Hopp til innhold

Full forvirring om å vera «busett» i Noreg – gravide Girdvile får ikkje kome inn att i landet

Nye koronaregler har snudd opp-ned på definisjonen av det å bu i Noreg. Advokatar rasar mot den nye praksisen, der hundrevis skal ha blitt bortvist.

Girdvile Buicenkaite

KARANTENE: Girdvile Bucienkante og sambuaren Deividas Vidziunas fekk etter fem dagar i karantenehotell lov til å flytta seg opp på taket av hotellet.

Foto: Privat

– Vi blir nedringt av personar fra EØS-land som bur i Noreg no. Dei får jo ikkje komma heim, tordnar advokat Lina K. Smorr.

Ho er ei av dei som har engasjert seg i det som no skjer på den norske grensa.

Personar frå EØS-land som har bustad, familie og jobb her i landet, blir bortvist og sendt ut når dei kjem tilbake frå turar til heimlandet.

– Noregs praksis bryt med både EØS-reglane, grunnlova og menneskerettane, meiner Smorr.

NRK fortalde fredag om 23 år gamle Kinga Agata Mulawka, som vart vist bort frå Noreg etter å ha vore fire dagar i Polen i mora si gravferd.

Mora døydde brått og uventa rett før påske. Laurdag sende grensepolitiet Mulawka med fly ut av Noreg.

No viser det seg at ho er langt frå aleine.

Kinga Agata Mulawka

SENDT UT: Kinga Agata Mulwaka vart utvist til Polen etter at ho deltok i gravferda til mora.

Foto: Privat

Forstår ikkje reglane

Mulawka trudde at ho oppfylte vilkåret om å vera «busett i Noreg» når ho både har arbeidd, betalt skatt, og seinare hatt dagpengar frå Nav. Ho har dessutan leigd husvære saman med kjærasten sin sidan ho kom til Noreg sommaren 2019.

Ein av dei som står i fare for å bli utvist er litauaren Girdvile Buicenkante. Ho bur i Noreg og er gravid.

Buicenkante reiste til Litauen for å ta ein fostervassprøve i mars.

Det får ein ikkje gjort i Noreg viss ein er under 35. Då ho kom tilbake til Noreg, fekk ho beskjed om at ho ikkje slapp inn i landet, sjølv om ho har både D-nummer, arbeidskontrakt og er folkeregistrert i Noreg.

Ho og sambuaren vart sett på karantenehotell i Lillestrøm. Dei blir utvist til Litauen denne veka, medan husleige og skatt blir betalt til Noreg.

Heller ikkje Buicenkante forstår reglane for kva det vil seie å vere «busett» etter at dei blei skjerpa inn.

Full forvirring om ordet «busett»

Ifølge dei nye innreisereglane til regjeringa må ein vera busett i Noreg for å kome inn att i landet etter å forlate det.

Men: Definisjonen av ordet «busett» varierer frå instans til instans.

Justisdepartementet seier at ein må vere registrert som busett i folkeregisteret, i tråd med reglane om dette i folkeregisterlova.

Denne definisjonen vart skjerpa inn i november 2020, og skjerpa inn ytterlegare i februar i år. Departementet seier det var behov for ei tolking som ikkje gav rom for omgåing av regelverket.

Skatteetaten understrekar at det ikkje er ein føresetnad for skatteplikt til Noreg at ein har fått eit norsk ID-nummer.

Det er justisdepartementet sin definisjon UDI og politiet har nytta seg av når dei skal vurdere kven som kan kome tilbake til Noreg. Skatteetaten og Nav sin definisjon er sett til side.

– Vi er klar over at innstrammingane har hatt store konsekvensar, og har forståing for at det er vanskeleg for mange, seier Andreas Skjøld-Lorange, senior kommunikasjonsrådgiver i justisdepartementet.

Advokatar reagerer – skal gjelde hundrevis

Advokat Lina K. Smorr i Andersen & Bache-Wiig reagerer sterkt på korleis EØS-borgarar blir behandla på grensa til Noreg.

Advokat Lina Smorr

REAGERER: Advokat Lina Smorr meiner at gjeldande praksis gjer EØS-borgarar rettslause.

Foto: Advokatfirmaet Andersen & Bache-Wiig

– Slik dei midlertidige innreiserestriksjonane er no, blir alle EØS-borgarar vist bort viss dei ikkje har norsk fødselsnummer, men berre eit D-nummer. Det hjelper ikkje at dei kan dokumentere at dei faktisk er både busett og har arbeid i Noreg og berre har vore på ei kort og nødvendig reise til utlandet, seier Smorr.

Advokaten har fått opplyst frå politiet at hundrevis av utlendingar som bur i landet har blitt vist bort på dette grunnlaget.

Meiner ho er fast busett

Advokat Farooq Ansari i In Solidum Advokatfirma har klaga på bortvisingsvedtaket til Kinga Mulawka. Han meiner 23-åringen utan tvil er fast busett i Noreg.

– Alle offentlege instansar, altså Utlendingsdirektoratet (UDI), skatteetaten og Nav, har lagt til grunn at Mulawka er lovleg fast busett i Noreg. Politiet tolkar og praktiserer innreisereglane feil, skriv Ansari i klagebrevet.

UDI meiner dei har informert godt om endringane av krav for å vere busett i Noreg, og viser til eigne nettsider.

Farooq Ansari

MEINER KINGA ER BUSETT: Advokat Farooq Ansari i In Solidum Advokatfirma

Foto: Iram Ansari / NRK

Slik svarer departementet

NRK har spurt Justisdepartementet om endra definisjon av det å vere busett i Noreg har vore kommunisert tydeleg nok.

– Det kan ein diskutere. Både utforming av regelverket og å formidle det tydeleg, er krevande oppgåver i ein siutasjon som endrar seg. Det er forståeleg at det er vanskeleg for den einskilde å halde oversikt, men ein har likevel plikt til å setje seg inn i dei til ei kvar tid gjeldande reglane.

– Kan menneskelege omsyn takast viss dette har blitt misforstått til dømes i samband med reise til begravelse i nær familie?

– Vi kan ikkje gå inn i einskildsaker, men etter innreiserestriksjonslova § 2 andre ledd kan ein utlending få rett til innreise dersom «særlege grunnar» tilseier det. Den konkrete vurderinga av kven som skal få til innreise, må gjerast på grensa.