Hopp til innhold

Stryningane må vente på svar frå honndølane

– No blir det opp til honndølene, seier Stryn-ordførar Sven Flo. Sambygdingane vil gjerne slå seg saman med Hornindal, men seier klart nei til ein storkommune der også Volda er med.

Stryn 16. juli 2014

FOLKET HAR TALT: Trass elendig valdeltaking, folkemeininga i Stryn er ikkje til å misforstå, meiner ordføraren.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Resultatet av folkerøystinga i Stryn let det vere att liten tvil om kva stryningane vil. Legg ein i tillegg også til resultatet frå innbyggjarundersøkinga som vart lagt fram mens måndagens folkerøysting vart telt opp, teiknar det seg eit klart bilete.

– Rådet vi har fått frå innbyggjarane er ganske klart. Innbyggjarane i Stryn ønskjer å slå seg saman med Hornindal, seier Sven Flo (H) til NRK seint måndag kveld.

Klare svar både på telefon og ved valurnene

Ifølgje ordførarar valde ein å gjennomføre både rådgjevande folkerøysting og innbyggjarundersøking for å vere trygge på at ein fekk eit samanfallande resultat. Det fekk ein:

  • I folkerøystinga
    seier 57,1 prosent ja til samanslåing med Hornindal
    30,1 prosent vil stå åleine som i dag
    11,7 prosent vil ha storkommune med Volda, Hornindal og Stryn
    1,1 prosent røysta blankt
  • I innbyggjarundersøkinga
    seier 62 prosent av dei spurde vil at Stryn skal slå seg saman med ein eller fleire kommunar.
    Men berre 27 prosent av dei som vil ha samanslåing, vil ha ein storkommune som også omfattar Volda.
    70 prosent ønskjer seg derimot ei samanslåing med berre Hornindal.

Flo meiner det no blir opp til Hornindal å finne ut av kven dei vil slå seg saman med, Stryn eller Volda.

– Det er ein sjanse for at Hornindal vel å gå nordover, men ser at det også er nyansar i svara som er komne. Eg skal ikkje forskottere den politiske debatten i Hornindal, men det blir spanande å sjå kva politikarane fell ned på i siste kommunestyremøtet før ferien.

Like spent er Jørgen Amdam (Ap) nord for fylkesgrensa: Volda-ordføraren: – Hornindal blir jokeren

Sven Flo og Stig Olav Lødemel

KVEN VEL HAN? Sven Flo og Stryningane (t.v.) må vente i spenning. Kven vel Stig Olav Lødemel (t.h.) og honndølane framtidig som samlivspartnar?

Foto: Trond Vestre / NRK

Sør eller nordover

I Hornindal, som berre har hatt innbyggjarundersøking, seier eit klart fleirtal ja til kommunesamanslåing. Blant dei som seier ja, vil heile 71 prosent ha med både Volda og Stryn. 26 prosent vil ha samanslåing med berre Stryn.

Men når innbyggjarundersøkinga har spurt respondentane om dei vil at Hornindal slår seg saman med ein eller fleire kommunar i retning sør eller retning nord, blir resultatet straks vanskelegare å tolke. 44 prosent svarar nordover i retning Volda. 44 prosent svarar sørover i retning Stryn. 12 prosent veit ikkje.

– Eg tenkjer at det blir naturleg å ha ein gjennomgang av akkurat desse poenga i undersøkinga. Men dette overlèt eg til politikarane i Hornindal, seier Flo.

For Stryn ser han no berre to moglege scenario. Samanslåing med Hornindal, eller åleinegang. Ufrivillig åleinegang. I Sogn og Fjordane.

Storkommunekart, Ørsta, Volda, Hornindal og Stryn

LAGT DØD: Intensjonsavtalen om ein storkommune med Volda, Hornindal og Stryn, på tvers av fylkesgrensa, blir ikkje noko av.

Foto: NRK

Hornindal avgjer

– Det er rett at nøkkelen ligg i Hornindal, stadfester Stig Olav Lødemel (H).

Ordføraren og resten av kommunestyret på Grodås har kort tid før dei 30. juni – dagen før fristen går ut, skal avgjere om dei går for Volda eller Stryn.

Kommuneskilt Hornindal og Stryn (montasje)

EIN KOMMUNE? Eller ny fylkesgrense mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. 30. juni skal kommunestyret i Hornindal gi oss svaret.

Foto: NRK

– Eg registrerer at vi står fritt til å velje om vi skal gå sørover eller nordover. Vi skal bruke tida fram til 30. juni på å vurdere kva vi kjem best ut av, seier Lødemel.

Imens må ordførarane Jørgen Amdam (Ap) i Volda og Sven Flo (H) i Stryn fint smørje seg med tolmod. Sistnemnde var den einaste som let innbyggjarane gå til valurnene i saka. Men valdeltakinga måndag på 37,7 prosent er Flo lite imponert over.

– Eg hadde håpa på over 50 prosent. Det som er gledeleg er at det høg valdeltaking blant dei unge mellom 16 og 18 år.

Laster innhold, vennligst vent..