Hopp til innhold

Gode kollegaer som ser kvar sin retning

HORNINDAL (NRK): Det er «dagen derpå» i Indre Nordfjord etter at det i går vart kjent kva innbyggjarane meiner om kommunesamanslåing. Kattepina er det politikarane som får.

Jan Kåre Senneset og Erik Faulk

SPLITTA: Jan Kåre Seljeset og Erik Faulk ser kvar si retning når Hornindal går mot kommunesamanslåing. Slik sett representerer dei godt sambygdingane sine.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det er nok politikarane i Hornindal som får den største utfordringa når dei no skal tolke folkemeininga, og seie sitt om framtida til kommunen.

For medan Stryn vil slå seg saman med Hornindal, er honndølane sjølve delte på midten mellom Stryn og Volda.

– Vi har prøvd Stryn før, så eg tenkjer helst nordover, humrar Jan Kåre Seljeset.

Heilt jamt fordelt

Aller helst ville han sett at kommunen heldt fram åleine, men om det er ein ting dei fleste av honndølane er samde om, så er det at ei samanslåing tvingar seg fram.

Innbyggjarundersøkinga viser at 44 prosent ynskjer seg til Volda. Like stor prosentdel ynskjer seg til Stryn. For Seljeset er det sjukehus og høgskulen som får han til å sjå mot førstnemnde.

– Vi har tettare tilknyting til Stryn, men så er det dette med region. Vi veit ikkje kva region vi høyrer til, så då er det litt vanskeleg å vite kva vi skal gjere, legg Erik Faulk til.

Ekstra dimensjon

Faulk er usikker på om kommunesamanslåinga stoggar med ei eventuell samanslåing med Stryn eller Volda.

– Kanskje det blir ein kommune med Gloppen, Eid, Hornindal og Stryn. Då er det kanskje litt feil om vi allereie er slått saman med Volda, seier han og får støtte hos gruppeleiar Brynhild Notøy (V).

Brynhild Notøy (V), Eldar Englund (Sp), Randi Langlo (Ap)

VILLREIE: Brynhild Notøy (V), Eldar Englund (Sp) og Randi Langlo (Ap) får alt anna enn ei lett oppgåve når politikarane i Hornindal skal seie sitt om kommunereforma.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

For uvissa rundt regionreforma gir dilemmaet ein ekstra dimensjon.

– Det er svært beklageleg at vi har ei regionreform som vi veit svært lite om. Ein får den eine reforma oppå den andre, utan å sjå det i samanheng. Det gjeld også AMK-sentralane og politireforma, seier Notøy.

Vart ikkje klokare

Partiet hennar meiner økonomi og sårbarheit gjer at kommunen ikkje kan stå åleine.

– Det blir eit val mellom Stryn og Volda, men med eit resultat på 44/44 så blir det vanskeleg. Då må vi høyre på argumenta og trekkje ein konklusjon ut frå det, seier ho.

Heller ikkje gruppeleiar Eldar Englund i Senterpartiet vart noko klokare etter innbyggjarundersøkinga.

Laster innhold, vennligst vent..

– Senterpartiet var tydelege på at vi ville ha folkerøysting, men det vart nedstemt av dei andre partia. Per i dag har eg ingen fasit på kva som skjer vidare, seier han.

– Må tenkje langt framover

Arbeidarpartiet er i kveld samla til gruppemøte, der dei førebur seg til torsdagens kommunestyremøte.

Randi Langlo beklagar at Stryn var så bastante i sitt nei til å slå seg saman med Volda.

– Det hadde gjort valet veldig mykje enklare for oss. Vi må finne ut kva som gjer oss ein fordel i framtida. Vi veit kva vi har, kva vi har hatt, men vi må finne ut kva som gir oss utteljing på sikt. Vi må tenkje framover, og vi må tenkje langt framover, seier ho.