Hopp til innhold

Den eine bestemmer om det blir dei to i framtida

LANGESETHØGDA (NRK): I løpet av to veker avgjer Hornindal ikkje berre sin eigen kommuneskjebne, men også framtida for nabokommunen Stryn.

Strynordførara Sven Flo og Hornindalsordførar Stig Olav Lødemel møtest etter avrøystingane.

FRAMTIDA: Sven Flo (H) fekk eit klart råd frå sine innbyggjarar, medan innbyggjarane i Hornindal ikkje var like klare i talen- Dermed har ikkje Stig Olav Lødemel (H) bestemt seg for om det er Volda eller Stryn kommunen bør velje.

Foto: Asgeir heimdal Reksnes

– Det er ikkje ein ynskjesituasjon. Vi fekk noko vi håpte vi skulle sleppe å ta standpunkt til. No må vi bestemme oss for kva veg vi vil gå, seier ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel (H).

I går var siste innbyggjarundersøkingane og folkerøystinga gjennomført i Sogn og Fjordane. Av dei spurte innbyggjarane i Hornindal vil 71 prosent ha ein storkommune med Volda og Stryn. I grannekommunen er ikkje innbyggjarane sine vyar like store. For stryningane er mest interesserte i å berre slå seg saman med Hornindal.

– Eg er litt skuffa over resultatet i Stryn, der dei sa nei til Volda. Eg meiner det er ei framtidsretta og god løysing, men eg aksepterer at dei ikkje ser det same.

På same tid er ordføraren i Stryn noko overraska over resultatet i Hornindal.

– For Stryn sin del så var resultatet føreseieleg, for vi har sett tendensane dei siste vekene. Når det var så likt i Hornindal, så var nok det litt meir overraskande, for vi har nok hatt eit inntrykk av at ein har sett nordover, og det er mogleg det framleis gjeld, men det er ganske jamt, seier ordførar i Stryn, Sven Flo (H).

Volda seier på si side ja til Hornindal og tja til Stryn.

Argumenta for og mot

Kven av naboane Hornindal vil slå seg saman med skal vere bestemt innan 1. juli. Strynordførar lokkar med fleire gode argument.

– Vi har tett samarbeid på mange felt, utvekslar tenester og mange innbyggjarar pendlar mellom kommunane. Vi har eit historisk grunnlag å byggje vidare på.

Honndølane er så å seie delte på midten i kva veg kommunen bør gå, og ordføraren i den vesle kommunen ser også at grannen i nabofylket har noko å tilby. For med Kvivsvegen er vegen kort til bygdene Austefjord og Bjørke på andre sida av tunnelen. Det kan bety ein del for skule, handel og idrett.

– Uansett kva retning vi går i så har vi gode tilbod. Eg har sagt at eg vil bruke tida fram til 1. juli på å bestemme meg for kva eg meiner. Vi kan uansett ikkje gjere alle til lags. Vi må gå for det honndølane er best tente med, seier Lødemel.