Hopp til innhold

Hovudutvalet går mot fylkesdirektøren – vil behalde toppidrettssatsing

– Det er først og fremst eit knakande godt tilbod, seier leiar i Hovudutval for opplæring, Norvall Nøringset, som vil behalde toppidrettssatsinga som har gitt fylket talent som Johannes og Tarjei Bø. No må utvalet kutte ein annan plass.

Fylkesutvalet for opplæring

VERNAR TOPPIDRETTSSATSING: Hovudutvalet for opplæring vil likevel behalde toppidrettssatsinga.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Vi fryktar at dersom vi kuttar dette tilbodet vil fleire velje å reise ut. Det seier leiar i Hovudutvalet for opplæringsutvalet i fylkeskommunen, Norvall Nøringset.

Hovudutvalet for opplæring vil behalde toppidrettssatsinga og går dermed i mot forslaget til fylkesdirektøren for utdanning.

I går vart det klart at på grunn av dei økonomiske utfordringane i fylkeskommunen vert det spissa idrettstilbodet i vidaregåande opplæring føreslått kutta av fylkesdirektøren.

Vil finne løysing

Tilbodet gjeld ungdommar som vil kombinere vidaregåande opplæring med sin idrett. Enten det er fotball i Sogndal, volleyball i Førde eller skiskyting i Stryn. I motsetning til fylkesdirektøren vil hovudutvalet satse på idretten, seier Nøringset.

– Det er klare føringar i utvalet for å vidareføre tilbodet vidare, fordi det er eit knakande godt tilbod for dei idrettsutøvarane som får vere med på det både i Stryn, Førde og Sogndal. Det viser alle evalueringar.

Nøringset viser også til at tilbodet viser at det er færre som reiser ut av fylket for å ta utdanning privat og drive toppidrett. Med eit slikt tilbod meiner Nøringset at fleire blir verande i fylket.

– Faktum er at vi også tener pengar på at færre reiser ut, så blir pengane også tilført fylket.

Må kutte i andre ting

Nøringset meiner seier fylkesdirektøren har gitt si innstilling til kuttliste. Han innser også no at utvalet må finne dekning ein annan stad for å spare inn pengebruken.

– No må vi gå til finansutvalet og økonomidirektøren for å finne løysingar slik at dei og vi la tilbodet bli ståande ved lag.

Seinare i dag blir det klart kvar Hovudutvalet for Opplæring vil ta inn kuttet.