Hopp til innhold

Dei meiner storkommune kan tryggje arbeidsplassar

– Det er urovekkjande at det må setjast i gang så omfattande reformer for å løysa noko som ikkje er noko problem, svarar ordførar Ivar Kvalen (Sp) i Luster.

Tore Thorsnes og Anne Karin Hamre

STOR-SOGN: Direktør Tore Thorsnes i Nav Sogn og Fjordane og fylkesmann Anne Karin Hamre meiner at ein storkommune i Sogn vil verka som ein buffer mot sentralisering av statlege arbeidsplassar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ein fjerdedel av dei yrkesaktive i Luster pendlar til Sogndal og Leikanger, men i Luster er motstanden mot samanslåing med nabokommunane bastant. Det gjer fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre, uroleg.

– Det er viktig at alle kommunane i Sogn ser at desse arbeidsplassane er viktige for dei. For me heng tett saman i Sogn og utgjer eitt bu- og arbeidsmarknadsområde på nesten 30.000 innbyggjarar.

1482 arbeidsplassar

1482 statlege/fylkeskommunale arbeidsplassar ligg i dag i Sogndal og Leikanger. Mange av desse nøkkelinstitusjonane – som Høgskulen i Sogn og Fjordane, NAV, fylkeskommunen og Fylkesmannen – er i spel og kan i ytste konsekvens bli sentraliserte vekk. Hamre trur større kommunar kan verka som ein buffer mot sentralisering.

Nav Sogn og Fjordane

STATSKJEMPE: Regionnivået i Nav er i spel, noko som legg press på Nav i Sogn og Fjordane. Ved statsetaten i Leikanger er dei urolege for ei sentralisering.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Berre i Nav på Leikanger arbeider 163 menneske. Å tryggja desse arbeidsplassane er enklare med ein vertskommunen på 20000 innbyggjarar enn på vel 2000, som i dag, seier direktør for Nav Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes:

– Sjølv om Nav i Sogn og Fjordane har fått god utteljing – med ei landsdekkjande eining med 104 tilsette (Nav økonomiteneste), er arbeidsplassen under stadig press, fordi ein ønskjer å sentralisera oppgåver inn mot Oslo og sentrale strok.

Samanslåing i stampe

I Sogn går arbeidet med kommunereforma sakte. Ein viktig grunn til det er at Luster ikkje ein gong vil vera med på uforpliktande sonderingsmøte med nabokommunane, og det sjølv om altså 638 lustringar pendlar til nettopp Sogndal og Leikanger.

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen og ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, under møte i Sogn Regionråd.

KJØPER IKKJE ARGUMENTA: – Det er urovekkjande at ein må setja i gang ei omfattande kommunereform for å løysa noko som ikkje er noko problem. Her frå eit møte i Sogn regionråd.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ordførar Ivar Kvalen (Sp) i Luster avviser at dei må blei med i ein storkommune til for å tryggja arbeidsplassane i nabokommunane.

– Det er jo heilt uproblematisk å halda fram med ein modell med eit Kommune-Noreg som gir innbyggjarane gode tenester samstundes som ein har eit bu- og arbeidsmarknadsområde og støttar opp under dei offentlege arbeidsplassane.

– Folketalet meir avgjerande

Når Regjeringa skal plassera nye statlege arbeidsplassar og flytta rundt på eksisterande, legg dei i dag meir vekt på folketalet enn tidlegare, meiner både Hamre og Thorsnes. Eit døme er konsulentselskapet Oslo Economics sin rapport frå 2013 om kvar ei statleg valeining bør liggja. Konklusjonen var at det nye direktoratet burde liggja i Groruddalen, og ikkje i Leikanger.

– Dei såg ikkje på heile bu- og arbeidsmarknaden Sogn, men berre på Leikanger og la vekt på at kommunen hadde få innbyggjarar og blei for liten, seier Hamre.

– Då er det haldningane i sentralmakta ein må gjera noko med. Stortingsrepresentantane, fylkestinget og me andre politikarar må seia klårt ifrå om at dette går fint an å løysa uavhengig av kommunesamanslåing, repliserer Kvalen.