Hopp til innhold

Blir kasta ut av Noreg fordi ho drog i mora si gravferd

Laurdag blir 23 år gamle Kinga Agata Mulawka sett på eit fly ut av landet. Årsaka er at ho prøvde å reisa inn i landet igjen etter å ha vore i mora si gravferd.

Kinga Agata Mulawka

VIST BORT: Kinga Agata Mulawka blir i morgon send til Polen, fordi ho var tre-fire dagar vekke frå Noreg då mora vart gravlagd.

Foto: Privat

– Eg er skaka, seier Kinga Agata Mulawka (23) på telefon frå karantenehotellet ved Sandefjord lufthavn Torp.

I morgon tidleg blir ho send med fly til Polen, etter at ho tysdag kom tilbake til Noreg.

Då hadde ho vore i heimlandet for å delta i gravferda til mora, som døydde brått og uventa 31. mars.

– Eg syns folk er hjartelause som ikkje forstår at eg ville seia farvel til mamma og dra i gravferda. Sjølv om eg har jobb og bur her, og har ein forlova her, får eg ikkje komma tilbake. Eg er 23 år og får aldri meir sjå mor mi. Eg forstår ikkje at folk ikkje skjønar at eg ville ta farvel med henne, seier ho.

Trudde reisa var innanfor

Då flyet hennar frå Polen landa på Torp for tre dagar sidan, vart ho stoppa av grensepolitiet.

Mulawka har jobba eitt år sidan ho kom til Noreg sommaren 2019. I fjor vart ho permittert på grunn av koronapandemien, og har sidan hatt dagpengar frå Nav.

Ho leiger husvære saman med kjærasten sin i Oslo.

Derfor trudde ho at ho oppfylte krava for å kunna delta i gravferda i Polen. I den opprørande situasjonen etter det plutselege dødsfallet forstod ho reglane som at ho kunne dra.

For det første hadde statsministeren sagt at ein kunne ta nødvendige reiser, som ved dødsfall i nær familie.

For det andre stod det på Justisdepartementets heimeside at «I utgangspunktet kan kun utlendinger som er bosatt i Norge reise inn i Norge nå.»

– Fordi berre nødvendige reiser blir godtatt, venta eg med å reisa, og var berre heime i tre dagar. Eg tenkte at eg ikkje kunne sørga saman med søstera mi lenger enn det, seier Mulawka på telefon frå hotellrommet.

Torill Sorte, enhetsleder i politiet i Sør-Øst

KLARE REGLAR: Einingsleiar Torill Sorte i Sør-Øst politidistrikt seier at på grunn av smittereglane må utlendingar som hovudregel stå i folkeregisteret for å få innreise til Noreg.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Ikkje i folkeregisteret

Men tilbake på flyplassen i Noreg 13. april fekk ho beskjed om at ho ikkje oppfyller vilkåret om å vera busett i Noreg, fordi ho ikkje er står i folkeregisteret.

Det er ikkje nok at ho har budd i landet sidan 2019, har D-nummer (midlertidig norsk personnummer), har jobba og skatta til Noreg, og dei siste månadane fått dagpengar frå Nav.

Einingsleiar Torill Sorte har ansvar for grensekontroll i Sør-Øst politidistrikt. Ho kan ikkje kommentera enkeltsaker.

– Det er veldig trist at ho ikkje kjem inn når ho har vore på ei slik reise. Men regelverket er ganske klart, seier ho.

Sorte viser til at reisa må vera nødvendig, og at ei gravferd er det.

– For det andre må ein vera busett i Noreg, det vil seia folkeregistrert med norsk personnummer for å bli sett på som busett. Dersom ein ikkje oppfyller begge desse vilkåra, blir ein vist bort.

I morgon tidleg blir Mulawka og fem-seks andre sett på eit fly frå Gardermoen til Krakow.

Sekretær Patrycja Firlej (t.v.) og leiar Anna Najderek i Pols-norsk forening for utdanning og integrering i Bergen.

KJEMPAR: Patrycja Firlej og Anna Najderek i Norsk-polsk forening for utdanning og integrering i Bergen arbeider på spreng for å hjelpa 23-åringen som er vist bort etter gravferda.

Meiner styresmaktene må ta meir omsyn

Ho har no søkt hjelp frå ei norsk-polsk foreining i Bergen.

– Det er kjempetrist at nokon berre ser på reglane, seier leiar Anna Najderek.

Sekretær Patrycja Firlej i foreininga meiner styremaktene må ta menneskelege omsyn.

– Vi har prøvd å forklara politiet at reisa var nødvendig av sterke menneskelege omsyn, og vi har send brev til statsministeren og justisministeren.

Torill Sorte i politiet seier det kan sendast klage, og at UDI då vurderer saka.

Patrycja Firlej er kritisk til at koronareglane no set krav om at utlendingar står i folkeregisteret for å vera definerte som busette i Noreg.

– Før vart ein rekna som busett dersom ein hadde registreringsbevis og arbeidsavtale.

Firlej seier dei no har engasjert advokat for å prøva å stansa bortvisninga.

– Kinga gret og er engsteleg. Ho fryktar at ho ikkje får sjå kjærasten på mange månadar, og at ho mister dagpengane. Dessutan blir ho sett på eit fly til Krakow, 400 kilometer frå heimbyen Wroclaw, og vi veit ikkje om polske smittevernreglar tillèt at ho tar toget dit frå Krakow.