I dag startar haustens store miljørettssak når Staten og miljøorganisasjonane Natur og Ungdom (NU) og Naturvernforbundet (NNV) «barkar i hop» i Oslo tingrett.
Spørsmålet er om løyvet til sjødeponi for gruveavfall i Førdefjorden er i samsvar med EU-retten, som Noreg er forplikta av gjennom EØS-avtalen.
Ifølgje saksøkjarane har staten forbrote seg mot to prinsipp: vassrammedirektivet og mineralavfallsdirektivet (meir om desse lengre ned).
– Eg er trygg på at vi skal vinne, seier leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen. Her saman med Gina Gylver.
Foto: Torbjørn Brovold / NRKStaten avvisar dette, og skriv i sluttinnlegget sitt at dei positive samfunnsverknadene ved Engebø-prosjektet veg tyngre enn ulempene.
Dei legg til:
– Staten er likevel samd med NU og NNV om at dei miljømessige konsekvensane av sjødeponiet på det marine livet bør minimerast.






VEVRING, FØRDEFJORDEN: Engebø, som blir den første nye gruva i Noreg på fleire tiår, har varsla produksjonsstart i andre halvdel av 2024.
– Vi kan ikkje øydeleggje fleire fjordar
På same tid som forhandlingane startar i Oslo tingrett er Ingjerd Haarstad i ferd med å leggje bak seg endå ein symjeetappe i Førdefjorden.
I løpet av den første veka av rettssaka er ambisjonen å symje heile fjorden på langs. Målet er skape merksemd om saka og samle inn pengar til å dekkje utgiftene til søksmålet.
– Eg brenn for livet under overflata, det vi ikkje ser, og håpar å få merksemd om rettsaken, seier Ingjerd Haarstad.
Foto: Oddmund Haugen / NRKNaturvernforbundet og Natur og Ungdom meiner at staten også har vurdert miljøkonsekvensane av gruvedrifta for optimistisk.
Foto: Oddmund Haugen / NRK– Eg småfrys og smågruver meg, men nokre hundre meter håpar eg å orke, sa Truls Gulowsen då han gjekk i vatnet for å starte på den første symjeetappen.
Foto: Oddmund Haugen / NRKEU-kommisjonen la i mars fram forslag til ei ny forordning om kritiske råvarer. Hovudformålet er å gjere Europa meir sjølvforsynt. I tillegg skal reglane sikre at utvinning og prosessering skjer på ein mest mogleg berekraftig måte.
Foto: Marit Hommedal / NTBMineralutvinning på land krev i dag behandling hos tre ulike styresmakter, som ser på sakene i tur og orden («sekvensielt»). I praksis betyr det at konsesjonsprosessane kan ta opptil 15 år.
Foto: Marit Hommedal / NTB– Vi kan ikkje øydeleggje fleire fjordar no, seier ho til NRK.
– Det skjulte livet under overflata er heilt avgjerande for oss, sjølv om vi ikkje ser det til dagleg.
Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, var med på den første etappen.
– Eg er trygg på at vi skal vinne, seier han.
– Vi har kjempa i 15 år, og har juridisk sett ei sterk sak.
NRK forklarer
Kva vil Nordic Mining i Førdefjorden?
Gruveselskapet Nordic Mining vil utvinne rutil og granat frå Engebøfjellet i Sunnfjord kommune.
Rutil blir brukt til kvitningsmiddel og som metall i fly og sportsutstyr. Granat blir brukt mellom anna til sliping.
I sjøkanten ved Engebøfjellet skal eit prosessanlegg knuse stein. Herifrå vert rutil og granat sendt ut i verda med skip.
Medan gruveavfallet vert deponert på botn av fjorden. Selskapet anslår mengda til 1,2 - 1,3 millionar tonn årleg.
Gruveplanane har vore omstridde. Då anleggsarbeidet starta opp, var aksjonistar til stades for å stogge arbeidet.
6. mai blei det kjent at Nærings- og fiskeridepartementet held fast ved driftsløyvet.
Henrik Vaaler hos Regjeringsadvokaten seier til NRK at vedtaka byggjer på ei korrekt vurdering av verknaden til sjødeponiet og at «miljøkonsekvensane er svært godt greidde ut».
– Det er ingen tvil om at deponering har store miljøkonsekvensar, og derfor har staten teke seg god tid til grundige vurderingar og tilleggsutgreiingar.
– Kan denne saka gå heilt til Høgsterett?
– Det vil eg ikkje spekulere i. Det vil tida vise.
– Departementet har gått grundig gjennom saka
Det er sett av tre veker til rettsforhandlingane, og meldt inn totalt 16 ekspertvitne frå begge sider.
Direktør i gruveselskapet Nordic Mining, Kenneth Nakken Angedal, har tidlegare sagt til NRK at dei er «trygge på at driftsløyvet er gitt på eit godt og lovleg fundament, etter gode og lange vurderingar i mange instansar».
Striden om fjorddeponiet i Førdefjorden har gått føre seg i ei årrekkje og politisk sett var tida for omkampar forbi då Næringsdepartementet 12. mai i fjor stadfesta at Nordic Mining får behalde lisensen.
– Departementet har gått grundig gjennom saka, sa næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).
Han varsla samtidig at han ville skjerpe miljøkrava i driftskonsesjonen med tre tilleggsvilkår (sjå under).
Juridisk sett var likevel ikkje alle moglegheiter uttømte, og seks dagar etter vedtaket sende Naturvernforbundet og Natur og Ungdom omgjeringskrav med varsel om søksmål til Klima- og miljødepartementet.
– Eit siste desperat forsøk på å trenere, kvitterte Norsk Bergindustri.
Staten har gitt gruveselskapet Nordic Mining løyve til å drive ope dagbrot i Engebøfjellet.
Foto: Oddmund Haugen / NRKKina kontrollerer 98 prosent av sjeldne jordartar som Europa treng til det grøne skiftet. I tillegg har kinesarane bukta og begge endene i fleire av verdikjedene.
Foto: Oddmund Haugen / NRKI tillegg til «primær-argumenta» hevdar saksøkjarane at sjødeponiet er i strid med forureiningslova (paragraf 11) og Grunnlova (paragraf 112). De vil i tillegg leggje vekt på at det finst eit betre alternativ til sjødeponi: såkalla underjorddrift.
Foto: Oddmund Haugen / NRK– Den geopolitiske situasjonen gjer at mineralnæringa står framfor viktige år. Mineral er i ferd med å bli mangelvare, seier stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Olve Grotle (H). Her saman med Høgre-kollega Bård Ludvig Thorheim.
Foto: Oddmund Haugen / NRK– Klare saksbehandlingsfeil
Utgangspunktet til saksøkjarane er det dei karakteriserer som «klare saksbehandlingsfeil» knytt til vassrammedirektivet og mineralavfallsdirektivet.
I eit brev datert 8. oktober 2021 skriv Eftas overvakingsorgan ESA at EUs mineralavfallsdirektiv (sjå faktaboks) ikkje er «tilstrekkeleg gjennomført» i norsk lovgiving, og at Noreg på den måten har brote EØS-avtalen.
Mottakarane av brevet var Klima- og miljødepartementet, som svarte at dei omgåande vil endre praksis.
Men er det nok? Nei, meiner Naturvernforbundet.
Ifølgje dei gjer «innrømminga» til departementet at det er «kvalifisert tvil om driftsløyva er gitt på lovleg grunnlag».
– Vi er trygge på at driftsløyvet er gitt på eit godt og lovleg fundament, seier Kenneth Nakken Angedal, driftsdirektør i gruveselskapet Nordic Mining.
Foto: Eirin Tjoflot / NRKStrid om tolkinga av vassforskrifta
ESA har på si side signalisert at dei slår seg til ro med den norske lovnaden om å implementere mineraldirektivet, men at dei vil undersøkje om den norske praksisen med å tillate sjødeponi er i tråd med vassrammedirektivet.
Det same spørsmålet skal Oslo tingrett ta stilling til. Ifølgje saksøkjarane byggjer dei fire vedtaka i «Førdefjord-saka» på ei feilaktig tolking av vassforskrifta.
Til dette svarer staten at dei er «ikkje samde i at løyvet til forureinande verksemd byggjer på ein feil tolking eller bruk av vassrammedirektivet».
I juni fekk striden om fjorddeponiet i Førdefjorden ny politisk dynamikk (om enn ikkje juridisk) då Havforskingsinstituttet (HI) oppdaga fleire sårbare og truga artar i Førdefjorden enn det som var kjent.
– Dette funnet stadfestar at miljøkonsekvens-utgreiingane og naturkartleggingane som låg til grunn for å tillate deponiet var altfor dårlege, uttalte Gulowsen.
Håvard Brændeland og Agnes Mathilde Lægreid er blant dei som har aksjonert ved Førdefjorden.
Foto: AMANDA IVERSEN ORLICH / Natur og ungdom– Det må vere slutt på den tida der vi kan øydeleggje skjør og særeigen natur for kortvarig profitt, seier Sigrid Losnegård (19).
Foto: AMANDA IVERSEN ORLICH / Natur og ungdom18. september startar haustens store miljørettssak når Staten og miljøorganisasjonane Natur og Ungdom (NO) og Naturvernforbundet (NVF) «barkar i hop» i Oslo tingrett.
Foto: Rasmus Berg / Natur og Ungdom