Hopp til innhold

Fylke fekk «gåve» – må byggje 15.000 meter arkivplass

Vestland skal byggje 15 kilometer arkivplass til 59 millionar kroner. – Kan diskuterast om det er naudsynt, seier fylkesdirektøren.

protokoll frå Førde formannskap 1908-1915

SKATT? I arkivet finst det mellom anna utgåtte tannhelsejournalar frå Innvik tannklinikk datert før 2001.

Foto: Espen Sæterbø / Vestland Fylkesarkiv

1. januar 2020 slo Hordaland og Sogn og Fjordane seg saman til Vestland fylkeskommune.

I samband med dette tok den nye fylkeskommunen på seg å overta arkivjobben til kommunane i Sogn og Fjordane.

Eldgamle kommunevedtak, journalar og organisasjonsskriv – til saman vart det mange hyllemeter.

Veldig mange hyllemeter.

Veldig, veldig mange hyllemeter.

Og no må 15.500 av desse hyllemeterane over i ein ny bustad. Det er ikkje lenger plass til dei i herberget i Bergen.

Skal koste 59 millionar kroner

Denne veka vart det difor vedteke å bygge eit nytt arkivbygg.

Ni representantar i hovudutvalet for kultur, idrett og integrering røysta for. Seks stemte mot.

Bygget skal vere i Leikanger, og skal koste 59 millionar kroner.

– Dette er dokument som er arkivverdige. Det betyr at dei skal bli varetatt for ettertida, seier fylkesdirektør i Vestland, Rune Haugsdal.

I ei digitalisert verd, er det nødvendig å nytte så mykje pengar til eit slikt arkiv?

– Det kan alltid diskuterast, men dette går langt tilbake i tid og det er derfor nødvendig å også ha fysiske arkiv, seier fylkesdirektøren.

Leikanger sett frå Henjum

LEIKANGER: Denne veka vart det vedteke å bygge eit nytt arkivbygg med plass til 15 kilometer ringpermar og pappboksar. Bygget skal vere i Leikanger, og skal koste 59 millionar kroner.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Utval røysta for

– Det er jo for så vidt mykje pengar, men det er formelle krav på å ta vare på slik dokumentasjon. I tillegg har det ein historisk verdi, seier Knut Inge Andersen frå Folkeaksjonen mot bompengar (FNB).

Endeleg innstilling om nytt arkivbygg blir behandla i Vestland fylkesting 15. desember.

Døme frå privat samling/arkiv i Leikanger

SKATT: Biletet syner tre herremenn i Dale ein gong mellom 1910 og 1930. Fotografiet er eit døme frå fotosamlinga til Leikanger og tilhøyrer Vaksdal kommune.

Foto: Mikal Langhelle / Vaksdal kommune

– Alt har verdi

– Alt her er eigentleg av kulturhistorisk verdi, seier Arnt Ola Fidjestøl. Han er seksjonssjef i Fylkesarkivet Vestland.

Han fortel at enkelte saksbehandlingsdokument kan stamma heilt tilbake til då kommunane blei til i 1837.

Arkivverket har formulert det slik: «Nasjonens minne ligg i arkiva».

Arkivverket jobbar for at fleire lettare skal få tilgang til kjeldene. Målet er at geografi og opningstider ikkje skal avgjere kven som kan undersøke arkiva.

– For oss er det avgjerande at alle i regionen kan få eit eigarskap til arkivet og at det blir tilgjengeleg på premissane til innbyggarane, seier Fidjestøl.

Det inneber at innbyggarar på andre sida av landet kan undersøke arkivet digitalt, og ikkje må valfarta til Leikanger.

– Det er ikkje interessant å ha arkiv om ikkje folk kan nytte seg av det etter sine eigne behov og formål, seier han.

Sogn og Fjordane og Hordaland
Foto: NRK