedehus på Askøy

FEKK KORONA: Agnar Våge i leiargruppa for Saron Pinsemenighet i Øygarden.

Foto: Mette Anthun / NRK

Over 100 er smitta

Midt i mars var over 30 personar smitta og 650 sat i karantene etter samlingar i både Saron og på Kleppe bedehus i Askøy kommune.

Smitten spreidde seg også til fleire bedehus på Askøy. Det er uklart om det har spreidd seg til fleire forsamlingar i Øygarden.

No har smittetalet for den britiske varianten passert 100 i dei to kommunane.

Over 80 er knytt til smitta i ulike bedehusmiljø på Askøy, mens rundt 30 er registrert smitta etter religiøse møte i Øygarden sidan 13. mars, opplyser kommunane til NRK.

Sara Sekkingstad

ORDFØRAR: Sara Sekkingstad (Sp) seier det førebels er eitt smittetilfelle i Alver som kan knytast til bedehusutbrotet.

Foto: Sølve Rydland

Tala inkluderer både personar som har vore på møte og nærkontaktar av desse. Kommunane seier dei no har oversikt og kontroll på smitten.

Torsdag 25. mars hadde smitten også så vidt nådd Alver kommune, der i alle fall eitt tilfelle er knytt til utbrotet på Askøy, ifølgje ordførar Sara Sekkingstad (Sp).

No er det klart at smitta også har komme til studentmiljø i Bergen, der over 50 personar i 20-åra har fått påvist covid-19 den siste veka.

Eit tosifra tal skal vere knytt til smitta i bedehusa i nabokommunane, ifølge smittevernoverlege i Bergen, Egil Bovim.

Droppar bursdagssongen

Allsong kan vere årsaka til smitteutbrotet i dei kristne miljøa, meiner legevaktsjef i Bergen, Dagrun Linchausen, og kommuneoverlege på Askøy, Kristin Cotta Schønberg.

Legevaktsjefen i Bergen, Dagrun Linchausen.

LEGEVAKTSJEF: Dagrun Linchausen er legevaktsjef i Bergen.

Foto: Helena Viktoria Johnsen

– Vi har sett i heile pandemien at det å synge saman eller å vere på korøving gir ein situasjon der det er lett å smitte andre, seier Linchausen.

– Det spreier seg med smittedropar, trass ein meters avstand, seier Cotta Schønberg.

Faren for smitte gjennom allsong har fått direkte konsekvensar for korleis dei feirar tilsette som har bursdag på legevakta.

– Vi har slutta å synge bursdagssongen for kvarandre nettopp for å hindre potensiell smitte, seier Linchausen.

– Song er ein høgrisikosport

Folkehelseinstituttet tilrår for tida minst to meters avstand ved synging og trening.

Avstand ved allsong har vore eit tema i dialogmøte kommunane har hatt med ei rekke trussamfunn dei siste vekene.

Egil Bovim

RISIKOSPORT: Smittevernoverlege i Bergen, Egil Bovim, seier synging er ein risikosport.

Foto: Anne B. Vassbotn

Smittevernoverlege i Bergen, Egil Bovim, understrekar at det ikkje automatisk blir trygt å synge med to meters avstand heller.

– Viruset vi har no er veldig smittsamt. Ei kvar øving som fører til pusting, gir meir virus i lufta. Song er ein høgrisikosport, seier Bovim.

Han har inga meining om kor vidt trussamfunna har praktisert to meterens avstand når dei syng.

– Kor mange meters avstand bør ein ha?

– Det vil avhenge av korleis du syng. Pavarotti song svært sterkt. Eg ville stått mange meter unna han, seier smittevernoverlegen.

Vigleik Brekke, informasjonssjef i Øygarden kommune, seier dei ikkje har vurdert å tilrå meir enn to meters avstand ved allsong.

Han peikar på at det nasjonale rådet no er å ha to meters avstand uansett situasjon.

Song på møter i starten av mars

Både i Saron og i Kleppe bedehus var det i første halvdel av mars møte med allsong med éin meters avstand mellom deltakarane, får NRK stadfesta.

