Hopp til innhold

Full strid om sjukepleiarar er løysinga på fastlegekrisa

Regjeringa undersøkjer om sjukepleiarar kan overta delar av jobben til fastlegar. – Sjukepleiarar er ikkje løysinga på fastlegekrisa, svarer legeforeininga.

sykepleiere radium illustrasjonsfoto

SAMARBEID: – Tettare samarbeid mellom sjukepleiarar og legar er eitt av svara for å løyse fastlegekrisa, seier forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen i Norsk Sykepleierforbund.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

I 2018 lanserte helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) ei forsøksordning der sjukepleiarar kunne avlaste fastlegen.

Bakgrunnen for ordninga var den såkalla fastlegekrisa som den gongen sa at 100.000 nordmenn manglar fastlege.

Sidan har Helsedirektoratet oppjustert talet til 175.000, medan Allmennlegeforeningen hevdar det reelle talet er 235.000.

Blant dei som vart med på pilotordninga var Eid legekontor i Stad kommune, som gjennom fleire år har hatt store problem med å tiltrekkje seg nok fastlegar.

Ordførar i kommunen, Gunnar Silden (V), har blanda erfaringar med primærhelseteam, som pilotordninga heiter.

Sjukepleiarane kan avlaste fastlegane på ein del oppgåver, men dei kan i svært lita grad ta over det faktiske medisinske ansvaret, seier han.

Konklusjonen er i tråd med ein evalueringsrapport av ordninga, som viser blanda resultat.

I rapporten svarer eit fleirtal av sjukepleiarar og helsesekretærar at ordninga frigjer tid for fastlegane.

Medan eit mindretal av legane (41 prosent) svarte det same.

Førestillinga om at sjukepleiarar er nøkkelen til å løyse fastlegekrisa er likevel populær på Stortinget (sjå under), og i handlingsplanen for fastlegeordninga (frå 2020) er partane samde om at meir teamarbeid er blant løysingane.

Gunnar Silden

Ordførar i Stad, Gunnar Silden (V), har blanda erfaringar med forsøksordninga der sjukepleiarar avlastar fastlegen.

Foto: Jon Frogner

For å løyse fastlegekrisa må vi tenkje nytt

På same tid vurderer eit hurtigarbeidande ekspertutval «om det er oppgåver som kan løysast av anna personell under leiing av fastlegen, eller om det er oppgåver som kan flyttast ut av ordninga.»

Ekspertutvalet, som er utnemnt av regjeringa, skal levere første rapport innan 1. desember.

For å løyse fastlegekrisa må vi tenkje nytt, og vi må ta nye grep. Vi kan ikkje halde fram i same spor og håpe situasjonen løyser seg over tid, seier Ole Henrik Krat Bjørkholt (Ap), som er statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet.

I ein kronikk i Bergens Tidende skriv Jon Wicklund at føresetnaden for å løyse fastlegekrisa er at profesjonskamp, laugmentalitet og revirmarkering vert sett til side, og at «syndikatet» som er staten, KS og Legeforeininga ikkje saboterer for utviklinga.

Nordfjordeid

Blant dei som vart med på pilotordninga i 2018 var Nordfjordeid (bilete), som gjennom fleire år har hatt store problem med å tiltrekkje seg nok fastlegar.

Foto: Stad kommune

Tilsvarande signal kjem frå stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V), som tidlegare var ordførar i «pilotkommunen» Stad.

Til NRK seier han at det «generelt er svært vanskeleg å få debatt om korleis ulike yrkesgrupper i helsevesenet kan avlaste kvarandre» og at det er «mykje gamle revir som er vanskelege å endre».

Det same seier Sjukepleiarforbundet.

Tettare samarbeid mellom sjukepleiarar og legar er eitt av svara for å løyse fastlegekrisa, seier forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen i Norsk Sykepleierforbund.

Ho legg til:

Det blir fleire eldre, og mange av desse vil trenge meir helsehjelp. Derfor treng vi nye løysingar med fleksibel bruk av helsepersonell. I dag er både økonomiske og strukturelle barrierar til hinder for betre løysingar.

Sjukepleiarar er ikkje løysinga på fastlegekrisa

Nils Kristian Klev er leier for Allmennlegeforeningen.

Sjukepleiarar er ikkje løysinga på fastlegekrisa, seier han.

Han viser til responsen frå deira eigne medlemmar som seier at praksisen med primærhelseteam kostar like mykje som han smaker.

Oppgåvene som tek kortare tid vert ete opp av andre oppgåver som tek lengre tid.

Han er med på at delar av arbeidskvardagen til ein fastlege handlar om å lytte, og at dette ikkje krev strenge kvalifikasjonskrav, men presiserer at lyttinga handlar om å identifisere diagnosar og sjukdom og at dette i sin tur krev spesiell kompetanse.

I ein rapport frå mars 2022 konkluderer Helsedirektoratet med at planane som i dag ligg føre «ikkje er tilstrekkeleg til å løyse utfordringane».

Helseminister Ingvild Kjerkol til Kristiansund sjukehus

– For å løyse fastlegekrisa må vi tenkje nytt, og vi må ta nye grep, svarer Helse- og omsorgsdepartementet. Her ved statsråd Ingvild Kjerkol (Ap).

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Må opprette medisinstudium i Stavanger

KrF-leiar Olaug Bollestad seier til NRK at det hurtigarbeidande ekspertutvalet som skal levere ein rapport innan desember ikkje arbeider hurtig nok.

Vi veit kva som trengst for å byrje å sikre fastlegeordninga, og det er ikkje tid til å vente på endå eit utval, seier ho.

Blant tiltaka ho ynskjer seg er eit medisinstudium på Universitetet i Stavanger for å utdanne fleire legar, og å «sikre betre samspel ut i kommunane allereie under studieperioden».

I tillegg må vi styrkje arbeidsdelinga.