Hopp til innhold

Regjeringa snur om strenge innreisereglar. No truar 2000 polakkar med søksmål mot staten

Noreg har brote menneskerettane ved å nekte EØS-borgarar innreise til landet, meiner kritikarar. No lempar regjeringa på krava, men risikerer massesøksmål.

Høring i Stortinget om salg av Bergen Engines, Monica Mæland tar på seg munnbind

SNUR: Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) vil lette på dokumentasjonskrava ved innreise.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

I februar i år stramma regjeringa inn på innreisekrava til EØS-borgarar.

For å komme inn i landet heldt det ikkje med å bu i Noreg – ein måtte også vere registrert i Folkeregisteret.

Mange EØS-borgarar som bur og arbeider i Noreg, men ikkje var folkeregistrert, vart difor stoppa på grensa og tvangsreturnert.

Tal frå Politiet si utlendingseining viser at 2100 personar har blitt vist vekk i perioden januar til mars.

NRK har tidlegare skrive om 23 år gamle Kinga Agata Mulawka, som i april vart kasta ut av landet etter å ha vore i gravferd til si eiga mor i Polen. Ho har enno ikkje kunna reise tilbake.

Men frå 21. mai blir det no lettingar i reglane.

Kan bruke annan dokumentasjon

– Vi såg at kravet slo strengt ut ovanfor ein del personar som ikkje er registrert busett, særleg over tid, skriv statssekretær i Justisdepartementet, Lars Jacob Hiim til NRK.

Lars Jacob Hiim

SVARAR: Statssekretær Lars Jacob Hiim frå justisdepartementet seier dei ser at innreisekrava slo strengt ut for mange.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Dei seier at dei strenge reglane har vore sentrale for at importsmitten er redusert.

– Noreg er på veg mot å opne samfunnet, og regjeringa meiner difor det er riktig å lette på dette kravet, skriv Hiim.

Kan endeleg kome heim

Polske Kinga Agata Mulawka er letta over at regjeringa snur.

– Dette betyr at eg kan kome heim, og ikkje treng uroe meg for når eg kan kome heim, seier ho til NRK.

Kinga

BLEI VIST BORT: Kinga Agata Mulawka blei nekta innreise etter å ha vore i Polen, fordi ho var tre-fire dagar vekke frå Noreg då mora vart gravlagd.

Foto: Privat

Advokat Lina K. Smorr ved advokatfirmaet Andersen & Bache-Wiig, er ein av juristane som har uttalt til NRK at innreisekrava har brote mot EØS-avtalen og menneskerettane.

Ho representerer 2000 polske borgarar som har blitt ramma av innreisereglane.

Smorr seier det er positivt at regjeringa snur, men truar med søksmål om regjeringa ikkje pungar ut for dei råka.

– Det held ikkje å lempe på krava. Justisdepartementet må sjå bakover og kompensere dei som har lidd eit tap, seier Smorr til NRK.

Advokatfirmaet kartlegg no dei økonomiske tapa til kvar av dei 2000 polakkane. Summen skal munne ut i eit samla erstatningskrav.

Justisdepartementet vil førebels ikkje kommentere søksmålet. Statssekretær Lars Jacob Hiim påpeiker at dei innførte ei kompensasjonsordning i april.

Advokat Lina Smorr

KRITISK: Advokat Lina K. Smorr er positiv til at justisdepartementet endrar innreisereglane, men meiner dei som har lidd tap må kompenserast.

Foto: Advokatfirmaet Andersen & Bache-Wiig

– Vi har ikkje hatt ein slik pandemi i nyare tid

Regjeringa jobbar no med å finne ut kva for kriterium ein skal oppfylle for å få reise inn. Dette avgjer dei før 21. mai.

Hiim i Justisdepartementet seier at utgangspunktet for regjeringa er at norsk regelverk skal vere i tråd med EØS-lover.

– Samstundes er det ikkje openbert akkurat kvar dei EØS-rettslege grensene skal trekkast i dette tilfellet. Vi har ikkje hatt ein slik pandemi i nyare tid. Det er avgrensa rettspraksis og tolkingsuttalar å sjå hen til, skriv han.

– Er lettingane ei innrømming frå regjeringa si side om at krava om å vere folkeregistrert har slått urimeleg ut for mange?

– Vi har ikkje stått i ein liknande situasjon før, og det er krevjande å trekke grensene for kva tiltak som er naudsynte og forholdsmessige. Difor er også tiltaka kontinuerleg til vurdering, med sikte på lettingar når det er mogeleg.

Sekretær Patrycja Firlej (t.v.) og leiar Anna Najderek i Pols-norsk forening for utdanning og integrering i Bergen.

LETTA: Sekretær Patrycja Firlej (t.v.) og leiar Anna Najderek i Polsk-norsk foreining for utdanning og integrering i Bergen.

– Ei stor lette

Agnieszka Robak er ein av tre gruppeleiarar for dei til no 2000 polakkane som har organisert seg for å prøve innreisereglane rettsleg.

– Vi er klare til å gå til søksmål mot staten med bakgrunn i bortvisingspraksisen, samt karantenehotellordninga, som vi ønsker å oppheve.

Sekretær Patrycja Firlej i Polsk-norsk foreining i Bergen har meint at styremaktene må ta menneskelege omsyn.

– Det er ei stor lette for oss alle. Dette er endringar som kjem etter påtrykk frå det internasjonale miljøet, seier ho.