Hopp til innhold

Politiet taper kampen mot doping

Politet greier ikkje å følgje opp dopingkriminalitet. Det slår ein ny politirapport fast.

Anabole stereoid

Rapporten frå politet vart laga etter at ein av noregshistorias største dopsaker vart rulla opp av politiet i Sogn og Fjordane i fjor. Bilete er frå eitt av beslaga.

Foto: Politiet

Omsetjing av dopingmiddel blir stadig meir utbreidt, men politiet sler sjølve fast at dei ikkje greier å ta dei kriminelle.

– Her må det takast eit ansvar sentralt, seier politimeister Johan Brekke i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Dopingmiddel for vel ein halv milliard kroner vert omsett årleg og ein stadig større del av dette blir produsert i Norge. Det er også meir pengar å hente på sal av dop enn på sal av narkotika.

(Artikkelen held fram under biletet...)

Johan Brekke

Politimeister Johan Brekke i Sogn og Fjordane meiner doping ikkje blir prioritert.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Blir ikkje prioritert

Politimeisteren i Sogn og Fjordane seier omfanget er urovekkjande høgt.

– Dette er eit langt større problem enn eg trudde i utgangspunktet. Innteningspotensialet er veldig stort og risikoen for å bli tatt er liten, seier Brekke.

I den nye landsomfattande rapporten, som er laga av Sogn og Fjordane politidistrikt, kjem det fram at politiet ikkje greier å ta opp kampen.

Politimeisteren meiner politiet har for dårleg kompetanse på området.

– Det er eit området som ikkje er prioritert av politiet. Slik sett forstår eg at det har fått utvikle seg, seier Brekke.

For dårleg kompetanse

Rapporten frå politet vart laga etter at ein av noregshistorias største dopsaker vart rulla opp av politiet i Sogn og Fjordane i fjor.

(Artikkelen held fram under biletet...)

Våpenbeslag i dopingsak

Doping har også samanheng med annan organisert kriminalietet. Desse skytevåpena vart beslaglagde i den store dopingsaka.

Foto: Politiet

Saker vert lagt vekk fordi det er for dårleg kompetanse blant påtalejuristar og politifolk. Brekke meiner dopingkriminaliet rett og slett ikkje er høgt nok prioritert i politiet.

– Dette handlar rett og slett om prioritering. Dette er eit felt som ikkje har vore prioritert; og så lenge feltet ikkje har vore prioritert og etterforska av politiet, får vi heller ikkje kompetanse på feltet, seier Brekke.

I rapporten står det også at omsetjing av doping vert brukt til å finansiere annan organisert kriminalitet. Det er lågare risiko for å bli teken, og blir ein teken kan ein vente seg eit lågare straffenivå.

– Alvorleg

Konklusjonane i rapporten gjer at dagleg leiar Anders Solheim i Antidoping Norge vert uroa.

– Dette er alvorleg. Bruk av anabole steroider fører med seg både psykiske og fysiske biverknader, seier Solheim.

I politirapporten kjem det også fram at ein aukande del av dopingbruken føregår blant kvinner som tek dop for å slanke seg. Anders Solheim fryktar for helsa til mange unge og meiner bruk av doping bør kriminaliserast.

– Vi har tru på lovgjevnad som eit verkemiddel for å bremse misbruket slik at også bruk og besitting blir forbode, seier Solheim.