Hopp til innhold

Regjeringsutval vil skrote milliardstøtte – industrisamfunn fryktar for livsnerven

Fleire industribygder er redde for livsgrunnlaget etter at regjeringsutval tar til orde for å skrote støtteordning.

Årdal

ÅRDAL: Fleire industribygder langs kysten er livredde etter at kompensasjonsordninga har kome i spel.

Foto: Hans Smedegård

Frå vassmagasina i Høyangerfjella styrtar «arvesølvet» ned i turbinane og transformerer vatnet til straum.

Den enkle og rimelege krafttilgangen var utgangspunktet for at Norsk Aluminium Company etablerte seg i Høyanger i 1915, og sidan har bygda og metallverket smelta saman.

Utan den eine, heller ikkje den andre. Litt som eit gammalt ektepar.

Eller som det heiter i eit gammalt munnhell: «Når Hydro hostar, harkar Høyanger».

Hundre år seinare fører den europeiske kvotemarknaden til auka kraftprisar og «prissmitte» frå kontinentet.

For å «kompensere» den kraftkrevjande industrien som mista sitt viktigaste konkurransefortrinn, blei det i 2013 innført ei ordning (sjå under) som kvart år støtter industribedrifter langs norskekysten med store summar.

Og framover må staten grave enda djupare i lommene.

Årlige utbetalinger av CO2-kompensasjon, historisk og estimert. I mrd. kroner.

Regjeringa reknar at kompensasjonsordninga totalt vil koste 76 milliardar kroner i tida fram til 2030.

Foto: Klima- og miljødepartementet

Ordninga er dyr og lite treffsikker

Da Finanspolitikkutvalet la fram ein studie av berekrafta i statsfinansane sist veke, var derfor oppfordringa klar:

Regjeringa må avvikle støtteordninga. Snarast mogleg.

Av minst tre grunnar:

  • Ordninga blir dyrare og dyrare.
  • Industrien bør venne seg av med forventninga om at staten alltid stiller opp, ein mentalitet som blei forsterka under pandemien.
  • Ordninga fjernar insentiva for straumsparing og låser fast industristrukturen i gamle modellar.

Utvalsmedlemmene følgde opp appellen i ein felles Aftenposten-kronikk.

«Kompensasjonsordninga er dyr, lite treffsikker, samfunnsøkonomisk ineffektiv, svekker vekstkrafta i økonomien og motverkar nødvendig omstilling i både Noreg og andre land», konkluderte dei.

Den viktigaste industripolitiske ordninga i landet

Attande i Høyanger kjenner ordførar Petter Sortland (Ap) at det brenn under føtene på innretninga han karakteriserer som «eksistensielt avgjerande» for livet i bygda.

Utan ordninga, inga hjørnesteinsbedrift. Og utan ho, ikkje noko livsgrunnlag.

Dette er den viktigaste industripolitiske ordninga i landet. Det er inga subsidie, men refusjon for ein politisk bestemt meirkostnad som berre råkar industrien i Europa, seier han.

Han reagerer også på at utvalet bevegar seg inn på banehalvdelen til politikken.

Saka ber preg av å vere ei politisk meiningsytring, meir enn ein fagleg analyse, seier han.

I eit felles brev til departementet viser Ap-ordførarane i Årdal og Høyanger til at ordninga om noko «bør bli styrkt» som følge av «dei ekstraordinære kraftinntektene» til staten.

I statsbudsjettet for 2024 auka regjeringa det såkalla «kvoteprisgolvet» for å gjere utgiftsposten «meir handterleg».

Espen Barth Eide, som den gong var klima- og miljøminister, la til at regjeringa ville gå i dialog med industrien om ordninga for å sikre føreseielegheit for industrien og «økonomisk berekraft for staten».

ordfører Petter Sortland (Ap) i Høyanger

– Dette er den viktigaste industripolitiske ordninga i landet, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap).

Foto: Hallgeir Vågenes / VG

Utan kompensasjon er det høg risiko for at denne industrien forsvinn

Eit par timar unna Høyanger ligg Svelgen, som lever i tett symbiose med Elkem-fabrikken.

Smelteomnane produserer silisium og ferrosilisium, viktige komponentar i det grøne skiftet.

Utan CO2-kompensasjon er det høg risiko for at denne industrien forsvinn frå Noreg og Europa, seier Elkem-medarbeidar Hroar Holm Carlsen, som også er Høgre-politikar.

