Stortingskandiat og leiar i Sogn og Fjordane Framstegsparti, Frank Willy Djuvik, meiner for få kommunar vel å slå seg saman av fri vilje. Difor vil han at Stortinget skal få bestemme kommunestrukturen, skriv Dagen.no.
Forslaget om å la kommunane sjølv bestemme om dei skal slå seg saman vart under landsmøtet til Framstegspartiet forkasta, etter overtaling frå Djuvik.
Ifølgje nettavisa skal Djuvik ha forsøkt hardt å få tvangsprinisppet til å passe inn i fridomsomgrepet til partiet. Det klarte han.
– Eg er for å tvinge vekk grenser som hindrer innbyggjarane i å ta frie val. Små Senterparti-kommunar skal ikkje få bruke pengar som kan brukast til sjukepleiarar og lærarar i heile landet. Det er ikkje min definisjon av fridom, sa Djuvik frå talarstolen.