Hopp til innhold

Omstridd gruveprosjekt kan hamne i retten

Siste ord om sjødeponiet i Førdefjorden er ikkje sagt likevel. – Eit siste desperat forsøk på å trenere, svarer Norsk Bergindustri.

Agnes Mathilde Lægreid og Håvard Brændeland venter på at arbeiderne skal forlate anleggsmaskinene og stoppe arbeidet.

AKSJONISTAR: Håvard Brændeland og Agnes Mathilde Lægreid er blant aksjonistane ved Førdefjorden.

Foto: AMANDA IVERSEN ORLICH / Natur og ungdom

Førre veke melde Næringsdepartementet at Nordic Mining får behalde lisensen til å drive eit ope dagbrot i Engebøfjellet i Sunnfjord.

Massane frå prosjektet skal deponerast på sjøbotnen utanfor fjellet.

Og med det er siste ord om det omstridde gruveprosjektet ved Førdefjorden sagt?

Nei. For no varslar Naturvernforbundet at dei vurderer å ta saka til retten.

Grunnlaget for det er eit brev datert 8. oktober 2021.

I brevet skriv Eftas overvakingsorgan ESA at fleire føresegner i EUs mineralavfallsdirektiv (sjå faktaboks) ikkje er «tilstrekkeleg gjennomført» i norsk lovgiving, og at Noreg på den måten har brote EØS-avtalen.

Mottakarane av brevet var Klima- og miljødepartementet, som svarte at dei omgåande vil endre praksis i tråd med pålegget frå ESA.

Men er det nok? Nei, meiner Naturvernforbundet og fleire med dei.

NRK forklarer

Kva vil Nordic Mining i Førdefjorden?

Gruveselskapet Nordic Mining vil utvinne rutil og granat frå Engebøfjellet i Sunnfjord kommune.

Rutil blir brukt til kvitningsmiddel og som metall i fly og sportsutstyr. Granat blir brukt mellom anna til sliping.

I sjøkanten ved Engebøfjellet skal eit prosessanlegg knuse stein. Herifrå vert rutil og granat sendt ut i verda med skip.

Medan gruveavfallet vert deponert på botn av fjorden. Selskapet anslår mengda til 1,2 - 1,3 millionar tonn årleg.

Gruveplanane har vore omstridde. Då anleggsarbeidet starta opp, var aksjonistar til stades for å stogge arbeidet.

6. mai blei det kjent at Nærings- og fiskeridepartementet held fast ved driftsløyvet.

Gruvedrift i Vevring

Vurderer eit prosessvarsel ganske snart

Ifølgje Naturvernforbundet inneber «innrømminga» til departementet at det er «kvalifisert tvil om at driftsløyva er gitt på lovleg grunnlag».

Vi har ikkje landa enno, men vurderer å sende ut eit prosessvarsel ganske snart, seier leiar i forbundet, Truls Gulowsen.

Eit prosessvarsel inneber at Naturvernforbundet varslar motparten – i dette tilfellet staten – om at ein juridisk prosess er i sving.

Neste stopp vil i så fall vere Oslo tingrett.

Håpet er ikkje ute, seier Alfred Bjørlo (V), som denne veka sende eit skriftleg spørsmål til Stortinget der han spør om konsekvensen av «tilleggsvilkåra» som Næringsministeren lanserte denne veka (sjå faktaboks).

Argumentet mot eit søksmål er at søknadene for avfallshandtering vart send til Miljødirektoratet i 2009, altså før mineralavfallsdirektivet vart innlemma i norsk lov (2012).

Til det vert det innvendt at vedtakstidspunktet var i 2015, altså tre år etter at mineralavfallsdirektivet vart gjorde gjeldande.

Truls Gulowsen ved salamanderdammen i Vestby våren 2022.

SNART LANDA: – Vi har ikkje landa enno, men vurderer å sende ut eit prosessvarsel ganske snart, seier leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen.