Agnar Våge i leiargruppa i Saron Pinsemenighet har sjølv vore koronasjuk. Han reknar med at smitta begynte å spreie seg i Øygarden etter to møter dei hadde søndag 7. mars og tysdag 9. mars.

På det første møtet sat 22 personar spreidd i lokalet på rekke og rad med ein meters avstand, og song som dei pleiar.

På tysdagssamlinga sat ti personar i ring med rundt to meters avstand, og song også då.

– Det trur eg ikkje har vore lurt, å sitte vendt mot kvarandre, seier Våge.

Bedehus på Askøy

BEDEHUS I ØYGARDEN: Saron Pinsemenighet held til i dette bedehuset på Straume.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Burde hatt meir fokus på det

Han peikar på at dei har følgd smittevernreglane som var på det tidspunktet.

– Eg tenker at avstanden vi har hatt hadde vore tilstrekkeleg, om det ikkje var for den nye, britiske varianten som det tydelegvis har vore mykje lettare å bli smitta av, seier Våge.

– Burde det ha vore meir informasjon frå styresmaktene om avstand ved synging?

– Eg veit berre at vi burde hatt meir fokus på det, det ser vi no i etterkant.

No er alle aktivitetar og fysiske samlingar innstilt til 18. april, då dei vil ta ei revurdering.

Folk i same rom blei smitta

Bård Hauge, styreleiar i Askøy misjonsforsamling som held til på Kleppe bedehus, trur at koronaviruset hadde spreidd seg på møta deira uavhengig av synging eller ikkje.

Smitten skal ha spreidd seg etter at 66 personar var til gudsteneste søndag 14. mars.

– Det vi opplevde var at når du kom inn i eit rom der ein person var smitta, så blei folk i det rommet smitta, enten dei heldt ein eller fem meters avstand, enten dei song eller ikkje, seier Hauge, som sjølv er blant dei mange koronasjuke.

Han seier forsamlinga har halde ein meters avstand, basert på tidlegare tilrådingar frå Noregs kristne råd om ein meters avstand i område med lite eller ingen smitte, men to meter i område høg smitte.

– Askøy hadde veldig lågt smittetrykk på den tida, understrekar Hauge.

– Det er heilt forferdeleg at så mykje smitte er blitt spreia blant menneske som eg kjenner og set stor pris på. Først og fremst seier dette noko om kor utruleg smittsamt dette viruset er.

Kleppe bedehus på Askøy

KLEPPE BEDEHUS: Over 70 personar har fått påvist det britiske koronaviruset etter eit utbrot i ulike bedehusmiljø på Askøy.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Indremisjonen med sterk formaning

Erik Furnes er generalsekretær i Indremisjonsforbundet som er tilknytt minst to bedehus på Askøy der det har vore smitte.

Erik Furnes, Indremisjonen

FORMANAR MEDLEMAR: Erik Furnes er generalsekretær i Indremisjonsforbundet.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

Han seier dei lenge har oppmoda forsamlingar til å halde god avstand med allsong, men trur det likevel kan vere lett å gløyme seg.

– Eg vil ikkje seie at det har vore klare reglar på det frå styresmaktene. Det har liksom vore litt vekkgøymd nede i tekstane, seier Furnes.

Nyleg sende indremisjonsleiinga eit brev med ein sterk formaning til medlemane om å følge smittevernreglane.

«Vi registrerer at noen utviser en likegyldig – noen ganger også opponerende – holdning til smitteverntiltakene. Det mener vi er et dårlig vitnesbyrd», skriv dei i brevet, ifølgje avisa Sambåndet.

Det skal handle om udokumenterte uttalar om vaksine og mangel på bruk av munnbind, ifølgje avisa.

– Vi veit ikkje kor stort problemet er, men vi har grunnlag for å seie at det er eit etisk problemstilling. Vi ønskjer å vere tydelege på at ein skal halde seg til regelverket, seier Furnes til NRK.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 13.05.2021
2 403
Smittede siste 7 dager
112
Innlagte
774
Døde
1 544 365
Vaksinerte