Hopp til innhold

Fryktar for ras kvar gong det regnar

JØLSTER (NRK): Etter ekstremvêret 30. juli fryktar mange av innbyggarane på Vassenden i Jølster nye ras kvar gong det regnar mykje.

Ellinor Østenstad

UTRYGG: Ellinor Østenstad likar seg ikkje lenger når det regnar i Jølster.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er utriveleg. Berre det byrjar å regne mykje så vert ein utrygg. Ein går liksom berre og ventar på at det skal gå eit nytt ras, seier Ellinor Østenstad.

30. juli i år var 150 personar evakuerte, og kommunen vart delt i to av ei rekke ras. Denne helga vart Jølster igjen hardt råka då kraftige regnbyer kom inn over Vestlandet. Laurdag kveld vart E39 stengd på grunn av ras, og NVE har vurdert faren for flaum og flaumskred til å vere på oransje nivå.

– Då vêrmeldingane kom så tenkte eg det verste. Eg tenker på ras når det kjem så mykje vatn, seier Østenstad.

Flyttar heimanfrå.

Østenstad er ikkje åleine. Bernt Kjøsnes er næraste nabo til Årsetelva som i sommar kløyvde bygda i to. Laurdag tok han ingen sjansar og flytta heimanfrå med familien, medan uvêret står på.

– Det er ikkje noko kjekt å ha det hengande over seg kvar gong det regnar kraftig at du må tenke deg om og reise ut av huset, sa Kjøsnes då til NRK.

Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg seier at hendingane 30. juli i år har sett ein støkk i mange av innbyggarane.

– Dei har opplevd noko svært dramatisk, og når det no igjen kjem mykje nedbør og vatn så kjenner dei på ei reell frykt for det som kan skje, seier Klakegg.

Jon Georg Dale og Oddmund Klakegg i rasområdet i Jølster

NEDBØR: Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) her saman med samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) under ei synfaring i rasområda i Jølster i sommar

Foto: Bård Siem / NRK

Køyrde med hjarte i halsen

Då uvêret starta laurdag kveld var Østenstad på Skei. Heile vegen heim til Vassenden køyrde ho med hjarte i halsen. Fleire var det kome ned stein og vatnet gjekk over vegbana.

– Eg var redd heilt frå eg køyrde frå Skei og til eg var komen heim. Det var ikkje noko kjekt. Eg var glad eg hadde folk med meg i bilen, slik at eg slapp å vere åleine, seier Østenstad.

Ho rakk akkurat heim før vegen vart stengd på grunn av ras.

– Då var eg glad eg hadde parkert og var komen heim. Søstera mi skulle til Florø, men det fekk ho ikkje lov til. Ho fekk pent overnatte her.

Etter hendingane 30. juli i år fortel ho at søv dårleg når det regnar mykje.

– I natt vakna eg av torevêret, og trudde det gjekk ras.

– Det gjorde du ikkje tidlegare?

– Nei, ikkje før etter 30. juli. Etter det er det ikkje kjekt. Spesielt om kvelden og på natta når det er mørkt. Då har du ikkje kontroll på kva som skjer ute. Det er utriveleg, seier Østenstad.