Han spør:

Er det betre berre å produsere ikkje-energiintensive varer i Noreg, og vere avhengig av å importere desse varene frå andre land der dei er produserte med kolkraft?

Han avviser at straumsubsidiar gjer energieffektivisering mindre lønnsamt, slik regjeringsutvalet hevdar.

NRK har tidlegare skrive om ei justering av regelverket som Klima- og miljødepartementet rekna som ein «uklok gåvepakke» til industrien.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum og Skatteutvalgets leder Ragnar Torvik presenterer sin utredning under en pressekonferanse i Oslo mandag.

Leiar i Finanspolitikkutvalet la fram ein studie av berekrafta i statsfinansane denne veka. Mottakar var finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Foto: Alf Simensen / ALF SIMENSEN

– Ordninga er enormt kostbar og ein trussel mot berekrafta

Ragnar Torvik er leiar i Rådgivende utval for finanspolitiske analysar, som anbefaler å skrote ordninga.

Han gjentar skuldinga om at ordninga er «ineffektiv», «enormt kostbar» og «ein trussel mot berekrafta».

Den gjer det lite lønnsamt å investere i energieffektivisering, og er dessutan dyrare for samfunnet enn dei 76 milliardane som skal betalast frå det offentlege, fordi han reduserer omstillingsevna og produktivitetsutviklinga i norsk økonomi, seier han til NRK.

Torvik, som leia skatteutvalet i 2022, avviser at innspelet er politisk like mykje som fagleg fundert.

Finanspolitikkutvalet si oppgåve er å vurdere den langsiktige berekrafta i statsfinansane. Vår oppfordring bygger i aller høgaste grad på ei solid fagleg vurdering.

Les også Klimakutt set industribygd i skvis

Høyanger kommune

Andreas Bjelland Eriksen, klima- og miljøminister
Amanda Iversen Orlich

Andreas Bjelland Eriksen, klima- og miljøminister

- Regjeringa vil at CO2-kompensasjonsordninga skal bidra til omstillinga i norsk industri, styrke norsk konkurransekraft og bevare norske arbeidsplassar. Vi har god dialog med partane, og ønsker å finne ei langsiktig og føreseieleg løysing for ordninga som er økonomisk berekraftig, sikrar føreseielegheit og som bidrar med utsleppsreduksjonar og energieffektivisering.

Cay Nordhaug, arbeidsutvalgsmedlem i IE&FLT
IE&FLT

Cay Nordhaug, arbeidsutvalgsmedlem i IE&FLT

– Det beste Noreg kan gjere for klimaa i verda er å ha mest mogleg industri. Å avvikle CO2-kompensasjon er ein politikk for tapte arbeidsplassar og auka globale utslepp. Til gjengjeld hadde jubelen stått i taket i Moskva og Beijing. Det Torvik gløymer å nemne er at inntektene til det offentlege aukar meir. Staten har inntekter frå sal av klimakvotar, og dessutan auka skatt og utbytte frå kraftsektoren. Ein analyse frå Oslo Economics viser at CO2-kompensasjonen fram mot 2030 berre kostar ein seksdel av offentleg sektors samla inntekter frå kvotesystemet.

Halvor Molland
Oddmund Haugen

Halvor Molland, Hydro

– Dersom ein skal vurdere CO2-kompensasjonsordninga ut frå effekten på statsfinansane, høyrer det også med at CO₂-prissmitten har ei stor oppside for staten. Når prisen på kraft aukar, er det krevjande for industrien og for vanlege forbrukarar – men for staten betyr dette mykje større inntekter. Inntektene staten har som følge av at CO2-prisen utgjer nå om lag halvparten av norsk kraftpris. Dette gir veldig mykje større inntekter til staten, enn utgiftene som kjem i CO2-kompensasjonsordninga.

Hroar Holm Carlsen, Elkem Bjølvefossen
Elkem

Hroar Holm Carlsen, Elkem Bjølvefossen

Nå er industrien, fagorganisasjonane og Norsk Industri i dialog med regjeringa om ordninga, med mål om å sikre ei robust ordning som bidrar til føreseielege rammevilkår for industrien. Det er vi glade for, og vi håpar politikarane ser viktigheita av å sikre like konkurransevilkår for norsk industri framover gjennom det grøne skiftet.