Hopp til innhold

E39 er vaska vekk – fleire personar innestengde

Fleire jordras stenger E39 mellom Førde og Skei i Jølster. Over 150 personar skal vere evakuerte.

ENORME JORDMASSAR: Fleire jordras sperrar vegen på E39 mellom Førde og Skei i Jølster. Video: NRK-tipsarar

Det er meldt om fleire jordras på E39 i Jølster tysdag ettermiddag. Det har gått hardt utover E39 ved Svidalsneset og Årsetbakkane på Vassenden. Kraftig uvêr har ført til at fleire elvar har vakse seg store og vaska bort både veg og bruer.

Jordmassar ved Svidalsneset

SPERRAR VEGEN: Minst 15 bilar er innesperra mellom to jordras like ved Svidalsneset på Jølster.

Foto: NRK-tipsar

Store tre, røter og steinar har kome ned i vegbana.

Brannvesenet melder om at ei hytte i same område er teken av jordmassane. Det var ikkje folk eller dyr i hytta. Tre hus i nærleiken er evakuerte.

Jordmassar kløyvde bustadfelt i to

Årsetbakkane på Vassenden har fått store jordmassar gjennom byggefeltet.

– Vatnet har grave opp Årsetelva. Den er ikkje til å kjenne att. Det er store mengder jord, stein og tre som har velta utover Årsetbakkane og renn nedover mot E39, seier eit augevitne til NRK.

Vassenden ras

STORE SKADAR: Byggefeltet Årsetbakkane på Vassenden er ikkje til å kjenne att.

Foto: Hallstein Dvergsdal

Gerd Gjesdal og Randi Gjesdal Fagerheim vart vitne til at eit nabohus nesten vart teke av den flaumstore elva.

– Det braka laust og så kom det. Eg såg ein mørk vegg kome nedover. Eg såg føre meg at alle husa ville ryke, fortel dei.

– Det var grusomt, legg dei til.

Brannvesenet: Ber folk halde seg heime

Då NRK snakkar med vaktleiar Jan-Gunnar Holvik hos Alarmsentralen like før halv seks fortel han at alt brannmannskap i Jølster har rykka ut. I tillegg får dei hjelp frå mannskap i Førde.

– No jobbar vi med å få tak i båtar slik at vi kan få evakuert dei som sit i bilane som er innesperra mellom dei mange rasa.

Også i Bjørkelia på Vassenden har dei fått inn telefon frå ein bil som er innesperra, men det skal ikkje vere fare for dei som er i bilen.

Holvik seier at dei ikkje har fått meldingar om personar som er skadde, men at det er gjort store skader på vegar og bruer i området.

Ras Jølster 4

ENORME KREFTER: Jordmassane har gjort store skader på Vassenden i Jølster.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Holvik har ei oppmoding til alle som bur i området eller som har tenkt å køyre E39 mellom Førde og Jølster.

– Hald deg i ro. Alt er uansett stengt.

Hovudredningssentralen har sendt redningshelikopter til staden, men måtte snu på grunn av regn og lyn.

Innesperra mellom to ras

Terje Mårstøl sit i den eine av dei 15 bilane som er innesperra mellom to ras på E39 aust for Vassenden i Jølster.

På veg austover langs Jølstravatnet køyrde han inn i eit valdsomt uvêr med torevêr, sterk vind og kraftig retning. Brått var vegen framfor han sperra store tre, steinar og røter som vatnet hadde teke med seg nedover elva.

– Eg tenkte eg skulle snu då eg kom til det siste raset, og køyre ned att til Vassenden. Men då trefte eg på eit ras som var endå større. No er vi 15 bilar som er fanga mellom rasa.

– Det er ikkje krise for oss som står her, men vi kjem oss ikkje herifrå før det kjem maskiner på plass for å få rydda rasa. Det er ikkje råd å køyre gjennom med bil, fortel Mårstøl.

Fleire personar i området er utan straum. Informasjonssjef i Telenor, Roald Orheim, fortel at eit fiberbrot rammar 500 personar i området. Ifølge Sunnfjord Energi er 1500 utan straum.

jordskred

KAOTISK: Store tre, røter og steinar har kome ned i vegbana.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Politiet: Jobbar med evakuering

Politiet har motteke opplysningar om fleire mindre ras i Jølster – i nærleiken av dei to nemnde stadane. Mellom anna ved kyrkja på Ålhus.

John Olav Aase i politiet fortel til NRK at personar som er innesperra mellom rasa vil bli evakuerte med båt.

– Dette er svært alvorleg. Det kunne fort ha gått liv, legg han til.

Over 150 personar skal vere evakuerte frå heimane sine. Dei er samla i ungdomshuset Gjesthalla, Vassenden skule og Skei hotell. Jølster kommune ber alle som har spørsmål om å ta kontakt med ein av desse stadane, på grunn av problem med mobildekninga i området.

– Vi jobbar med å få på plass mat og drikke til alle dei evakuerte, seier varaordførar i Jølster kommune, Jakob Andre Sandal.

Dersom nokon ynskjer kontakt med desse stadane bør dei kontakte politiet på telefon 02800. Det er dessutan mogleg å møte direkte på stadane for kontakt med politiet.

Jølster kommune har oppretta eit pårørandenummer. Det er 57 72 61 00.

Ras Jølster 4
Foto: Linda Olin Reite / NRK
Store nedbørsmengder har ført til jordras og flaum i Sunnfjord. Fleire ras har gått over E39, og vegen er stengd.