Hopp til innhold

Fryktar dopbruken blomstrar opp att

Politiet i Førde har pågripe tre unge gutar frå Sunnfjord for import av dopingmiddel. – Eg er ikkje overraska, seier Bjarte Hauge, leiar for antidopingarbeidet i Førde idrettslag.

Jan Egil Tvinde og Bjarte Hauge

UROA: Leiar for antidopingarbeidet i Førde idrettslag, Bjarte Hauge (t.h.) er uroa for dopbruken i Sunnfjord. Nyleg pågreip politiet i Førde tre unge menn for innførsel av dopingmiddel.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Politiet meiner den importerte dopingmengda var til eige bruk. Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, seier saka framleis er under etterforsking.

– Vi har gode erfaringar med kontraktar for å få ei god utvikling. Det er ein avtale om oppfølging, så slepp dei bøter og straff, seier Tvinde.

Ikkje overraska

Pågripinga overraskar ikkje Bjarte Hauge, leiar for antidopingarbeidet i Førde idrettslag. Fem år etter at eit stort dopingnettverk vart rulla opp i Sør-Norge, er han uroa for at bruken er i full framgang att.

I 2007 vart 63 personar pågripne, og narkotika og dopingmiddel til ein verdi av nær 60 millionar kroner, vart beslaglagt. Dei aller fleste pågripne var i Sunnfjord. I januar fall den siste domen i sakskomplekset .

– Det eg får høyre, og det stadfestar at tre nye er pågripne, er at det byggjer seg opp eit miljø der ungdom føler det er rimeleg trygt og fri flyt. For det blir ikkje sett noko trykk på anna enn bakmenn, seier Hauge.

Meir fokus mot brukarar

Hauge meiner ein, i tillegg til å fokusere på bakmenn, må halde fram fokuset på brukarmiljøa. Han fryktar opprullinga i 2007 er blitt ei kvilepute.

– No i veka var det ein som tok kontakt med meg og tykte det var ein del på treningssentera i sentrum som raskt auka muskelmasse og styrke. Når ein på kort tid får magerute og musklar som ser ut til å vere teikna på, då er det noko som ikkje stemmer, seier han og legg til:

– Eg trur ein skulle trykt meir på mot brukarar slik at dei føler det ubehageleg. Så kontinuerleg trykk på antidopingseminar og informere om risikoen, seier han.

– Ikkje berre fysisk

Risikoen ved dopingbruk knyter seg ikkje berre til fysiske følgjer. Brennpunkt laga ein dokumentar, «Gutten i speilet», om ein dopbrukar som i løpet av halvanna år tok livet sitt.

– Det er klart at depresjon, angst, empati, medkjensla går ned, og agressjonen aukar. Då blir det risikabelt. Når ein då går til legen og får diverse andre medisinar, fordi ein ikkje har sagt ein brukar dop, då blir det ein rimeleg bra cocktail som påverkar hjernen. Då er det ikkje godt å seie kva som skjer. Det blir risikabelt, seier han.

– Må følgje med

Politiet orienterer onsdag politikarar i Førde, Naustdal, Gaular og Jølster om rusmiddelsituasjonen i kommunane. Etter opprullinga i 2007 tok politiet sjølvkritikk for manglande kunnskap og satsing på området.

I etterkant er eit eige spesialteam oppretta for å mellom anna jobbe med slike saker . Problemet for politiet sin del er at bruk ikkje er ulovleg. Det er derimot ulovleg å selje.

– Det er ikkje bra at det går føre seg, og ikkje bra at det er så lett å få tak i dopingmiddel. Eg håpar det ikkje har utvikla seg i feil retning, men vi må følgje med og ha kontroll på dei, seier Tvinde.

Utfordrande

Prosjekt Gullfugl starta etter at valdsepisodane tok seg kraftig opp i Sunnfjord.

Sidan opprullinga har dette roa seg merkbart, men Tvinde vedgår at det er ei vanskeleg problemstilling å halde kontroll på.

– Uroa mi ligg i at vi er ansvarlege for å halde ro og tryggleik. Dersom noko slikt skulle ta seg opp att, så er det ikkje triveleg å møte på desse ut på natta etter at dei har fått i seg både det eine og det andre, seier han.