Hopp til innhold

Blei sendt på karantenehotell – hundrevis vil ha pengane tilbake frå Noreg

Over 3200 personar er viste bort frå Noreg sidan regjeringa stramma inn, viser nye tal. No vil mange av dei ha tilbake pengar dei betalte for karantenehotell.

Adokvat Lina K. Smorr

ADVOKAT: Advokat Lina K. Smorr har tidlegare engasjert seg i debatten rundt både bortvisingar og praksis rundt karantenehotell.

Foto: Advokatfirmaet Andersen & Bache-Wiig

– Det handlar ikkje berre om pengar og tapt inntekt. Det handlar om det mentale. Det handlar om nærleik og kjærleik til sin familie og sine ungar forsvann.

Det seier ei polsk kvinne som er ein av mange polakkar som no krev pengar tilbake etter opphald på karantenehotell.

I februar i år stramma regjeringa inn på innreisekrava for EØS-borgarar. Plutseleg var det ikkje nok å bu i Noreg – ein måtte også vere folkeregistrert her for å få sleppe inn.

Det fekk store konsekvensar for tusenvis av EØS-borgarar som bur og arbeider i Noreg. Mange måtte ta inn på karantenehotell mens ein ventar på å bli tvangssendt ut av landet.

Praksisen har ved fleire høve blitt kritisert for å bryte EØS-lova, grunnlova og den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Tør ikkje stå fram med namn

I førre veke snudde regjeringa, og innrømte at reglane hadde slått «strengt ut».

Kvinna NRK har snakka med seier polakkar har opplevd mykje hets når dei vil tilbake til Noreg etter reise til heimlandet.

– Polakkar har blitt veldig stempla i Noreg. Det er mykje negativt snakk om polakkar. Dette er ein stor sak for oss, og me ynskjer ikkje å få hat i media, rett og slett. Det er veldig trist, seier ho til NRK.

Ho høyrer dagleg historier frå polakkar som ikkje får kome inn til Noreg, eller som har familie i utlandet. Ho meiner mange ynskjer å halda seg anonyme i saka grunna hets mot polakkar, og vil sjølv vere anonym av same grunn.

Stor gruppe krev pengar tilbake

Torsdag sende advokatfirmaet Andersen & Bache-Wiig eit varsel om søksmål til Justisdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Firmaet representerer per no rett under 700 EU/EØS-borgarar som er villige til å utfordra Staten i retten. Målet er å prøva om ordninga med karantenehotell er lovleg, og i tråd med Grunnlova og menneskerettane.

– Det er eit stort behov for ei skikkeleg rettsleg vurdering av karantenehotellordninga, seier advokat Lina Smorr.

Advokatkontoret har blitt kontakta av mange personar som blir ramma hardt av ordninga. Spesielt utsette er personar som jobbar i Noreg, men som har familie i eit anna land.

NRK har tidlegare skrive om 23 år gamle Kinga Agata Mulawka, som i april vart kasta ut av landet etter å ha vore i gravferd til si eiga mor i Polen.

Torsdag kveld har gruppa bak kravet, som primært består av polakkar som arbeider og bur i Noreg, samla inn i underkant av 300.000 kroner i ein Spleis-aksjon.

Ein av medlemmene i gruppa har tatt kontakt med NRK. Ho er med i gruppa, men saman med ei fleste andre ynskjer ho å vera anonym. Ho meiner mange ynskjer å halda seg anonyme i saka grunna hets mot polakkar.

Advokat Lina Smorr har understreka dette i brevet til departementet.

«For å avgrense enkeltpersonars eksponering, vil søksmålet truleg reises av ein foreining med tilstrekkelege middel», heiter det i brevet.

Kinga

VIST BORT: Kinga Agata Mulawka blei tvangsreturnert til Polen etter å ha deltatt i mora si gravferd.

Foto: Privat

Krev betalt for fleire tusen hotellnetter

I brevet til departementa argumenterer Smorr med at ordninga med karantenehotell er i strid med krav til grunngjeving, nødvendigheit og samsvar. Både som følger av smittevernlova, men også menneskerettane og internasjonale plikter etter EØS-avtalen.

Smorr meiner betalinga strir mot den bindande internasjonale IHR-avtalen, som òg er gjennomført i Noreg i eigen IHR-forskrift.

– Me meiner at Noreg har handla i strid med sine internasjonale plikter, når personar som pliktar å opphalda seg på karantenehotell må betala ein eigendel, seier advokat Smorr.

Advokatfirmaet ber difor styresmaktene om å endra dette og laga ei ordning slik at dei som allereie har betalt for opphald på karantenehotell kan få betalt tilbake utgiftene.

I og med at det til no er uklart kor mange som til slutt vil stå bak kravet, vil ikkje Smorr gå ut med sum. Basert på talet på personar bak kravet er det rimeleg å anta at det dreier seg om fleire tusen hotellnetter.

I tillegg meiner Smorr at betalinga har blitt brukt mot som ein «avskrekkingsmetode», der tanken bak er å skremme folk frå reise til utlandet.

Difor ber advokaten om at ordninga med karantenehotell blir oppheva, alternativt at ordninga blir avgrensa til personar i karantene som ikkje har eigna opphaldsstad.

Monica Mæland

SNUR: Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) har letta på dokumentasjonskrava ved innreise.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

Fleire tusen viste bort

NRK har vore i kontakt med Justisdepartementet torsdag kveld for ein kommentar til brevet og kravet om tilbakebetaling.

Presseavdelinga varslar at dei vil koma tilbake til saka.

Etter mykje debatt rundt praksisen, varsla justisminister Monica Mæland (H) at det vart mjuka opp i dei strenge reglane frå og med 21. mai.

Ifølgje Justisdepartementet er ein årsak til endringa at kravet slo strengt ut overfor ein del personar som ikkje er registrert busett i Noreg, særleg over tid.

Tal frå Politiets utlendingseining (PU) viser at 3294 utlendingar som bur i Noreg har blitt vist bort frå landet sidan regjeringa stramma inn reglane tidlegare i år.

Talet for perioden mellom januar og mars var 2100 då NRK fyst melde det. No er talet justert opp til 2.366 grunna etterrapporteringar.

Vil unngå rettssak

Ifølge advokat Smorr ønsker gruppa å unngå søksmål, dersom dialogen med styresmaktene når fram.

Advokaten har også tru på at styresmaktene vil sjå på brevet som ein invitasjon til konstruktivt dialog, slik at nødvendige justeringar kan gjerast raskt.

– Det vil sikra at smitteverntiltak står fram som velgrunna, målretta og forholdsmessige, noko som vil auka oppslutnaden blant befolkninga, seier Smorr vidare.

Hei!

Eg jobbar som journalist i NRK Vestland. Har du tips til saker eg burde dekka? Ikkje nøl med å ta kontakt med meg!