Hopp til innhold

Her kan det bli kvit jul

Drøymer du om at snøen skal lave ned på julekvelden? Då bør du sette kursen nordover. Eller reise bakover i tid.

Blir det hvit jul?

STØRRE TREND: Jula i år er med det symptomatisk for ein større trend: Det blir lenger mellom dei kvite julehøgtidene.

Foto: Tone Evebø

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– I Finnmark blir det skikkeleg julestemning med snø, og Tromsø kan få snø utover kvelden, lover meteorologane ei veke før julekvelden.

Lenger sør vil sola prege vêret i store deler av landet iallfall på dagtid.

– Viss det då kjem nedbør i dagane før jul, kan det kome som snø, men det ser ikkje ut som det kjem snø langs kysten, fortel statsmeteorolog Iselin Skjervagen.

Men i området frå Møre og Romsdal og nordover mot Trøndelag kan det kome eit dryss med julesnø.

Vinterstemning i handlegata i Tvedestrand

IDYLL: Tidlegare i desember i år sytte eit tung snøfall for ekstra julestemning i gatene i sørlandsbyen Tvedestrand.

Foto: @lenatinghaugkjenndalen

Jula i år er med det symptomatisk for ein større trend: Det blir lenger mellom dei kvite julene for mange av oss.

– Det er jo synd, men det ser ut som det er den vegen det går, seier Øyvind Lien.

Han er frå Gudbrandsdalen og er vand med å feire jul i eit snødekt landskap. For tre år sidan flytta han til ein gard i Steigen i Nordland.

Der har han aldri opplevd ei kvit jul.

– Det er klart at det blir finare om det er ei kvit jul, men så lenge me har ribbe så går det fint.

LES OGSÅ: Her har vinteren blitt to månader kortare

Høgare temperaturar = mildvêr + regn

Meteorologisk institutt har gått gjennom alle snømålingar på julaftan frå 87 vêrstasjonar landet rundt dei siste 60 åra, frå 1961 til 2020.

– Ved nokon stasjonar har sannsynet gått ned 37 prosentpoeng, slik som i Notodden som nesten var garantert kvit jul i perioden 1961–1990.

Det seier klimaforskar Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt. Han fortel at sannsynet for å få ei kvit jul har minka ved dei fleste stasjonane dei har sett på.

– Det er ein trend me forventar, og som ikkje overraskar oss, seier han.

Dei siste tretti åra har vêret blitt mildare på vinterstid. Det betyr at meir av nedbør kjem ned i form av regn.

LES OGSÅ: Klimarapport: Ein månad kortare vinter sidan 60-talet

I fjor var det varmaste året som har blitt målt på 120 år. Då nærma gjennomsnittstemperaturen seg 2,5 grader høgare enn normalen.

Ei selfie av ein mann med grått skjegg og caps, kledd med ein Tine-dress. I bakgrunnen er det eit fjell med eit lite snødekke, og grøn mark med restar av snø.

SYND: Øyvind Lien meiner det er synd at det blir færre og færre julaftnar med snø, men meiner det blir jul så lenge maten stemmer.

Foto: Privat

– Snø gjev riktigare julestemning

Mellom 1900 og 1990 var det snø på rundt åtte av ti julekveldar, sjølv om snømengda og temperaturane varierte.

Perioden 1961 til 1990 var ei ekstra kald og snørik tid. Det kan forklare kvifor fleire vaksne forbind jula med snø.

Kåre Hauge (75) frå Sandane i Vestland fylke er ein av dei som meiner jula er betre med snø.

– Det blir ei meir riktig julestemning når me har dei kvite kulissane i landskapet.

Tidlegare leverte Hauge vêrobservasjonar til Meteorologisk institutt. På vinterstid målte han snøen dagleg frå rundt 1970 og fram til 2019.

Kåre Hauge

TIDLEGARE OBSERVATØR: Kåre Hauge dreiv med observasjonstenester for Meteorologisk institutt frå 70-talet og fram til 2019. Då tok automatiske målestasjonar over. Biletet er frå 2010.

Foto: Aadne Gloppestad/Firda Tidend

– Jula har alltid vore varierande, men eg vil påstå at det var oftare snørike vintrar på 60- og 70-talet.

Det tyder tala også. Mellom 1961 og 1990 var det snø på 19 av 30 julekveldar, medan det dei siste 30 åra har vore snø på mindre enn halvparten av dei.

LES OGSÅ: Den norske våren kjem to veker tidlegare

Men juletrenden er ikkje like negativ over heile landet.

Til dømes er du nesten garantert snø på julaftan i Troms og Finnmark, ikkje langt frå slik det var for 60 år sidan.