Hopp til innhold

Fylkesmannen: Hastar å fange dei rømde laksane

Det har gått over ein månad sidan 17.000 laksar rømde frå eit slakteri i Sognefjorden. No hastar det å fange dei for å hindre at villaks i fylket blir øydelagd, meiner Fylkesmannen.

Harpunfiske i Årøyelva

HARPUNFISKE: Fleire stader tek dei i bruk harpun for å fiske etter den rømde oppdrettslaksen.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Fisken som har rømt frå slakteriet har gått opp i fleire elvar, både innover i Sognefjorden, men vi har også hatt gjenfangst lenger nord i fylket, seier John Anton Gladsø hjå Fylkesmannen.

Det er ein dryg månad sidan dei 17.000 laksane fann ei opning i ein stor merd ved Slakteriet Brekke i Gulen. Dei sumde ut og har no spreidd seg til mange ulike fjordarmar og elvar i fylket.

Fylkesmannen har gjeve ulike elvelag løyve til å sjekke sine elvar og fange dei oppdrettslaksane dei finn.

– I tillegg har Fiskeridirektoratet gitt pålegg til slakteriet om å undersøke ulike elvar i sognefjordsystemet, seier han.

Gladsø seier at dersom kjønnsmoden oppdrettslaks går opp i elvane, vil den kunne gyte med villaksen.

John Anton Gladsø, seniorrådgjevar hjå Fylkesmannen

HASTAR: John Anton Gladsø hjå Fylkesmannen seier at rømt oppdrettslaks som blandar seg med villaks kan føre til feilvandring, altså at villaks ikkje finn tilbake til elva si.

Foto: Privat

– Det vil påverke den ville fisken. Dei kan kome til å gyte saman, og genane frå oppdrettsfisken kan då gå til villfisken.

– Hastar det å få opp fisken før han får blande seg med villaksen?

– Ja, det er ein stor fordel å få dei opp.

Kan bli færre villaksar

Både veksten og alderen til villfisken kan bli påverka, men også tilbakevandringa til elvane dei kjem frå, seier Gladsø.

– På sikt kan ein få ein nedgang i villakspopulasjon i dei elvane.

Dei rømde laksane frå Gulen har altså spreidd seg til andre stader enn berre Sognefjorden. I elva Nausta i Naustdal har dei allereie fiska opp fleire som stammar frå slakteriet.

Laks med harpun

BLINKSKOT: Så lenge det ikkje er for mykje villaks i elva, vert harpun ofte sett på som ein effektiv metode å ta ut oppdrettslaksen på.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

– Dei siste to vekene har det kome oppdrettslaksar til Nausta, seier Eiliv Erdal i elveeigarlaget der.

– Viss noko av denne fisken er gytemoden, så er det potensielt katastrofalt for enkelte vassdrag.

Erdal understrekar at i Nausta er dei relativt heldige. Der har bestanden villaks vore høg. Men han er særleg uroa for både Flåmsvassdraget og Lærdalselvi der villaksbestanden er meir truga. Fylkesmannen stengde tidlegare i år fisket etter laks og i Flåmselvi.

Nullvisjon

For ei veke sidan sa fiskeriministeren at han krev ein stopp i lakserømmingar. Til no i år har nesten 300.000 laksar rømt i heile Noreg.

– Eg vil sjå handling frå næringa. Eg ønsker svar på kva konkrete tiltak dei meiner vil få ned talet rømmingar – raskt, sa Harald Tom Nesvik (Frp) til NRK.

Robert Eriksson i Sjømatbedriftene svara då at dei skal ta tak i problemet. Saman med tre andre organisasjonar la dei fram fleire ulike tiltak.

– Næringa er heilt avhengig av å få kontroll på fisken og få redusert rømmingane. Gjennom desse tiltaka viser vi at ein nullvisjon ikkje berre er ord, seier Eriksson.