Han ønskjer seg ein storkommune saman med Flora

Ordførar i Vågsøy, Morten Hagen (H), har ein storkommune på kysten saman med Flora som sin personlege favoritt. Med dagens vegnett vil det vere to timar å køyre mellom kommunesentera, men Hagen tek ikkje skrekken.

Morten Hagen

SER MOT KYSTEN: Vågsøy-ordførar Morten Hagen vil sjå på eit samarbeid med Flora.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Ein kystkommune er det eg meiner er det riktige. I dag har vi ein del strukturar i Sogn og Fjordane som går gjennom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Skal vi gjere noko no, må det vere å bryte nokon av dei strukturane som vi allereie har og prøve å skape noko nytt, seier Hagen.

Ei storkommune på kysten på tvers av fogderia er Vågsøy-ordførar Morten Hagen sin kongstanke.

Hagen meiner ei slik kommune kan strekkje seg frå Vanylven eller Selje i nord og ned til Flora i sør. Ei slik kommune ville få fart på utviklinga av kysten av Sogn og Fjordane, meiner Hagen.

Skal ha fleire møte

Dette er Hagen si personlege meining før kommunane fram mot jul skal ha fleire møter med kvarandre.

– No skal vi inn i samtalar med Flora og Bremanger, og så må vi sjå korleis kartet ser ut etter at vi har hatt nokre møter. Men vi har sagt tydeleg at vi ser for oss ein kystkommune, og det er difor vi har invitert til samtalar, seier Hagen.

Ei storkommune langs kysten er ifølgje Hagen meir naturleg enn å samarbeide innover i Nordfjord. Rett nok er Eid invitert inn i framtidige diskusjonar, men lenger inn enn det er Hagen i tvil om det er rett å gå.

– Skal vi å inn i eit kommunesamarbeid, må ein også sjå kva stridstema ein dreg med seg inn i eit samarbeid, til dømes når det gjeld samferdsle, peikar Hagen på.

Hagen peikar på at ein må sjå på kva strukturar ein kan danne der ein ikkje har dei store konflikttema på plass allereie.

– For det vil vere med på å forstyrre ein prosess for samanslåing, seier Hagen.

Med Kystvegen vert avstandane kortare

Ei storkommune ved kysten vil ha enorme avstandar. Med dagens vegnett tek det to timar å reise frå Måløy til Flora, ifølgje NAF, Vegvesenet og gulesider sine vegplanleggarar.

Det inkluderer ei halvtimes lang ferjereise mellom Måløy og Oldeide utan ventetid, ei ferje som går 13 gonger i døgeret. Ifrå Selje tek det nesten 3 timar. Det er nesten like langt som til Ålesund.

Men Hagen viser at med Kystvegen, som kommunane vil ha på plass, kan gi kortare reisetider.

– Den vil gjere at avstandane ikkje vil vere så store lenger. Med kommunereforma må vi tenkje 50 år fram i tid, ikkje berre dei neste fem åra. Då må vi sjå på dei løysingane vi meiner kjem på plass i løpet av dei neste ti åra, seier Hagen.

Må snakke med alle dei grensar til

Hagen får støtte for sitt synspunkt. Også varaordførar Kristin Maurstad (Ap) drøymer om ei sterk eining på kysten.

– Eg har vore positiv til å sjå på ein kystkommune heile vegen. Eg trur det vil vere ein kraftig konstellasjon som vil stå sterkt, seier Maurstad.

Kristin Maurstad

VIL BLI STERK: Varaordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad, trur ein kystkommune vil stå sterkt.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Men ho peikar på at på noverande tidspunkt er det ikkje råd å skrive nokon samarbeidskonstellasjonar.

– Vi må snakke med alle kommunane som vi har grense til, og vi har også teke initiativ til å snakke med Flora. Det skal vi få til, seier Maurstad.

Må sjå på utviklingspotensialet for heile fylket

Og i Flora vil Frp-politikar Frank Willy Djuvik ha samanslåing med Vågsøy, Djuvik vil gjerne også ha med seg Askvoll.

– Politikarane i kystkommunane skuldar innbyggjarane og heile fylket å finne saman. For alternativet er at kystkommunane vert delte opp i utkantar i fire-fem andre kommunar. Då får vi aldri forløyst det verdiskapingspotensialet som ligg på kysten av Sogn og Fjordane, som er eit potensial for vekst og utvikling for heile fylket, seier Djuvik.

Frank Willy Djuvik

STØRRE: Frp-politikar Frank Willy Djuvik i Flora vil gjerne også ha med seg Askvoll i ei samanslåing med Vågsøy.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kysten frå Flora til og med Selje har tapt nær 300 innbyggarar dei siste 14 åra. Talet er i sin heilskap eit resultat av at omlandet til Flora oppover kysten slit.

Nedgangen i Bremanger, Vågsøy og Selje har sidan tusenårsskriftet vore på nesten 900. Legg ein til Askvoll og Vanylven er tapet nærmare 1.500 innbyggarar. Flora kan altså bli senter for eit omland som slit. I same periode er til dømes veksten i Førde på 2.200 innbyggarar.

Meiner kystkommunane har tapt

Djuvik meiner likevel at kysten er rigga for vekst, trass i at folketalet går ned.

– Det er nettopp det som er problemet. Fleire verdiskapingsrapportar har peika på at det er nettopp på kysten potensialet for vekst ligg, seier Djuvik.

Han legg til at utfordringa er at ein har hatt ein manglande satsing på infrastruktur og næringsutvikling på kysten.

– Det har ført til at kystkommunane har tapt, seier Djuvik.

I Vågsøy er senterpartipolitikar Nils Myklebust meir tilbakehalden, han ser ikkje vekk frå at det kan vere liv laga med samanslåing med Flora, men vil også sjå innover fjorden, og utelukkar ikkje heile Nordfjord. Uansett er folkeavrøysting det rette meiner han.

Nils Myklebust

INGENTING ER AVGJORT: Senterpartipolitikar i Vågsøy, Nils Myklebust, meiner det må ei folkeavsøysting på plass før ein tek ei avgjerd.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det er ikkje trekt nokon som helst konklusjon korkje i eine eller andre retninga, seier Myklebust.