Hopp til innhold

Funn av raudlista artar skaper ny strid om fjorddeponi

Naturvernarar hevdar deponiplanane i Førdefjorden må kjennast ugyldige etter nye funn av raudlista artar.

Engebø

ENGEBØ, FØRDEFJORDEN: Nye funn viser at artsmangfaldet i fjorden er større enn antatt.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Havforskingsinstituttet (HI) har oppdaga fleire sårbare og truga artar i Førdefjorden enn det som så langt har vore kjent.

Blant dei raudlista artane er bambuskorallar og blålange.

Det er eit endå større artsmangfald i fjorden enn kva vi har klart å dokumentere før, også heilt inne ved deponiområdet, seier HI-forskar Terje van der Meeren.

Han karakteriserer funnet av gytande blålange som «det mest oppsiktsvekkande funnet».

– Vi har tidlegare observert blålange i Førdefjorden, men vi har aldri, verken her eller andre stadar i Noreg, fått tak eit gytande eksemplar inne i ein fjord før no, seier van der Meeren.

Blålange og bambuskorall

Blålange tilhøyrer torskefamilien og har hatt status som «sterkt trua» sidan 2006.

Foto: Havforskingsinstituttet

Omstridd gruveprosjekt

Gruveselskapet Nordic Mining fekk i 2009 løyve til sjødeponi i Førdefjorden utan å greie ut andre alternativ.

Forklaringa er at mineralavfallsdirektivet til EU, som krev at tiltak for å minimere avfall skal vere «ein integrert del av planprosessen», først vart teke inn i norsk lov i 2012.

Til det har fleire innvendt at tidspunktet for vedtaket var i 2015, altså tre år etter at mineralavfallsdirektivet vart gjorde gjeldande.

Og der har den politiske og juridiske striden stått i fleire år. I september går saka til retten.

Førdefjorden

Kartet viser kor forskarane tråla i Førdefjorden (raude strekar) og det planlagde deponiområdet (lilla).

Foto: Havforskingsinstituttet

Direktør i gruveselskapet Nordic Mining, Kenneth Nakken Angedal, har tidlegare sagt til NRK at dei er «trygge på at driftsløyvet er gitt på eit godt og lovleg fundament, etter gode og lange vurderingar i mange instansar».

Det har ikkje lykkes NRK å få ein ny kommentar frå selskapet.

Næringsdepartementet stadfesta i fjor at Nordic Mining får behalde lisensen og halde fram med planane.

– Departementet har gått grundig gjennom saka og komme fram til at selskapet må innvilgast driftskonsesjon, sa næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) i fjor.

Næringsminister Jan Christian Vestre

Onsdag la næringsminister Jan Christian Vestre fram ein ny mineralstrategi med strengare krav til å redusere omfanget av deponerte massar, betre ressursutnytting og mindre naturbelastning.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Kan ikkje tillate at slike miljøverdiar blir drukna i gruveslam

Kritikarar av vedtaket hevdar funnet av raudlista artar endrar føresetnadane og skaper nytt momentum i saka.

– Kan næringsministeren garantere at sårbare og trua artar som korallar og gytande blålange ikkje blir kvelt i gruveslam? Om ikkje, må lisensen til gruveselskapet trekkjast tilbake, seier Greenpeace-leiar Frode Pleym.

Han legg til:

– Regjeringserklæringa seier klart og tydeleg at natur og klima skal vere ei ramme om all politikk. Det betyr at dumping av gruveslam er stikk i strid med den uttalte politikken til regjeringa.

Bevisa på kor skadeleg dumpinga av gruvemassar i fjorden kan bli, blir stadig sterkare, seier stortingsrepresentant for SV, Lars Haltbrekken.

Han legg til at regjeringa må snu «dei vanvitige planane».

Truls Gulowsen i Naturvernforbundet gler seg over funnet av dei raudlista artane, men legg til at «vi kan ikkje tillate at slike miljøverdiar blir drukna i gruveslam»:

Dette funnet stadfestar at miljøkonsekvens-utgreiingane og naturkartleggingane som låg til grunn for å tillate deponiet var altfor dårlege.

NRK forklarer

Kva vil Nordic Mining i Førdefjorden?

Kva vil Nordic Mining i Førdefjorden?

Gruveselskapet Nordic Mining vil utvinne rutil og granat frå Engebøfjellet i Sunnfjord kommune.

Kva vil Nordic Mining i Førdefjorden?

Rutil blir brukt til kvitningsmiddel og som metall i fly og sportsutstyr. Granat blir brukt mellom anna til sliping.

Kva vil Nordic Mining i Førdefjorden?

I sjøkanten ved Engebøfjellet skal eit prosessanlegg knuse stein. Herifrå vert rutil og granat sendt ut i verda med skip.

Kva vil Nordic Mining i Førdefjorden?

Medan gruveavfallet vert deponert på botn av fjorden. Selskapet anslår mengda til 1,2 - 1,3 millionar tonn årleg.

Kva vil Nordic Mining i Førdefjorden?

Gruveplanane har vore omstridde. Då anleggsarbeidet starta opp, var aksjonistar til stades for å stogge arbeidet.

Kva vil Nordic Mining i Førdefjorden?

6. mai blei det kjent at Nærings- og fiskeridepartementet held fast ved driftsløyvet.

Gruvedrift i Vevring

– Dette er skikkeleg spennande

Havforskarane brukte Shannon-Wiener artsdiversitetindeks for å «skåra» artsmangfaldet på dei ulike stoppestadane.

– Botntrålstasjonen i det planlaga gruvedeponiområdet hadde den høgaste skåren, seier toktleiar Guldborg Søvik.

Les også Kina skaper press på meir gruvedrift i Noreg

Med Engebøfjellet i Førdefjorden som kulisse lanserte Høgre fredag ein ny mineralstrategi for å setje fart på norsk bergverksdrift.

Undersøkinga viste vidare at Førdefjorden «truleg» har ein eigen type «Noregs mest smakfulle fisk»: skolesten.

Førebelse analysar tyder på at varianten i Førdefjorden er genetisk ulik skolesten frå Skagerrak, Korsfjorden og Trondheimsleia.

– Dette er skikkeleg spennande. «Artsmangfald» omfattar meir enn berre førekomsten av ein art, det handlar også om dei ulike genetiske stammane. Og her kan det sjå ut til at Førdefjorden har sin eigen variant av denne djupvassfisken, seiar van der Meeren.

Eftas overvakingsorgan ESA har signalisert at dei vil undersøkje om praksisen med å tillate sjødeponi er i tråd med vassrammedirektivet.

Kenneth Nakken Angedal, prosjektleiar i Nordic Mining.

– Vi er trygge på at driftsløyvet er gitt på eit godt og lovleg fundament, seier Kenneth Nakken Angedal, driftsdirektør i gruveselskapet Nordic Mining.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK