Hopp til innhold

Difor blir ikkje straumprisen lågare sjølv om det regnar

Vassmagasina er framleis langt under normalen, trass i betydelege mengder med haustregn dei siste vekene. Det betyr at dei høge prisane truleg vil halde seg utover hausten og vinteren.

Lav vasstand i Krokevatnet

LÅG VASSTAND: Trass i meir normale nedbørsmengder i oktober, er fyllingsgraden framleis langt lågare enn normalt. Biletet er frå Krokevatnet i Matrevassdraget, tidlegare i månaden.

Foto: William Løland / BKK

Eit av problema no er at nedbøren dei neste dagane kjem som snø.

Mange av vassmagasina ligg i høgfjellet og vil dermed ikkje dra nytte av nedbøren før snøen smeltar igjen.

– Det er lågare snøgrense dag for dag. I delar av landet er snøgrensa no ned mot 400 meter over havet, seier vakthavande meteorolog, Pernille Borander.

Laster Twitter-innhold

Kor mykje straum som finst på lager har mykje å seie for prisen i dag. Og framleis ligg vassmengda i magasina langt under normalen.

Ved utgangen av førre veke var fyllingsgraden i norske magasin 67,5 prosent, som er ein beskjeden auke på 1,0 prosentpoeng frå veka før.

Tala vart publiserte av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) onsdag.

Prisrekord

I fjor på same tidspunkt var fyllingsgraden på heile 94,9 prosent. Dei siste åra har det ikkje vore så låg vasstand i magasina som det er no i haust.

Samstundes sel vi nesten tre gongar så mykje straum til utlandet som vi får tilbake.

Kraftsituasjonen førte til at det vart sett ny prisrekord måndag og tysdag i Sør-Noreg, der prisen per kilowattime var 1,42 kroner i Oslo, Kristiansand og Bergen.

Regnet som har kome dei siste vekene har berre ført til ein liten auke i fyllingsgrad, samanlikna med det historisk låge nivået for nokre veker sidan.

– Vi føl verprognosene nøye. Vi er i ei tid på året der det er naturleg å anta at mykje av nedbøren kan falle som snø, seier Ann Østenby, seksjonsleiar i NVE.

Nedbør som snø

Kraftprodusenten SFE seier at magasina som ligg høgast i fjellet har hatt lågare tilsig enn dei som ligg lågare i fjellet.

– Sjølv om det regnar jamt og godt no, og fleire magasin har fylt seg godt opp, er det mykje som skal fyllast opp, seier seniorrådgjevar Christin Aare i SFE.

Både august og september har vore uvanleg nedbørsfattige. I oktober har det kome meir «normale» nedbørsmengder.

Men etterslepet er såpass stort, at det truleg ikkje vil monne med tanke på fyllingsgrad og straumpris gjennom hausten og vinteren.

Samstundes er det store variasjonar mellom dei ulike landsdelane. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg førre veke, medan Sørvest-Noreg hadde lågast fylling.

Tysdag var prisen for straum meir enn sju gongar høgre i delar av Sør-Noreg, samanlikna med Nordvestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg.

Framleis tørst i Hjelmevatn i Svelgen

LITE VATN: Biletet er frå Hjelmevatn i Svelgen 6. oktober. Etterpå har vasstanden auka med fem meter - men det er framleis mindre vatn enn normalt.

Foto: Ørjan Brunstad / SFE

– Sjekk straumavtalen

No kan krisetiltak som kutt i elavgifta, redusert moms og auka bustøtte kome i løpet av kort tid.

Konkurransetilsynet seier forbrukarane likevel må vere førebudde på at straumprisane vil halde seg høge gjennom hausten og vinteren.

Og at det no kan vere lurt å sjekke grundig kva straumavtale ein faktisk har.

– Dersom kundar vel vekk dei dårlegaste tilboda, blir det meir lønsamt for verksemdene å tilby lågare prisar og god kvalitet. Det gjer at selskapa blir tvungne til å konkurrere hardare om oss kundar, seier Marita Skjæveland, nestleiar for avdeling for bygg, industri og energi.