Foto: Rushda Syed / NRK

All grunn til å sjå på dei juridiske sidene

«Det naturlege utgangspunktet må vere at vedtakstidspunktet vert lagt til grunn», skriv Naturvernforbundet i eit notat.

Ei kartlegging gjort av NRK viser at minst fire parti på Stortinget resonnerer på same vis:

  • Lars Haltbrekken (SV): Det er all grunn til å sjå på dei juridiske sidene av denne saka. Mineralavfallsdirektivet var gjeldande for Noreg då løyva vart gitt.
  • Sofie Marhaug (Raudt): Vi tvilar sterkt på at driftsløyvet er i tråd med forpliktingane våre. Mykje har skjedd sidan løyvet er gitt. Å setje i gang med anleggsarbeidet er fullstendig uforsvarleg.
  • Arild Hermstad (MDG): Heile prosessen må stansast inntil ESA kan konkludere om driftsløyvet er lovleg.
  • Alfred Bjørlo (V): Regjeringa og Vestre hadde sjansen til å stanse gruvedumpinga i sjø på bakgrunn av EUs mineralavfallsdirektiv. Den sjansen har dei ikkje gripe.

Gulowsen i Naturvernforbundet seier at han gler seg over dei politiske signala:

Det betyr at fleire tenkjer likt som oss, og at vi ikkje står åleine og skrik.

Det må vere slutt på den tida der vi kan øydeleggje skjør og særeigen natur for kortvarig profitt, siger Sigrid Losnegård (19). Måndag vart ho arrestert for andre gong.

AKSJONAR: Næringsdepartementet seier at Nordic Mining får behalde lisensen til å drive eit ope dagbrot i Engebøfjellet i Sunnfjord.

Foto: AMANDA IVERSEN ORLICH / Natur og ungdom

Eit siste desperat forsøk

Blant dei som ikkje tenkjer likt er Høgre og Frp. Deira overtyding er at det må vere søknadstidspunktet (ikkje vedtakstidspunktet) som er avgjerande, og at det er ei tid for alt.

  • Sivert Bjørnstad (Frp): No må det setjast ein strek for omkampar. Her vil det skapast arbeidsplassar og verdiar som lokalsamfunnet og storsamfunnet har stor bruk for.
  • Ove Trellevik (H): Anken er no grundig behandla av departementet, og dette har regjeringa brukt lang tid på. No må vi komme i gong.

På same tid har ESA signalisert at dei slår seg til ro med den norske lovnaden om å implementere mineraldirektivet, men at dei vil undersøkje om den norske praksisen med å tillate sjødeponi er i tråd med vassrammedirektivet.

Klagene frå gruvemotstandarane er eit siste desperat forsøk på å trenere lovlege vedtak som har gått gjennom omfattande konsekvensutgreiingar der effektane av sjødeponi er grundig vurdert og dokumentert, seier generalsekretær i Norsk Bergindustri, Anita Helene Hall (heile svaret i faktaboks).

Kenneth Nakken Angedal er driftsdirektør i gruveselskapet Nordic Mining.

Vi er trygge på at driftsløyvet er gitt på eit godt og lovleg fundament, etter gode og lange vurderingar i mange instansar, seier han.

Kenneth Nakken Angedal, prosjektleiar i Nordic Mining.

TRYGG GRUNN: – Vi er trygge på at driftsløyvet er gitt på eit godt og lovleg fundament, seier Kenneth Nakken Angedal, driftsdirektør i gruveselskapet Nordic Mining.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

Det siste sjødumpingprosjektet som vert godkjend

Gulowsen i Naturvernforbundet seier han har forståing for dei som no vil ha ro og forsoning rundt gruvesaka.

Han viser til fleire symbolske miljøkampar, som Alta-aksjonen, som tilsynelatande endar med tap, men som bær frukter i eit lengre perspektiv.

Om ikkje anna, så er eg heilt sikker på at dette er det siste sjødumpingprosjektet som vert godkjend av norske styresmakter. Men det hadde vore fint å stoppa det innan det.