– Vi håpar verkeleg at det kjem litt gjester dei neste dagane, seier ein letta styreleiar i Jølster skisenter, Knut Arild Flatjord.
Onsdag føremiddag fekk dei ja frå kommuneoverlegen i Sunnfjord til å opna opp att. No jobbar dei på spreng med å få alt klart, for frå legen kom det fleire krav.
– Kafeen må halda stengt, berre ein-og-ein i heisen, besøkande kan ikkje samlast i større grupper, ei rekkje med krav, seier Flatjord.
Også Sogndal skisenter Hodlekve opnar att til helga. Der må dei ha ekstra hender i sving for å følgja dei strenge restriksjonane.
Dagleg leiar Per-Odd Grevsnes seier dei har fått krav til organisering av kø, reinhald og informasjonsplakatar. No er håpet at godt besøk kan redda inn noko av det tapte.
– Det er meldt fint vêr til helga, og vi risikerer bra med besøk som gjev klingande mynt i kassa, seier han.
I Vestland er det dei komande dagane venta skikkeleg fint vêr og strålande sol. I tillegg er det rekordmengder med snø i fjella.
GEST: Dagleg leiar i Sogn skisenter er spesielt takksam for dei som år etter år kjøper sesongkort. – Vi opnar for alle, men mest for dei trufaste gjestene våre, det blir ein gest til dei, seier Tørvi.
Foto: Ola Weel Skram / NRKMista den viktige påska
Sogn skisenter i Luster kommune er eitt av fleire anlegg som no har fått tommel opp til å opna til helga. Men sesongen er eigentleg over.
– Lufta er litt ute av ballongen, vi mista påska som er den viktigaste veka for oss, seier dagleg leiar Runar Henning Tørvi.
Men no opnar dei til helga, mest på grunn av gode kundar.
– Det vil ikkje hjelpe så mykje på økonomien, seier han.
Harpefossen skisenter i Nordfjord opnar førstkommande helg.
Håpar på ja
Røldal skisenter har sendt inn førespurnad til kommunen sin om å få opna førstkommande helg, og dei ventar på svar.
Også daglege leiar Fredrik Tønjum ved Eikedalen skisenter sendte inn førespurnad for sesongavslutning med ni punkt for smitteverntiltak. Det gjekk mellom anna på at alle serveringsstadar blir stengde, billettsal går føre seg på nettet, stengd stolheis og at toaletta vil vera tilgjengeleg ved behov.
Onsdag kveld har dei fått svar, og skisenteret i Eikedalen må halde stengd resten av sesongen.
– Vi har forståing for at lokale styresmakter ønskjer at vi skal halde stengd. Vi kan for lite om smittevern og vel difor å gjere som dei fagkyndige tilrår.
SESONGEN OVER: – For Voss Resort er skisesongen over, seier adm.dir. Øyvind Wæhle ved Voss Resort.
Foto: Sølve Rydland / NRKVoss seier nei
På Voss har kommuneoverlegen no vedtatt at skianlegga i heradet blir stengde ut sesongen. Samtidig er det klart at hotell, campingplassar og utleigehytter kan bli opna igjen for normal drift frå 20. april.
For Voss Resort betyr det at sesongen er over.
– Vi skulle etter planen stengt på søndag, så no er sesongen over for oss, seier adm.dir. Øyvind Wæhle ved Voss Resort.
Myrkdalen skisenter har derimot ikkje gitt opp håpet. Dagleg leiar, John Ivar Norheim, skriv på ein smittevernplan når NRK tar kontakt.
– Vi vil laga ein plan og søka om å få opna igjen frå måndag 20. april. Så no ser vi på måtar å slusa inn folk. Ha vaktar som passar på at personar står med to meter avstand i kø, og at det ikkje er fleire enn to i stolheisen som har plass til seks, seier Norheim.
Ordførar i Voss herad, Hans Erik Ringkjøb, seier at heradet har fatta vedtak om å stenga skianlegga ut sesongen, men at det kan gjerast endringar på bakgrunn av risikovurderingar.
– Så om skianlegga har gode opplegg, kan vi vurdera å opna dei, seier Ringkjøb.
Sjå oppdatert liste med status over skianlegga i Vestland: