Hopp til innhold

Høgre seier ja til høgare skatt for å stogge Sveits-flukta

Krefter i Høgre er villige til å auke selskapsskatten for å reparere den «rævva» skattepolitikken til regjeringa.

Midt-Norsk Havbruk

SKATTEFORLIK: Etter det store skatteforliket i 2016 har både venstre- og høgresida kritisert den andre for å ignorere avtalen. Selskapsskatten låg lenge på 28 prosent, men blei kutta til 22 prosent da Erna Solberg var statsminister i 2016.

Foto: Midt-Norsk Havbruk

Vestland Høgre går inn for å «justere» – altså auke – selskapsskatten i byte mot å fjerne formuesskatten. Selskapsskatten er det bedrifter betaler på overskotet sitt.

Stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo, kallar det «ei fornuftig innrømming» frå skattelette-partiet og «eit konstruktivt innspel» til ein debatt med steile frontar.

I februar kulminerte munnhoggeriet med at Høgre-nestleiar Tina Bru i VG skulda regjeringa for å føre ein «rævva skattepolitikk».

NRK fortalde laurdag om norske «skatteflyktningar» som ser på Sveits-opphaldet som eit livslangt eksil ettersom den norske skattedebatten er så fastlåst.

Nå håpar Vestland Høgre at auka selskapsskatt kan vere offeret og handsrekkinga som peilar skattesamtalen inn på eit nytt spor.

Aller helst vil vi unngå å auke selskapsskatten, men vi er opne for å justere han dersom vi samtidig kan fjerne formuesskatten, seier Silja Ekeland Bjørkly, fylkesleiar i Vestland Høgre, til NRK.

Erna Solberg Politisk Kvarter

I si eiga bok Vegen vidare skriv Erna Solberg: «Skatt på overskot, i motsetning til formuesskatt, blir berre betalt når bedrifta går i pluss. Den bidrar ikkje, som formuesskatten, til å tappe bedriftene for kapital».

Foto: Christian Breidlid / NRK

75 av dei 400 mest formuande i landet har forlate Noreg for Sveits

Forslaget er i tråd med tidlegare signal i Nettavisen om at Høgre-leiinga er «på glid» for å auke selskapsskatten.

Sist veke sende Høgres eige skatteutval ut eit «diskusjonsnotat» til intern bruk. Notatet inneheld ingen føringar, men skal inspirere til vidare diskusjon.

Les også Milliardær i Sveits: Flytter heller til Sverige enn Norge

Jens Rugseth

På motsett side av den politiske midtstreken har Anniken Huitfeldt og næringsminister Jan Christian Vestre opna døra på gløtt for å «forbetre» (underforstått: redusere) formuesskatten.

Nivået på formuesskatten har fått skulda for «Sveits-flukta» og har tradisjonelt blitt omtalt som den mest betente skattekampen i norsk politikk (og samfunnsøkonomi).

Ein oversikt i Finansavisen viser at 75 av dei 400 mest formuande i landet har forlate Noreg for Sveits i løpet av den siste tida.

I januar blåste MDGs nestleiar Ingrid Liland nytt liv i debatten da ho gjekk inn for «eit skikkeleg linjeskift» i Dagens Næringsliv. På tvers av vedtektene i partiet tok ho til orde for å fjerne formuesskatten «for å auke omstillingsevna i norsk næringsliv».

zshAJEnklFE

– Vi er nå inne i ein programprosess kor heile partiet skal diskutere ulike løysingar for å sikre næringslivet rom til å vekse og skape jobbar. Målet er å få ned det samla skatte- og avgiftstrykket på norske bedrifter, seier finanspolitikar i Høgre, Helge Orten til NRK.

Foto: NTB

Det er eit uheldig forslag

Eg har mykje meir sans for skatt på overskot som rammar alle, ikkje berre norske eigarar, seier Helge André Njåstad (Frp).

Hos NHO og i Skatteutvalet er responsen på forslaget meir avmålt. Sjå under.

Kontrollkomiteen holder open høyring om trygdeskandalen
Stian Lysberg Solum

Anniken Hauglie, viseadministrerande direktør i NHO

– Vi forstår at inndekkinga av ei slik reform må diskuterast, og at det da blir diskusjon om andre skattar kan dekke inn inntektstapet. Vi har to ting å seie til det. For det første at det må diskuterast ei heilskapleg løysing. For det andre at Høgre ikkje må akseptere at dette høge skattetrykket skal vere varig.

Ragnar Torvik
Alf Simensen / N

Ragnar Torvik, leiar i Skatteutvalet

– Det er eit uheldig forslag å auke selskapsskatten. Ein auke av denne gjer det mindre attraktivt for både nordmenn og utlendingar å investere i Noreg. Fleirtalet i Skatteutvalet er svært tydelege på kor viktig det er å halde selskapsskatten nede. Dersom ein vil halde dei samla skatteinntektene oppe, er det betre å auke andre skattar.

