I fire månader har tolv arkeologar grave i store deler av området der den ferjefrie vegen mellom Bergen og Stord i Vestland er planlagt.
Arbeidet må gjerast før det omstridde ferjefri-prosjektet, til over 38 milliardar kroner, kan byggjast. Statens vegvesen er pliktig til å undersøke for kulturminne før dei byggjer store vegprosjekt.
Vegen skal korta køyretida mellom Bergen og Stavanger til rett over to timar.
– Per i dag har me funne 87 buplassar frå steinalderen berre her i Tysnes kommune. Den aller siste tikka inn no nyleg, seier arkeolog og seniorrådgjevar Øystein Skår i Vestland Fylkeskommune.
Fleire av funna arkeologane har gjort over er 10.000 år gamle. Då var livet i stor grad konsentrert ved sjøen.
Her grev arkeologar i bakken for å leita etter gamle skattar
Dei fann masse. Mellom anna denne pilspissen frå steinalderen, som nok har vore brukt til storviltjakt.
Foto: Vestland FylkeskommuneDenne glassperla kjem frå litt nyare tid, cirka år 600 e.Kr.
Foto: Vestland fylkeskommuneFragment av bergartsøks frå yngre steinalder.
Foto: Vestland fylkeskommuneDette er ein flekkekniv av flint. Den eine eggen er godt brukt.
Foto: Vestland fylkeskommuneHar lagd reiskap
Han leiar arkeologteamet. Dei grev i Bjørnafjorden, Tysnes og Stord. På jakt etter spor av menneske mange tusen år tilbake i tid.
I kommunen Tysnes var det ikkje registrert meir enn sju buplassar frå steinalderen før arkeologar starta.
Men no har den eine etter andre skatten dukka opp frå jorda. Både pilspissar, smykke og andre gjenstandar er funne.
– Me ser mellom anna etter avfall frå produksjon av reiskap. Når me finn flint, som ikkje naturleg høyrer heime her, reknar me det som eit bevis på busetnad og produksjon av reiskap i steinalderen, forklarar Skår.
Øystein Skår (t.h) og kollega Joakim Antonesen i gang med å undersøka funn. Tidvis har store mengder knott vore den største utfordringa.
Foto: Olav Røli / NRKHistorisk rekord i funn
I utgravingsområdet på Tysnes er det også funne store mengder av bergarten rhyolitt. Dette er ein bergart som har liknande eigenskapar som flint, og som var vanleg å bruka for folk på Vestlandet i steinalderen.
Alle funn arkeologane gjer vert registrert på kart. Deretter vert gjenstandar teke vare på, og katalogisert av Universitetsmuseet i Bergen.
Øystein Skår fortel at dei ikkje tenkjer på den planlagde vegen, men på arbeidet dei skal gjera.
Foto: Olav Røli / NRK– Det har vel aldri vore eit prosjekt som har avdekt så mange lokalitetar som dette, nei, seier Leif Inge Åstveit, prosjektleiar for arkeologiske undersøkingar ved museet.
Stort tal av historiske funn vil medføra at det må gjennomførast større arkeologiske utgravingar i området der vegen er planlagt. Dette gjorde ein mellom anna i Sotrasambandet i Bergen.
Men det får liten innverknad på kvar vegen skal gå, eller tidsplan, følgje Åstveit.
– Utgravingar vil ikkje ha noko å seia i det heile. Me vil stort sett vera ferdige før anleggsarbeidet startar uansett, seier han.
Undersøkjer traseen
Ellen Njøs Slinde er planleggingsleiar for Hordfast i Statens vegvesen. Ho fortel at dei hadde venta å finna mange kulturminne i dette området, sidan det ikkje var undersøkt tidlegare.
– Utgravingane gjev oss mykje ny kunnskap om den eldste busetnaden på Vestlandet og i Tysnes kommune. Og arbeidet kan medføra justeringar av veglinja innanfor planområdet for ny E39 over Tysnes, seier ho.
Statens vegvesen skal senda sitt forslag til statleg reguleringsplan for Hordfast over til departementa i løpet av vinteren. Deretter skal det ut på høyring.
Hordfast er inne i Nasjonal Transportplan 2022–2033
Brua over Bjørnafjorden, mot Tysnes, skal vera fleire kilometer lang. Ho skal erstatta ferjetur på om lag 50 minutt mellom Bergen og Stord.
Foto: Statens vegvesen