Hopp til innhold

No er alle tiltalte i «Prosjekt gullfugl» dømde

Ein mann frå Austlandet er som sistemann dømd i den store dop- og narkotikaopprullingsaka som blir kalla «Prosjekt gullfugl».

– Dette er den siste saka frå vår side, seier politiadvokat Knut Broberg ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Han var aktor i saka mot mannen i 20-åra som blei dømd til fengsel i tre år. To år og seks månader av straffa er på vilkår. Austlendingen må gjennomføre eit narkotikaprogram og staten har også inndrege 250 000 kroner frå mannen.

63 arresterte

Under den store opprullinga i 2008 blei det beslaglagd narkotika og dopingmiddel til ein gateverdi på 55 millionar kroner. 63 personar blei arresterte i saka som involverte 16 politidistrikt.

Dei heile starta då politiet i Førde såg meir aggressivitet og stadig fleire valdshandlingar i sunnfjordbyen. Dette, samt fleire innleggingar ved psykiatrisk klinikk, meinte politiet å sjå i samband med misbruk av dopingmiddel. Etter opprullinga, har talet på valdssaker blitt halvert i Førde.

Selde til person i fylket

Mannen som nyleg er dømd, var ein av dei over 60 personane som blei arresterte i januar 2008. Han leverte varer til ein mann i Sunnfjord. Broberg ville ikkje kalle austlendingen ein hovudmann, men seier han hadde ei vesentleg rolle.

– Mannen har seld dopingmidlar og legemiddel til ein person i Sogn og Fjordane. Han er dømd for oppbevaring og sal av hasj, ecstasytablettar, anabole stereoidar og legemiddel, seier Broberg.

Fire år før dommen

Mannen var mellom anna tiltalt for å ha seld over 2000 ecstasytablettar til fleire personar, ha seld mange kilo hasj, 16 000 heimelaga Rohypnol-tablettar og legemiddel som Viagra.

Aktor Knut Broberg la ned påstand om fengsel i tre år og ni månader, der eitt år og ni månader var på vilkår. Oslo tingrett la vekt på at mannen hadde tilstått og at det hadde teke fire år frå mannen blei arrestert til saka kom for retten.

– Tingretten har sett på tilståinga og den lange sakshandsamingstida. Dei har lagt meir vekt på det enn påtalemyndigheitene har. Det tek vi til etterretning, seier han.

– Kvifor tok det så lang tid?

– Det var eit stort og omfattande sakskompleks med over 60 personar involverte. Men fire år er for lenge, og det skal komme den tiltalte til gode, seier Broberg.