Hopp til innhold

Politiet opprettar nye spesialteam

Politiet i Sogn og Fjordane vil bli betre på å etterforske dei store og vanskelege sakene. No opprettar dei to nye spesialgrupper for å vere betre rusta.

Politimeister Johan Brekke

STRAMMAR GREPET: Politimeister Johan Brekke vil stå betre rusta i tøffe saker og opprettar to nye spesialteam.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Frå har er det eit eige økoteam i Sogn og Fjordane politidistrikt.

I tillegg til at dette vert styrka vert det også oppretta eigne team som skal jobbe med organisert kriminalitet og utukt- og familevaldsaker.

– Dette er saker som har høg prioritet, men som i høve til bevis kan vere vanskelege og kompliserte og etterforske, seier politimeister Johan Brekke.

Sjansen for å lykkast vil auke

Politimeisteren strammar med dette grepet om forbrytarane og håpar dei nye spesialteama skal gjere til at det lokale politiet står sterkare når dei står framfor store og vanskelege saker.

Mellom anna nemner Brekke den såkalla Gullfugl-saka som eit eksempel på ei sak der dei såg behovet for eit spesialteam.

I den store doping- og narkotikasaka som blei avdekt i Sunnfjord i 2007 og 2008 vart til saman 63 personar pågripne og saka avdekte eit nasjonalt nettverk.

For å handtere denne typen kriminalitet på ein god måte, har vi funne ut at vi har mykje større sjanse for å lykkast dersom vi samlar folk. Då får vi eit breiare fagmiljø, auka kompetanse og meir erfaring. Vi trur dette vil gjere til at resultatet i sakene våre vert endå betre, seier Brekke.

I høve utukt- og familievaldssaker er desse vanskelege å etterforske fordi det ofte ikkje er vitne.

Lovar framleis fokus på ordinær beredskap

Politimeisteren seier det spesielt er i saker som har eit preg av organisert kriminalitet at spesialteama vil syne seg å vere viktige for å løyse sakene.

– Dette kan til dømes vere større dopingsaker, større narkotikasaker eller saker knytt opp til mobile kriminelle, seier Brekke.

Dei nye gruppene skal vere på plass frå årsskifte og vil til saman sysselsetje 22 personar. Brekke understrekar samtidig at dette ikkje skal gå utover den vanlege beredskapen.

– Desse personane skal ha desse felta som spesialområde, men dei skal også gå vanlege vakter i politidistriktet.