Hopp til innhold

Irma fekk ingen hjelp til sonen på fire månader på karantenehotellet

Utlendingar som bur i Noreg blir plasserte på karantenehotell før mange av dei blir viste bort frå landet. No reagerer fleire på behandlinga dei har fått på hotella.

Irma Zabitine

I KARANTENE: Irma Zabitiene var på karantenehotell med sonen sin. Ho er ei av mange EØS-borgarar som reagerer på behandlinga ho fekk der.

Foto: Privat

– Det var svært vanskeleg. Babyen gret heile tida, og eg var frustrert fordi ingen snakka med meg og forklarte situasjonen, seier Irma Zabitine.

Ho kjem frå Litauen, og bur i Noreg. Etter ein tur til heimlandet vart ho plassert på karantenehotell då ho kom tilbake til Noreg.

Der vart ho ei av dei som sto i fare for å bli vist bort frå Noreg, sjølv om dei bur her. NRK har den siste tida fortalt om ei lang rekkje EØS-borgarar som ikkje slepp inn igjen i Noreg etter reiser til heimlandet.

Personar som av ulike årsaker ikkje slepp inn igjen i landet etter å ha vore utanlands, og skal visast bort frå landet, må bu på karantenehotell medan dei ventar på retur.

Karantenehotell er ei ordning som bestemmer kor karantenen skal føregå, men det betyr ikkje at ein skal isolerast på hotellet. Så lenge ein kan unngå andre er det lov å vere utanfor staden ein har karantene, ifølge offentlege retningsliner.

Fleire fortel no til NRK at det er nettopp det dei fekk beskjed om.

Truga med bot

NRK har fått mange tips og historier frå utanlandske statsborgarar og tida på karantenehotell før bortvising.

Her er nokre av historiene som fleire fortel om:

  • Personar som opplever at det er forbode å forlate rommet, og blitt truga med bot om dei gjer det.
  • Personar som har fått dårleg informasjon om utreise og kva reglar som gjaldt på hotellet.
  • Personar som ikkje fekk forlate rommet før advokaten deira vart informert og tok kontakt med hotellet.
Retningslinjer karantenehotell

IKKJE FORLAT ROMMET: Denne lappen vart levert til ein av gjestene på karantenehotellet. Fleire gjestar meiner bodskapen var klar: Det er ikkje lov å forlate hotellrommet.

Foto: Privat

Felles for dei alle: Dei er EØS-borgarar med lovleg opphald i landet, men som har vore på reise i heimlandet.

Så mange som hundrevis som bur og jobbar i Noreg kan ha blitt vist bort frå landet etter nye innreisereglar kom på plass i januar.

Som gravide Girdvile Bucienkant som hamna på karantenehotell etter ein tur til Litauen for å ta fostervassprøve.

Ho fortel til NRK at ho ikkje fekk forlate rommet før etter fem dagar. Først da advokat vart kontakta fekk dei først lufte seg utanfor.

Girdvile Buicenkaite

KARANTENE: Girdvile Bucienkante og sambuaren Deividas Vidziunas fekk etter fem dagar i karantenehotell lov til å flytta seg opp på taket av hotellet

Foto: Privat

To timar biltur for bleier

Ei anna av dei som har vore på karantenehotell er Irma Zabitiene. Ho var der med den fire månadar gamle sonen hennar tidlegare i år.

Der hadde ho fleire opplevingar ho syns var sjokkerande. Først fekk ikkje ungen eiga seng.

Då dei etter kvart fekk ei reiseseng til sonen, var den utan madrass, berre med eit teppe.

Då ho trengde hjelp til å få morsmjølkerstatning til barnet ville hotellet ikkje kjøpa inn dette, ifølgje Irma.

– Mannen min jobba to timar vekke frå hotellet, så han hadde ikkje alltid moglegheit til å levere ting til oss, seier Zabitine til NRK.

Irma seier at informasjonen var avgrensa, og uvissa om situasjonen var tøff. Mest uroa var ho for sonen.

– Eg fekk alt eg trong, og har vel ingenting å klage på. Men ingen brydde seg om babyen min, seier Zabitine.

Også ho kontakta advokat, og fekk då lov å fullføre karantenen i eigen heim av omsyn til babyen.

Irma Zabitine

I KARANTENE: Irma Zabitiene fekk til slutt reise heim og ta resten av karantenen der på grunn av sonen.

