Hopp til innhold

Grå økonomiske skyer aukar fusjons-iver i Sogn

BALESTRAND (NRK): Ordførarane i Balestrand, Sogndal og Leikanger vil bli eitt. – Det er trist at Regjeringas nye inntektssystem skremmer dei til å slå seg saman, seier Sp.

Harald Offerdal, Jarle Aarvoll, Jon Håkon Odd

FOLKERØYSTING OM KOMMUNEREFORM: – På folkemøta er gode kommunale tenester det folk har vore desidert mest opptekne av. Eit så kraftig kutt, som Regjeringa legg opp til, gjer det krevjande å oppretthalda dagens tenester, seier Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd (t.h.), her saman med ordførarkollegaene Harald Offerdal (t.v. Balestrand) og Jarle Aarvoll (Sogndal)

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dette er særs uheldig for Leikanger.

Slik kommenterer ordførar Jon Håkon Odd (Ap) Regjeringa sitt framlegg til nytt inntektssystem til kommunane.

Folk i Leikanger og seks andre sognekommunar skal i dag ta stilling i kommunereformsaka. Eit vektig argument på begge sider har nettopp vore det nye inntektssystemet.

Leikanger er ein av kommunane som vil blø mest (sjå faktaboks).

– Skremselspropaganda

Mindre pengar i kommunekassen har vore eit viktig argument for Odd for å slå kommunen saman med Sogndal, Balestrand og Vik til Sogn kommune.

– Kuttet vil bety færre barnehageplassar, at det blir vanskelegare å få sjukeheimsplass og mindre vaksne i skulen; folk vil merka det på kroppen, seier Odd.

Liv Signe Navarsete

ÅTVARAR: – Rapportar om kommunesamanslåing viser at dei tidlegare kommunesentera har stagnert eller gått tilbake, seier Liv Signe Navarsete, stortingsrepresentant (Sp).

Foto: Jan Kåre Ness, Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

– Det er trist at Regjeringa har lukkast med å få fleirtal for eit inntektssystem som skremmer ordførarar og andre til å slå seg saman, seier stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp).

Navarsete vil ikkje meina noko konkret om kommunesamanslåinga i Sogn. Men ho likar ikkje at inntektssystemet – som kan endrast med eit anna fleirtal i Stortinget – blir så vesentleg i kommunesamanslåingsdebatten:

– Eg vil iallfall håpa at folk tenkjer gjennom dei langsiktige konsekvensane og til dømes ser kva som har skjedd etter kommunesamanslåingane i Danmark, seier kommunereformskeptikaren frå Sogndal og Lærdal.

– Tenk på naboen

I tillegg til Leikanger, er det Sogndal som vil få mindre pengar frå staten. Dei andre sognekommunane som har folkerøysting i dag, vil få omtrent like mykje som i dag (sjå faktaboks).

– Me ønskjer samanslåing for å skapa ei større vekstkraft i Sogn og sikra kompetansearbeidsplassane på Leikanger som er i spel, seier ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal.

Kåre Træen, prosjektleiar for kommunereforma hjå Fylkesmannen, meiner nettopp at kommunane ikkje berre må tenkja på seg sjølv, men òg på nabokommunen og fellesskapen:

Kåre Træen

KAN OPPRETTHALDA TILSKOT VED SAMANSLÅING: – For kommunane som ikkje får kutt, er det viktig å tenkja på dei som får reduksjonar, seier Kåre Træen hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Ved ei samanslåing vil kommunane få inndelingstilskot. Då vil dei bevara rammetilskotet som i dag i 15 år og med ei femårig nedtrapping.

– Sårbare småkommunar

Balestrand og Vik er to av kommunane som ikkje får mindre pengar. I desse kommunane har fleire politikarar difor meint at inntektssystemet som eit argument for å slå seg saman, dermed fell vekk.

– Det er feil at inntektssystemet gjer at me får det betre – det blir status quo viss ein tek med prisveksten, seier ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand.

– Men vil Balestrand stå betre rusta til å bevara skular og sjukeheimar i ein storkommune med Sogndal som kommunesenter?

– I forhandlingane har vilkåret vårt vore at me framleis skal ha det me har, og me har fått forsikringar på det gjennom intensjonsavtalane, seier Offerdal.