Hopp til innhold

Her byggjer Nav-kontoret ekstra tryggleik etter drapet i Bergen

Alle lokalkontor i Nav Vestland gjer nye risikoanalysar etter at ein tilsett i Bergen vart drepen på jobb. Nav Osterøy har stengt etter ein telefontrussel.

Nav Osterøy

FØRST UTE: Nav Osterøy har sett i gang fysiske endringar på kontoret etter drapet i Bergen.

Foto: Nav

– Med slike hendingar som den me opplevde førre veke, er det klart at ingen kjenner seg trygge. Verken brukarar eller tilsette. Det er me veldig opptekne av at dei skal vera, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Vestland.

Ved Nav Årstad på Danmarksplass i Bergen blei ein 57 år gammal tilsett drepen med kniv og ein 29-åring lettare fysisk skadd 20. september. Dei to hadde eit planlagt møte med ein klient som straks gjekk til åtak på dei.

Ein 39 år gamal mann som fekk norsk statsborgarskap i 2019 er fengsla, sikta for drap og grov kroppsskade.

Knivangrep ambulansefolk Nav Årstad Bergen

STORUTRYKKING: Ein Nav-tilsett vart drepen og ein annan skadd av ein klient i lokala til Nav Årstad i Bergen.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Tysdag og onsdag hadde Bogsnes samla alle leiarane i sitt distrikt etter den dramatiske hendinga.

– Me går gjennom det som skjedde, og kva me skal gjera vidare for å bli betre. Å finna balansen mellom å vera tilgjengeleg for innbyggjarane, og at dei tilsette skal ha det trygt på jobb, seier ho.

Trussel dagen etter

Alle Nav-kontora i Vestland vurderer no om tryggleiken deira er god nok.

Dagen etter dramaet på Danmarksplass fekk ein tilsett ved Nav-kontoret i rådhuset i nabokommunen Osterøy ein telefontrussel. Der gjorde dei straks ei risikovurdering, og avgjorde å gjera ei endring i lokala sine.

– Me treng ei forbetring i mottaket.

Det sa Nav-sjef Vigleik Kalland i Osterøy kommune til Bygdanytt.

– Osterøy-kontoret har stengt for å gjera nokre mindre justeringar innvendig i lokala i forhold til tryggleiken til dei tilsette, seier Bogsnes til NRK.

Dei tilsette er på jobb, men publikumsmottaket er stengt medan handverkarane arbeider.

Anne Kverneland Bogsnes i Nav Vestland

UTRYGG KJENSLE: – Ingen føler seg trygge etter denne hendinga. Verken brukarar eller tilsette, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i Nav Vestland.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Politiet har tatt hand om personen som kom med telefontrusselen. Dei har bede oss melde om alle truslar og hendingar, slik at politiet kan kontakta personane og gi dei ei åtvaring, seier Bogsnes.

Hemmelege tiltak

Nav Vestland har ikkje ønska å visa NRK nokon kontorlokale med ekstra tryggingstiltak, nettopp av omsyn til tryggleiken. Heller ikkje kva dei no gjer ved Nav Osterøy.

Men i Kristiansand fekk NRK førre veke sjå nokre av tryggleikstiltaka ved Nav-kontoret der.

Nav Osterøy håpar å bli ferdige med endringane og opna att før helga. Dei er dermed tidlegast ute med å gjera konkrete tiltak i lokala etter drapet.

– Ingen i Nav Vestland bortsett frå Osterøy-kontoret gjer no fysiske endringar, men det blir gjort risikovurderingar og sett på tryggleiksrutinane på kvart enkelt kontor. Så blir det eventuelt gjort justeringar, seier Bogsnes.

Nav Osterøy

STENGT: Nav-kontoret på Osterøy byggjer betre tryggleik og er denne veka stengt for både brukarar og media. Dei som treng hjelp kan likevel ta kontakt på telefon eller digitalt.

Foto: Nav

– Tar vare på kvarandre

Ho meiner likevel det ikkje først og fremst trengst akutte tiltak ved Nav-kontora.

– Det viktigaste er å ta vare på dei tilsette og trygga dei i forhold til å komma på jobb. Ikkje berre dei på Nav Årstad er prega. Veldig mange kjenner kollegaer der. Me føler oss som ein stor familie og må ta vare på kvarandre, seier ho.

Elisabeth Steen er leiar i Norsk Tjenestemannslag (NTL) Nav.

– Det er naturleg med ein gjennomgang av tryggleiken i etterkant av den fryktelege hendinga førre veke, men det er for tidleg å seia noko om kva det konkrete innhaldet blir, seier ho.

Blomar ved Nav Årstad tirsdag

STERKT PREGA: – Me føler oss som ein stor familie og må ta vare på kvarandre, seier direktøren for Nav Vestland etter drapet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Tryggleiksbehova varierer

Til no i år har det vore over 1000 truslar mot Nav. Både truslar og vald har likevel blitt sjeldnare etter tiltaka som blei gjort etter knivdrapet på ein Nav-tilsett i Oslo i 2013.

– Me har jobba systematisk med tryggleik og beredskap sidan drapet på Grorud, seier Bogsnes.

Etter dette blei det innført minimumsstandard med krav til fysisk utforming og sikring av Nav-kontor.

– Men utover det er det veldig forskjellig kva dei enkelte kontora treng av tryggingstiltak.