Hopp til innhold

Flytta heimanfrå for å satse på ski som 15-åring - trenar meiner han kunne blitt heime

LILLEHAMMER/FØRDE (NRK.no): Gjøran Tefre (20) forlét heimfylket i ein alder av 15 år for å bli så god som mogleg i langrenn. Men han kunne blitt like god med å satse i Sogn og Fjordane, meiner krinslagstrenar Asgeir Årdal.

Gjøran Tefre utanfor bustaden sin på Lillehammer

FLYTTA SOM 15-ÅRING: Gjøran Tefre valde å flytte til Geilo for å gå skule og satse langrenn. No har han budd på Lillehammer i eitt og eit halvt år og satsar på å gå seg inn i norgeseliten i langrenn.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det var tidleg å flytte ut som 15-åring. Mamma og pappa var nok skeptiske. Men eg var bestemt på at eg skulle gjere det skikkeleg og oppføre meg – og alt eg ville var å satse på langrenn, seier Gjøran Tefre.

Han tek imot NRK.no heime i leilegheita på Lillehammer, der han har budd og satsa på langrenn i eitt og eit halvt år. Det har gått litt over fire år sidan han reiste til Geilo for å gå på NTG.

Sidan den gongen har 20-åringen frå Førde teke steget opp i eliten, og i fjor var han på det norske juniorlandslaget – sjølv om store delar av sesongen vart spolert av sjukdom.

– Det å flytte ut og få eit betre tilbod, er eit val ein tek om ein verkeleg vil, seier Tefre.

– Viktigast å bli god på sikt

Kvart år reiser talentfulle løparar ut av Sogn og Fjordane for å gå på skule og satse på langrenn andre stader. Mange vel Norges Toppidrettsgymnas på Geilo.

Men ikkje alle er samde i at det er naudsynt å flytte ut av fylket for å bli god i langrenn. Krinslagstrenar Asgeir Årdal skulle gjerne ha sett at fleire vart heime og satsa i sitt eige miljø.

– Det er for mange som reiser ut, og det er noko som er med på å tappe miljøet på krinslaget og i klubbane, som mister eit førebilete for dei yngre. Hadde alle blitt heime, trur eg alle i Sogn og Fjordane hadde blitt betre, seier han.

Han held fram:

– Eg klarer ikkje å sjå at unge løparar må flytte ut av fylket for å satse på langrenn. Det er fullt mogleg å bli god heime, seier han.

Sidan millenniumsskiftet har seks løparar frå Sogn og Fjordane gått verdscuprenn for Norge. Alle valde å gå vidaregåande skule og satse på langrenn på heimebane (sjå faktaboks i spalta til høgre).

– Det finst ingen fasit på kva som er rett å gjere. Men eg meiner det er meir usikkert å flytte ut. Kan hende har dei unge løparane det for travelt med å bli gode. Det viktigaste er å bli god på sikt, meiner Årdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Asgeir Årdal

KRITISK: Asgeir Årdal meiner fleire løparar burde bli heime for å satse på langrenn. – Eg ser ikkje kvifor ein absolutt må flytte for å bli god. Det er fullt mogleg å bli god også i Sogn og Fjordane, seier krinslagstrenaren.

Foto: Rune Fossum / NRK

Går ut over kvaliteten i klubb og på krinslag

Skikrinsen har 20 løparar på krinslaget i langrenn. Aller helst vil dei ha med alle dei beste løparane frå Sogn og Fjordane. No ser dei derimot at mange av dei mest talentfulle forsvinn ut av fylket.

– Vi har ein lekkasje på eit par løparar i året, og dette er gjerne dei mest talentfulle. Det er ikkje dramatisk, men i sum er det urovekkjande, seier administrasjonssjef Yngve Thorsen.

Han viser til at skikrinsen no har fire løparar som satsar utanfor Sogn og Fjordane.

– Vi treng dei beste løparane våre for å ha best mogleg sportsleg nivå i klubbane og på krinslaget, seier han og får støtte frå krinslagstrenaren:

– Klubbmiljøa er sårbare. For kvart løpar som flyttar ut, blir det éin mindre på laget – og kvaliteten går ned. Hadde vi derimot hatt alle dei beste på krinslaget, hadde det løfta både laget og alle løparane, seier Årdal.

– Ville nok ha blitt god uansett

På Lillehammer er Gjøran Tefre svært sugen på å komme i gang med sesongen. Han har trent 500 timar berre sidan mai, og no skal 20-åringen for første gong måle seg mot seniorane på toppnivå.

Han er glad for at han valde å flytte ut av fylket for å satse langrenn for fire år sidan.

– Eg hadde verkeleg lyst til å satse, møte folk med mykje kunnskap og komme inn i eit system der det var lett å ta store steg som skiløpar. Det gjorde eg på Geilo, og det har fungert kjempebra for meg, seier han.

Han legg til:

– Eg kunne sjølvsagt ha blitt igjen i Førde og blitt god der – det er eg nesten sikker på at eg kunne ha greidd. Likevel trur eg til sjuande og sist eg gjorde det rette. Men skal det fungere, må ein vere hundre prosent motivert for det, og ein må verkeleg ville reise ut og gjere den jobben som skal til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gjøran Tefre på startstrek

OFFENSIV: Gjøran Tefre sleit det meste av fjorårssesongen med sjukdom, men håpar på å få ut det han er god for i sin første sesong som senior.

Foto: Rune Fossum / NRK

Tidleg snø er ikkje alfa og omega

Heime i Sogn og Fjordane går langrennsentusiastane rastlause rundt og ventar på det første skikkeleg snøfallet. Det er midt i november, og mange vil gjerne prøve seg med ski på beina.

På Lillehammer kan Tefre setje seg i bilen, køyre om lag 20 minutt og spenne på seg ski på Sjusjøen. Men det er ikkje avgjerande for å satse på langrenn, meiner krinslagstrenaren.

– Det er sjølvsagt viktig, men ikkje avgjerande. Normalt kjem snøen ein månad seinare her, men eg synest ikkje det er god nok grunn til å bu borte for å gå tre år på skule. Vi har dessutan snøsikre stadar som Sogndalsdalen og Ullsheim – og vi har Sognefjellet om sommaren, seier Årdal.

Drøymer om å få gå VM og OL

Sjølv meiner Tefre at den indre motivasjonen er det heilt avgjerande for om ein talentfull løpar faktisk blir god på sikt. Det er den viktigaste faktoren også for om ein 15-åring bør flytte heimanfrå, meiner han.

– Ein må finne ut kva ein vil. Og så må du vere ærleg med deg sjølv og setje deg ned og finne ut om du vaksen nok til å klare å gjennomføre det, seier førdianaren.

Han hadde store ambisjonar framfor fjorårssesongen, men fekk mykje øydelagt av eit virus som heldt han liggjande på sofaen i over to månader. Dermed vart det berre seks skirenn – men han fekk likevel med seg bronse i junior-NM.

Tefre tenkjer framleis langsiktig. Han vil gjerne bli den neste løparen frå heimfylket til å delta i verdscupen.

– Eg vil sjå kor skiløpar eg kan bli, og jobbar knallhardt for å finne maksnivået mitt. Eg håpar det er så godt at eg kan gå verdscup og hevde meg internasjonalt om nokre år. Det hadde vore kjempemoro å få gå VM og OL. Så eg lever litt draumen, seier han.