Hopp til innhold

Staten vil ikkje reversere omstridd turnuskrav

Helsedepartementet vil ikkje endre på regelen som gjer at danske legar flyttar frå Noreg. På same tid er det strid om regelen bryt med EØS-avtalen.

Lege: Abdinasir Hussein

FRUSTRERT: Nytt regelverk gjer at den danske legen Abdinasir Hussein kan måtte reise frå landet i mai.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Vi jobbar systematisk med forslag til korleis vi kan forbetre fastlegeordninga, men vi kan ikkje løyse det ved å lempe på kvaliteten til spesialistutdanninga, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Ole Henrik Krat Bjørkholt (Ap).

Med det parkerer han håpet til den danske legen Abdinasir Hussein, som jobbar som lege i Førde. Enn så lenge.

For i mai er det slutt.

Forklaringa er ein ny regel frå 2019 som ikkje godtar hans danske turnusteneste, men krev at han også gjennomfører ein norsk turnus.

– Eg tykkjer det er rart når vi samstundes snakkar om ei fastlegekrise, seier han.

NRK har dei siste vekene fortalt om fleire danske legar som vurderer å flytte eller allereie har reist attende til heimlandet på grunn av det nye kravet.

– Absurd og eit eksempel på at styresmaktene ikkje forstår kva det er bruke sunn fornuft, seier Jørgen Skavlan, også kjent som «Noregs mest populære fastlege».

I alt er det 28.659 yrkesaktive legar i Noreg under 70 år (per 20. april 2020). Nesten halvparten av desse (43,5 prosent) er utdanna i utlandet.

Ingvild Kjerkhol

IKKJE KVALITETEN: – Eg ønsker å understreke at denne situasjonen ikkje har oppstått fordi det er tvil om kvaliteten på dei danske medisinutdanningane, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Kan vere i strid med EØS-avtalen

Regelendringa er motivert av eit ønske om å heve kompetansen blant legar i spesialisering «sidan kommunane må yte meir komplekse helse- og omsorgstenester».

Men motstanden er stor, og blant legar i førstelinja vert det hevda at «vi har ikkje råd til å stille slike formalkrav» og at «det beste vert det godes fiende».

Legeforeningen har difor bedt helsemyndigheitene om å endre praksis.

I tillegg til å drive politisk påverknad har dei utfordra departementet på det juridiske grunnlaget for den nye praksisen.

Legeforeningens påstand er at det nye kravet strider med EØS-avtalen om dei fire fridomar.

– Vi registrerer at departementet ikkje kommenterer dette i sitt svar til oss, seier Kristin Kornelia Utne i Legeforeningen.

Departementet, på sin side, meiner dei har drøfta spørsmålet når dei skriv at «dette (er) ikkje eit spørsmål om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar, men eit spørsmål om akademisk innpassing.»

Statssekretær Krat Bjørkholt utdjupar:

– Det søkjast ikkje om tilgang til eit lovregulert yrke, men om å kome inn på ein spesiell stad i spesialistutdanninga. Akademisk godkjenning er verken regulert av direktivet eller av EØS-avtalen.

Dei reelle kvalifikasjonane som skal leggjast til grunn

Hilde Ellingsen, partnar i Advokatfirmaet Lund & Co, er ekspert i EØS-rett.

Det er klar praksis frå EU- og EFTA-domstolen at kvalifikasjonar erverva i andre EU/EØS-statar skal bli godkjent i den grad dei svarer til det som krevjast i Noreg. Det er dei reelle kvalifikasjonane til søkaren som skal leggjast til grunn, uavhengig av formelle merkelappar, seier ho.

Senioradvokat og EØS-ekspert Dag Sørlie Lund viser til ein fersk uttale frå EFTA-domstolen i den såkalla Lindberg-saka (som gjeld tannlegeutdanning).

Der går det klart fram at det skal skje ein konkret vurdering i kvart enkelt tilfelle, seier han.

Og om utdanninga ikkje er lik nok, må staten grunngje kva som eventuelt manglar.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) har tidlegare sagt at ho vil «understreke at denne situasjonen ikkje har oppstått fordi det er tvil om kvaliteten på dei danske medisinutdanningane».

Kristin Kornelia Utne

I STRID: Legeforeningens meiner kravet om «LIS1» strider med EØS-avtalen. – Vi registrerer at departementet ikkje kommenterer dette, seier Kristin Kornelia Utne i Legeforeningen.

Foto: Michaela Klouda / Yngre legers forening

– Respektlaust overfor danske legar

I alt er det 130.000 nordmenn som manglar fastlege, og halvparten av kommunane seier at dei har store utfordringar med å skaffe nok helsepersonell.

Kommuneoverlege i Høyanger, Kristine Brix Longfellow, stiller seg uforståande til det som skjer.

– Her har dei gjort noko som ikkje er gjennomtenkt i ein periode med fastlegemangel. Dette er respektlaust overfor danske legar med god erfaring og kompetanse, seier ho.

Hei!

Har du tanker om saken du har lest, eller innspill til noe jeg bør vite om? Send meg en e-post!