Foto: Privat

Irma fekk etter kvart kome inn att i Noreg, ved å vise dei same dokumenta som i utgangspunktet gjorde at ho vart sett i karantene mens ho venta på utreise.

Så mange som hundrevis av andre EØS-borgarar skal ha blitt vist bort frå Noreg dei siste månadene, etter at reglane for å vera «busett» i landet vart endra.

– Praktisert som ein arrest

Advokat Lina Smorr ved advokatfirmaet Andersen & Bache-Wiig representerer fleire personar som har blitt plassert på karantenehotell.

Ho meiner at karantehotellreglane slik dei er no har hatt ein forskjellsbehandling på EØS-borgarar og andre i karantene.

– Det gjekk vaktar i gangane og passa på at dei ikkje forlét rommet. For dei som har vorte bortviste og ventar på retur, har det blitt praktisert som ein arrest, seier Smorr.

Korleis reagerer du på dette?

– Me reagerer sterkt på det, fordi me får fleire førespurnader frå personar som fortel om same praksis.

Smorr seier at denne praksisen vart endra førre veke, etter at ho hadde sendt klage til hotellet. Då fekk gjestane som venta på retur same fridomar som andre som var i karantene.

Advokat Lina Smorr

FRIDOMSRØVING: Advokat Lina Smorr meiner at praksisen ved karantenehotell er fridomsrøving.

Foto: Advokatfirmaet Andersen & Bache-Wiig

Kommunen: Ei misforståing

Dei NRK har snakka med i denne saka har vore på karantenehotell etter å ha landa på Torp flyplass i Sandefjord.

Her er det Sandefjord kommune som har ansvaret for personar som skal sendast ut av landet, og som er i karantene mens dei ventar på retur.

Thor Henry Thorød er rådgjevar for samfunnstryggleik og beredskap i Sandefjord kommune, og seier at alle gjestar på karantenehotellet er underlagt dei same reglane og restriksjonane.

– På hotellet får dei standardinformasjon om korleis dei skal stelle seg lokalt på det hotellet. Der må dei vera til politiet tek kontakt med dei, og har planlagt ein retur.

Thorød legg til at det truleg er snakk om ei misforståing på dei aktuelle hotella av vektarselskapet som sto for vakthaldet.

Rådgjevaren understrekar at denne misforståinga er ordna opp i, og at dei sidan har endra praksis.

Det er Justisdepartementet som er ansvarleg for handteringa av personar i karantene før bortvisning frå Noreg.

NRK har i fleire dagar bede om ein kommentar frå departementet, men dei har så langt ikkje svart på våre spørsmål.

Avviser trugslar om bot

Fleire gjester på karantenehotellet har sagt at dei fekk beskjed om at dei ikkje fekk lov til å forlate hotellrommet, og at dei vart truga med bot på 20.000 kroner viss dei gjorde det.

Thorød kjenner ikkje til desse forteljingane.

– Ingen har hatt ein slik regel sidan me starta opp, seier Thorød.

– Korleis kan dette ha skjedd?

– Det veit eg rett og slett ikkje. Det har alltid vore fridom til å forlate rommet, og å gå ut på utsida av hotellet, seier Thorød.

Øyvind Hagen

KARANTENEHOTELLDIREKTØR: Øyvind Hagen er hotelldirektør på Quality Hotell Tønsberg, som har hjelpt Sandefjord kommune sine karantenegjester.

Foto: Eva Beate Strømsted / NRK

– Oppfordring, ikkje påbod

Lappen NRK viser til i denne saka fekk ein gjest på Quality Hotell Tønsberg.

Hotellsjef Øyvind Hagen seier dette ikkje var eit påbod, men ein oppfordring til å ikkje forlate rommet. Det er lov for naudsynt lufting eller tillate ærend i tråd med smittevernreglane.

Hotellsjefen seier at han ikkje er kjent med enkelthistoriene som er nemnd i saka.

Både kommunen og han understrekar at alle i karantene på hotellet har dei same rettane, uansett om dei er mens ein ventar på retur, eller i ordinær karantene.

Advokat Smorr meiner det påfallande mange like historier.

– Mange har tatt kontakt med oss og dei same historiene går igjen. Hadde vi ikkje avdekt dette er eg redd praksisen ville halde fram, seier ho til NRK.

Hei!

Eg jobbar som journalist i NRK Vestland. Har du tips til saker eg burde dekka? Ikkje nøl med å ta kontakt med meg!