Hopp til innhold

Skisenter opplever prissjokk på kunstsnø: – Kan slite med å få endane til å møtast

Det krev mykje straum å produsera kunstsnø. Med dei noverande straumprisane kan det bli ein svært dyr vinter for skisentera.

Snøkanon i Myrkdalen, oktober 2021

UTVIDAR: Slik såg det ut i Myrkdalen før helga. Dei utvidar snøanlegget sitt for elleve millionar. Det kjem til å visa på straumrekninga.

Foto: John Ivar Norheim / Myrkdalen

I fjor brukte Jølster skisenter i Sunnfjord ein halv million kroner på straum.

– Om dette blir dobla vil me slita med å få endane til å møtast, seier dagleg leiar Jarle Mundal.

2021 har vore eit år med rekordhøge straumprisar. Ein kald vinter og ein tørr sommar har ført til at det er lite vatn i vassmagasina.

Noreg er òg kopla til det europeiske straumnettet og blir påverka av dei høge straumprisane i Europa.

Trass i betydelege mengder haustregn dei siste vekene, er vassmagasina framleis langt under normalen. Det betyr at prisane truleg vil halda seg utover hausten og vinteren.

– Me er ganske avhengige av at straumprisen går ned før me startar snøkanonane.

Jølster skisenter

JØLSTER SKISENTER: Det kan bli dyrt for skisenteret i Sunnfjord denne vinteren. Her frå 2019 (ARKIVFOTO)

Foto: Artur do Carmo

Kan bli dramatisk i 2022

Ved Voss Resort Fjellheisar brukar dei vanlegvis godt over éin million kroner på straum.

– Det er prisen for éin sesong med lite produksjon og vanlege, låge straumprisar, seier dagleg leiar Anna Bryn.

Dei har ein fastprisavtale som varer fram til årsskiftet.

– Me er utruleg glade for at me gjorde den avtalen i fjor, men det kan bli dramatisk etter nyttår.

Ho fortel at dei arbeider med å få på plass ein ny fastprisavtale med det lokale straumselskapet.

– Det vil få ganske store følgjer om me må produsera i januar, februar og mars med dei straumprisane som er no.

Tryggleikskrav gjer at skianlegget ikkje kan spara pengar på vedlikehald av heisane. Høge straumrekningar vil derfor gjera utvikling og investeringar vanskeleg.

Må tenkja strategisk

Med ein fastprisavtale fram til årsskiftet, kan Voss Resort Fjellheisar tenkja strategisk.

– Me vil gjera alt me kan for å få lagt mest mogleg snø før nyttår, seier Bryn. Det kan innebera at dei produserer kunstsnø på dagar der luftfukta og temperaturen eigentleg ikkje er ideell.

Også i Myrkdalen har dei fastprisavtale ut året. Dagleg leiar Jon Ivar Norheim ser ikkje vekk frå at dei kjem til å bruka 2 millionar på straum i 2022.

Han anslår at dette vil vera ein auke på rundt 30 prosent. Førebels har dei is i magen når det gjeld å få i hamn ein ny fastprisavtale.

– Det blir jo litt gambling. Det er føreseieleg å ha ein fastpris, men spørsmålet er kor god fastpris du får.

I Myrkdalen utvidar dei snøanlegget for 11 millionar kroner. Det betyr auka straumbruk.

Skal dei få skigjester, er det likevel ikkje eit alternativ å ikkje produsera kunstsnø.

– Det er dette me lever av, så om me skal få inntekter, så må me ha snø, seier Norheim. Han meiner dei skal klara å handtera auken i straumprisane.

Kvitfjell sesongåpning 2019

FASTPRISAVTALE: Ved skisenteret i Kvitfjell har dei ein fastprisavtale som varar ut 2022. Biletet er frå sesongopninga i 2019.

Foto: Eilin Spolén Juva

Har fastprisavtale

Ved skisentera Kvitfjell og Hafjell har dei sikra seg mot prissvingingane med ein fastprisavtale som varer ut 2022. Utgiftene varierer, men plassjef Gunnar Fretheim stadfestar at det dreier seg om fleire millionar.

– Straumen kostar uansett, så me produserer ikkje meir snø enn me har behov for.

Fretheim fortel at dei har satsa på å vera langt framme teknologisk, slik at dei kan bruka minst mogleg straum på snøproduksjonen. Sentralt i denne satsinga er nytt utstyr, godt vedlikehald av utstyret og måleinstrument som gjer at dei får fordelt snøen utover i skianlegget.

– Ved å gjera det ordentleg, kan mange henta 30–40 prosent.

Snøproduksjon ved Jølster skisenter.

BLIR VANSKELEG: Ved Jølster skisenter kan det li vanskeleg å få endane til å møtast dersom dei må produsera snø med dei noverande straumprisane. Biletet er frå ein tidlegare sesong.

Foto: Frode Svidal

Kunstsnø kan avgjera sesongen

Ved Jølster Skisenter trengst kunstsnøen som ein sole under natursnøen. Derfor er dette ein kostnad dei må ta.

Etter to sesongar prega av lite snø og koronapandemi, var det håp om ein betre sesong.

– Dersom straumprisane blir like høge framover, så er det ikkje bra for oss, seier Jarle Mundal.

  • Les også: Skianlegg vil berge siste rest av sesongen.