Kraftig uvêr venta inn over Vestlandet – no evakuerer Bernt familien

VASSENDEN (NRK): Elva knuste seg nedover fjellsida i juli. Nå frykter Bernt Kjøsnes og familien ny flaum og har evakuert vaksne og barn frå heimen sin på Jølster.

Bernt Kjøsnes og familien evakuerert på Jølster

MÅ REISE FRÅ HUSET: Bernt Kjøsnes og familien har fått beskjed om at det er tryggast å evakuere laurdag kveld.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

– Det er ikkje noko kjekt å ha det hengande over seg kvar gong det regnar kraftig at du må tenke deg om og reise ut av huset, seier Bernt Kjøsnes til NRK.

Saman med sambuar og tre born er han laurdag ettermiddag på veg vekk frå Årsetbakkane på Vassenden i Jølster. Huset deira ligg heilt på kanten av den frykta Årsetelva, som i sommar kløyvde bygda i to.

– Det er ikkje nokon ønskesituasjon, men vi må berre ta dei forholdsreglane vi kan i denne fasen her, seier Kjøsnes.

Han har laurdag blitt kontakta av både kommunen og NVE om det kraftige uvêret som er på veg innover Vestlandet. Det er venta opp til 150 milliometer nedbør på 24 timar og dermed stor fare for jordras.

KRAFTIG UVÊR: Statsmeteorolog Kristian Gislefoss om vêrsituasjonen på Vestlandet laurdag kveld og søndag.

Etter skadeflaumen i slutten av juli har NVE starta opp eit omfattande arbeid med å sikre eigedomane langs Årsetelva, men det er ikkje fullført.

– Vi har blitt råda til å evakuere. Eg forstår at det tar tid å få sikra opp langs elva. Dei gjer det jo grundig no når dei først held på. Eg er veldig glad for den jobben dei gjer, slår Kjøsnes fast.

Oddmund Klakegg er ordførar i Jølster kommune. Han er klar til å setje kommunen i beredskap dersom noko alvorleg skulle skje.

– Vi avventar førebels, seier Klakegg.

Politi, helse og NVE har alle auka beredskapen i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal aurdag kveld. Frykta er at dei store vassmengdene skal føre til situasjonar der det er fare for liv og helse.

– Vi har mottatt melding frå NVE om at flaumvarselet på oransje nivå er utvida til òg å omfatte Hordaland. Det er mest midtre og indre strok som er utsett. Det er framleis usikkerheit knytt til både temperatur- og nedbørsutviklinga, skriv beredskapssjef Haavard Stensvand i ei melding laurdag kveld.

Værsituasjonen på Vestlandet 14. september
Foto: met.no / @meteorologene