Røbbervika
Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Roger Hofseth, Aksjon for Norsk Eierskap

– Skatt på arbeidande kapital er ein uheldig skatt for innovasjon, verdiskaping og sysselsetting i by og bygd – og må fjernast om Noreg skal halde tritt med andre lands næringsutvikling. Forslaget om auke av selskapsskatten kan vere ein av fleire kjelder til å dekke opp formuesskatten, og det vil i alle fall likebehandle norske og utanlandske eigarar.

Silja Ekeland Bjørkly (H)
Oddmund Reisæter Haugen

Silja Ekeland Bjørkly, fylkesleiar i Vestland Høgre

– Det er på tide med ei skattereform der det samla skatte- og avgiftstrykket går ned. Vestland Høgre meiner det er særleg viktig å fjerne formuesskatten som kvar dag tappar bedriftene for kapital, slik at dei har mindre att til å investere i norske arbeidsplassar. Aller helst vil vi unngå å auke selskapsskatten, men vi er opne for å justere han dersom vi samtidig kan fjerne formuesskatten.

Brudd i forhandlingene om lakseskatt
Ole Berg-Rusten / NTB

Alfred Bjørlo, Venstre

– Selskapsskatt er ei «reinare» skatteform, der ein skattar av bedrifta sitt reelle overskot. Faren er at regjeringa berre høyrer med det eine øyret, og aukar skattane for næringslivet meir enn dei allereie har gjort. Det må difor vere ein føresetnad for ein slik skattedebatt at formuesskatten på arbeidande kapital skal vekk.

Emil Øversveen
Manifest Analyse

Emil Øversveen, Manifest Analyse

– Formueskonsentrasjonen i Noreg er på eit historisk høgt nivå, og vi har høgare formuesulikskap enn for eksempel Storbritannia, Tyskland og Frankrike. Dersom vi ønsker å få ned denne ulikskapen, er formuesskatten vanskeleg å komme utanom.

Hannah Gitmark
Kaja Bruskeland & Elen Sonja Klouman

Hannah Gitmark, tankesmia Agenda

– Ein høgare selskapsskatt enn landa rundt oss vil påverke norsk konkurransekraft og verdiskaping. Derfor er ikkje lenge sidan vi reduserte selskapsskatten, blant anna på bakgrunn av faglege råd frå Scheel-utvalet. Til sist var det Solberg-regjeringa som braut skatteforliket. Det gjorde dei da dei reduserte skatten på aksjar og driftsmiddel utover det partane hadde blitt einige om i forliket.

Det er eit uheldig forslag å auke selskapsskatten. Å auke denne gjer det mindre attraktivt for både nordmenn og utlendingar å investere i Noreg, seier Ragnar Torvik.

I 2022 leidde han Skatteutvalet som leverte den offentlege utgreiinga Eit heilskapleg skattesystem.

Utvalet anbefalte å redusere formuesskatten utan å auke selskapsskatten, men ikkje utan motstemmer.

Eit mindretal av utvalsmedlemmene meinte at handlingsrommet for å endre (auke) selskapsskatten var større enn det fleirtalet la til grunn.

Torvik har sidan blitt leiar i Finanspolitikkutvalet, som for kort tid sidan anbefalte å redusere «uheldig offentleg pengebruk», mellom anna CO2-kompensasjonsordninga.

Om det er ønskeleg å redusere det samla skattenivået, er det mogleg å redusere den offentlege pengebruken. Det er nok å ta av, seier Torvik til NRK.

Les også Regjeringsutval vil skrote milliardstøtte – industrisamfunn fryktar for livsnerven

Årdal

Hannah Gitmark er nestleiar i tankesmia Agenda, som ideologisk sett soknar til sentrum-venstre i norsk politikk.

Ho seier det ikkje er grunnlag for å hevde at formuesskatten gir større samfunnsøkonomisk tap enn andre vridande skattar, og slår handa av forslaget frå Vestland Høgre.

Aukar du selskapsskatten i byte mot lågare formuesskatt, vil det redusere evna til omfordeling og verdiskaping. Det er derfor ein dårleg idé.

Volda ferjekai

Før jul pusta salet av Fjord1 liv i det som er omtalt som den mest uforsonlege skattekampen i norsk politikk. Bakgrunnen er forklaringa til den gamle eigaren om at salet vart «tvinga» fram av den særnorske formuesskatten. «Det verkar som det nå er ei gryande forståing for at eigarskattlegginga i Noreg må endrast», skriv Kristin Clemet i Aftenposten-kommentaren Hvem skal eige Noreg? Ho viser til nye signal frå MDG, Ap og Sp. 

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto